Dag Solstad påstod at den fantastiske litteraturen «misbruker verden ved ikke å la den komme til syne». Eit meir perfekt utgangspunkt for å påstå det motsette skal ein leite lenge etter.
Skreiv Sapfo1, for over to tusen år sidan, og det er underleg, ikkje uverkeleg, men underleg, å tenke på at ho fanst og såg på månen og Pleiadane og gjekk og la seg i senga åleine, men skreiv desse orda, og at her sit vi, på kritikarseminaret, og blir dregne ut av alt vi dreiv og tenkte eller ikkje tenkte på, og kasta inn i dette diktet, nok ein gong, og kvifor blir vi det, eigentleg? Fordi det kom ein mail til meg ein føremiddag det bles kraftig i Sædalen, der det stod at nokon gjerne ville at eg skulle kome til kritikarseminaret 2026 og halde fram med å snakke om det eg allereie har snakka litt om, forholdet mellom fantasi og verkelegheit, i litteraturen. Vi har lese boka di, Hjartet i skalkeskjulet, stod det, og vi er interesserte i å vite meir om kva du tenker om det du skriv der, om eit skilje mellom kunstnarar som berre hermar verda, og dei som vil skape den. Eg skottar bort på busker som bøyer seg i vinden og trekroner som vaiar medan eg blar opp i Hjartet i skalkeskjulet for å finne ut kva det er eg har sagt om dette, eg er ingen ekspert på fantastisk litteratur, veit eg i det heile kva det er, lurer eg på, og kjem eg til å, i føredraget, å gi ordet fantastisk ulikt innhald alt etter kva samanheng det står i, og bruke det både som eit adjektiv om god litteratur OG som ein slags rotete sjangerklassifikasjon, svaret på dette er nok dessverre ja, og eg finn dette, i essayet om måleria til Nikolai Astrup – dette har eg skrive om meg sjølv i tredjeperson: «Ofte var dei største inspirasjonskjeldene hennar forfattarar eller filmskaparar som braut med ein realistisk framstillingsmåte, kunstnarar som gjennom den kunstnariske metoden sin såg ut til å setje spørsmålsteikn ved kva ei nøyaktig gjengjeving av verda var eller skulle vere for noko, kunstnarar som let det verkelege gli over i uverkelegheit, eller uverkelegheit gli over i verkelegheit.» Dette stemmer. Og den inndelinga mailen viser til, er det Baudelaire som har gjort, i den teksten som kanskje står inst i mitt indre bibliotek av litteraturteori, kalla «Evnenes dronning», der han snakkar om denne «evnenes dronning», altså fantasien. Han skriv der at ein kan dele det han kallar «mennesker som har viet seg til å uttrykke seg kunstnerisk, i to leirer: den ene, som kaller seg selv realistisk (et tvetydig ord, som ikke er blitt klart definert) og som vi vil kalle positivistisk for å karakterisere dens feiltagelse, sier: ‘Jeg vil fremstille tingene slik de er, eller slik de ville være dersom jeg ikke eksisterte.ʼ Universet uten mennesket. Og den andre, fantasiens forkjemper, sier: Jeg vil lyse opp tingene med min ånd og la gjenskinnet nå frem til Om ca. tjuesju minutt vil vi sjå på Dag Solstad, som også gjer ei liknande inndeling, men der konklusjonen dett ned på eit nei til evnenes dronning og ja til det svarte telefonapparatet som står i gangen.
Men før det vil eg berre ha sagt at det heile, dvs. spørsmålet om det fantastiske i litteraturen, handlar om å strekke dimensjonane, for min del. Det handlar om perspektiv, ikkje moral. Det handlar om å sjå, ikkje om å definere. Kvar det fantastiske blir av, eller blir til, i dette, håpar eg vil kome fram undervegs.
Mary Ruefle skriv, i essayet «Poetry and the moon»: «I am convinced that the first lyric poem was written at night, and that the moon was witness to the event and that the event was witness to the moon.»3
Ho opnar og strekker ut dimensjonane: Først såg eit menneske opp på månen om natta og skreiv om å sjå på månen. Ruefle snur på det: Månen står der oppe og er vitne til denne skrivinga der nede. Og når ho strekker dimensjonen endå ein gong, ned i skrivinga og opp mot månen, og seier «and the event was witness to the moon», har ho både metaforisert diktskrivinga, eller bortimot antropomorfisert henne, men også påpeika det veldig enkle: Diktet ser på månen, diktet er ein måte å vere vitne til månen på.
Eg skal hoppe til konklusjonen på dette føredraget før det i det heile har byrja; for min del heng det fantastiske saman med det biletlege som imaginativ og språkleg struktur. Metaforen er ein metafor på det fantastiske, kan ein kanskje seie. All metaforikk inneber ein transformasjon. Klorofyll er ikkje magi, det er verkeleg, men skaper den same transformasjonen om igjen og om igjen, metaforen skaper derimot noko nytt, det kan diskuterast om det han skaper er verkeleg, men det han gjer, er å skape ein måte å sjå det verkelege på. Her er to similar som døme, frå Anne Carson sitt Glass-essay:
Alt jeg vet om kjærligheten og dens betingelser, lærte jeg i det øyeblikket da jeg tok meg i
å støte min lille, glohete, røde bakende som en bavian mot en som ikke ville ha meg mer. Det var ingen områder av bevisstheten min
som ikke ble forferdet av denne handlingen, ingen del av kroppen som kunne gjort det annerledes. Men å skille mellom kropp og sjel er en feilslutning.
Sjel er stedet, strukket ut som en overflate av «millstone grit», mellom kropp og bevissthet, der slike betingelser kverner seg selv.4
Når Carson altså lagar først biletet av seg sjølv som ein bavian, og ein ser den bakenden heilt tydeleg, og deretter lagar biletet av sjela som ei flate av grovkorna sandstein som kvernar betingelsen som er det påståtte, men samtidig moglege skiljet mellom kropp og medvit, har ho enkelt sagt strekt dimensjonane mellom det verkelege og det imaginative, det som finst og det vi må sjå for oss. Det er denne dimensjons-strekkinga det handlar om, for min del.
Men; ein skal ikkje hoppe til konklusjonar. Og det er mykje her som må strekkast ut og granskast, sjølv om det verkar soleklart. Så lat oss spole tilbake.
2.
Ein e-post kjem altså frå Carline Tromp og Joanna Rzadkowska ein føremiddag det blæs kraftig i Sædalen. Emnefeltet avslører at innhaldet gjeld «Kritikerseminaret 2026», og e-posten viser seg å vere ein invitasjon til dette seminaret, som de jo alle veit har tittelen «Ad astra/ad undas: Den lidenskapelige kritiker i møte med litteraturens (u)virkelighet». Eitt av spørsmåla dei stiller er: «hva kan vi bruke litteraturen til, i en tid da virkeligheten krakelerer og samfunnets forståelse av kreativitet, bevissthet og kritisk tenkning utfordres av nye plattformer og kunstig intelligens?» Og dei følger opp med setninga: «I årets seminar vil vi rette blikket utover og framover, og spørre oss hvordan vi som kritikere og lesere kan møte en samtid som virker ute av kontroll.» Dette skreiv dei i august 2025, og mens eg skriv dette, er det januar 2026, Machado har gitt fredsprismedaljen sin til Trump, Trump vil ta Grønland, NATO vaklar, Trump har oppretta eit fredspanel for Gaza, eg kan ikkje halde fram med oppramsinga, og eg lurer på kor mykje ute av kontroll verda har kome i juni 2026. Eg vil berre smette inn med ei setning her, som er skriven femte mars 2026, og berre opplyse skrivaren frå januar 2026 at verda no ER ute av kontroll. Og her, denne setninga her, er skriven trettiførste mars, og eg kan helse skrivaren frå januar 2026 og tidlegare i mars 2026 med at verda no er endå meir ute av kontroll. Tittelen på dette føredraget, som er ein parafrase av konklusjonen på Dag Solstad sitt essay frå Vinduet i 1967, «at noe er, er det fantastiske», stilt her, i noko som ser ut til å vere eit retorisk spørsmål, og ikkje berre eit uskuldig spørsmål, kjennest no som at det har eit audmjukt, men også trist, «ja» til svar. At noko er, er det fantastiske. Dersom ein set verdskrig, atomkrig og total utsletting av humanisme og omtanke og slike ting opp mot det tilsynelatande retoriske i spørsmålsstillinga, «at noko er, er det fantastiske», implisitt at noko IKKJE er, kan også vere fantastisk, er det klart at det uverkelege kjem litt dårleg ut av det. Det kan verke merkeleg å skulle seie at noko som ikkje er, også kan vere fantastisk, i slik ei stund. Folk vil kunne peike harmdirrande på plakaten sin med ein isbjørn fortapt på eit isflak. Verkeleg? DU STILLER RETORISKE SPØRSMÅL FRAMLEIS; verkeleg, verkeleg? Det verkar bortimot håplaust å skulle gå polemisk til angrep (nok ein gong) på eit essay av Dag Solstad frå 1967 der han konstaterer at vi må avpoetisere verda for å sjå og sette pris på det trivielle livet, slik DET ER, kanskje kan vi til og med falle om på bakken og der få auge på eirgrøne grasstrå og tenke, du har hatt rett, heile tida, Dag Solstad, vi berre såg det ikkje, her vi gjekk ikring og sette pris på såkalla fantastisk litteratur, utan at vi eigentleg kalla det fantastisk litteratur, vi kalla det berre «litteratur».
3.
Mailen frå Tromp og Rzadkowska kom altså på ein dag det bles kraftig, men det er eigentleg ikkje poenget. Eg hadde akkurat fullført ei omsetjing av ein av dei nittini tekstane om Gud av den amerikanske forfattaren Joy Williams, nemleg ein tekst med tittelen GRAVLAGD I COLORADO HEILT ÅLEINE. Eg tenkte at dette kunne kanskje vere ein passande tittel på eit føredrag om det fantastiske i litteratur, i norsk samanheng. Teksten til Williams handlar også, passande nok, om science fiction-forfattaren Philip K. Dick, problemet for min del er at eg aldri har lese noko av Philip K. Dick, heller ikkje den litteraturen som blir klassifisert som sci-fi, den litteraturen der månen ikkje lenger berre er eit symbol på lengt og avstand, men ein stad ein kan bu på og liknande, eg har ikkje eingong lese fleire bøker av Ursula K. Le Guin enn «bæreposeteorien», sjølv om eg veit at fleire av bøkene mine har hamna i sci-fi-hyllene i bokhandlar i USA, og at dei også har fått gode og for meg interessante omtalar i nokre av sci-fi-magasina der, blant anna i Reactor, som kallar seg eit magasin for «Science fiction. Fantasy. The universe. And related subjects», og ikkje minst i Locus, eit magasin for «Science fiction, fantasy and horror». Men eg har sett Blade Runner, om det kan hjelpe litt, filmatiseringa av Philip K. Dick sin roman Do Androids Dream of Electric Sheep. Vel, til Williams sin tekst om Philip K. Dick, han er slik, eg siterer:
Jenta frå apoteket som leverte smertestillande til Phillip K. Dick, sciencefictionforfattaren, hadde på seg eit gullfiskhalskjede.
«Kva betyr det?» spurde Dick.
Ho tok på det og sa: «Dette er eit teikn dei første kristne bar slik at dei skulle kjenne kvarandre att.»
«I den augneblinken», skriv Dick, «opplevde eg brått anamnese, eit gresk ord som bokstaveleg talt betyr tap av gløymsle.»
Anamnese er noko Den heilage ande sørger for. Ein person som opplever anamnese, hugsar den sanne identiteten han har hatt gjennom alle liva sine. Personen ser verda slik ho er – slik ho skapte seg for han før tanken – og dette skaper lynglimtet. Han veit no kvar han er.
GRAVLAGD I COLORADO HEILT ÅLEINE5
Det er ei berømt anekdote Williams fortel i denne teksten, om korleis jenta med gullfiskhalskjeda fekk Dick til å oppleve LYNGLIMTET, eller det såkalla FLASH, men det er Williams som dreg det heile ned på jorda med dei to avsluttande setningane, i ei brå rørsle frå lynglimtet utdelt frå Den heilage ande til vissheita «han veit no kvar han er», til den harde tittelen: Gravlagd i Colorado heilt åleine. Det er der han er. Det er, kan ein kanskje seie, ein god vits, men det er også ein demonstrasjon av ei bråvakling mellom det verkelege og det uverkelege, her veltar det uverkelege ned i det verkelege – grava, i Colorado, heilt åleine, men over denne grava svirrar moglegheita for å ta på ein gullfisk og oppleve tidsreise og, ikkje minst, Den heilage anden. Det er ikkje science fiction, det er ei religiøs oppleving, like einsam og personleg opplevd som rammene for eins eiga endelege kiste.
4.
Det er ei dobbelheit her som eg også finn i eit anna grav-dikt, som har svirra ein god del rundt i mitt indre når eg har tenkt på dette føredraget om såkalla fantastisk litteratur eller at noko er, er det fantastiske, spørsmålsteikn, og det som har svirra er eit haiku, nærmare bestemt, skrive på slutten av 1600-talet av Basho, og her gjendikta av Paal Helge Haugen6:
Vide grønkande enger
Inkje anna er att av soldatars draumar -
Dette haikuet maktar i ei og same rørsle å produsere for vårt indre blikk både noko som er der, og noko som ikkje er der. Lat oss sjå på det i detalj.
Første linje: Vide grønkande enger: Vi er i noko som er, vi ser vide, grønkande enger. Om nokon lurer på kva «grønkande» betyr, så betyr det altså noko som held på å bli grønt. Vi kan med andre ord gå utifrå at det er vår. Engene held på å bli grøne. Og dei er vide. Det er som om vårt indre blikk er fylt til randa av noko grønt og flatt. Og heilt stille. Ordet «vide» har i seg ein slags stillheits-konnotasjon, vil eg påstå, det er ikkje så farleg om det stemmer eller ikkje, vid ER ikkje det same som stilt, men storleiken vid gir eit mykje tydelegare rom enn ordet «stor» eller «diger», dei er vide, altså er dei breie, og vi kan flytte blikket vårt over dei som vi kan flytte det frå ein kant av horisonten til den andre. Horisontar er ofte så langt vekke at vi ikkje kan høyre kva slags lydar som finst der borte, det er nok difor inntrykket «stilt» melder seg straks ordet «vid» har dukka opp. Neste linje: Inkje anna er att, – dette er i heilt motsett lei enn første linje, som plasserte noko som fanst framfor oss, her blir det derimot påpeikt at det er noko som er tomt; ingenting anna finst igjen, for å seie det på ein annan måte, ordet «inkje» peikar altså på eit fråvær av eksistens. Og det er noko som er forlate her, ingenting anna finst igjen – av kva? Av soldatars draumar, seier den siste linja, og det slår oss, eller i alle fall meg, heilt ut. Det som finst att av soldatane sine draumar, er altså desse vide, grøne engene. Vi kan gå lenger inn i biletet av dette som både finst og ikkje finst her: Basho klarer å plassere oss under bakken, vi kan kanskje tenke at dei grønkande engene held på, etter eit slag som har vore her, ein gong, å gro over igjen, av gras, soldatane som kjempa her finst under den grøne torva, og draumane deira er også gravlagde. Alt som er att, er desse engene, og det er nesten så ein kjenner at det grøne graset som veks ut av jorda, er desse draumane, til dei falne soldatane. Draumane veks ut av hovuda, dei veks gjennom jorda, dei gjer engene byrjande grøne. Men det er også alt. Det er eit potent møte i haikuet til Basho mellom det avgrensa og det uendelege, fanga i ein augneblink.
5.
Det viser seg altså allereie no, berre eit kort stykke inn i dette føredraget om det fantastiske og det verkelege, at grensene mellom det som finst og det som ikkje finst, i litteratur, ofte er sjølve utgangspunktet for skrift i det heile tatt, og at det å skape denne doble tilstanden av noko som finst og noko som ikkje finst, ofte er eit slags sentralt litterært motiv, eller skal vi heller kalle det eit mål, endåtil i haiku. Dvs. eg har ikkje sagt det, men eg går utifrå at de alle saman veit det frå før, og at det følgjer med inn i føredraget, usagt. Men det som også skjer her, temmeleg kort ut i føredraget, er at eg får føredragets første samanbrot. Dvs. eg har hatt fleire allereie, lenge før dette føredraget starta, allereie frå då eg sa ja til å skrive det, ca. tre minutt etterpå, men dei viser ikkje att. Eg seier til bror min, som passerer meg i trappa i barndomsheimen vår, der vi er på påskeferie, men eg må jobbe, med dette: Eg held på med å skrive eit føredrag om fantasi og verkelegheit som eg skal halde på Lillehammer. Eg veit ikkje kvifor eg takka ja til dette. Eg skal attpåtil halde det for kritikarar, på kritikarseminaret. Bror min går ned heile trappa prega av sympati, synest eg at eg kan merke. Så snur han seg og seier: «Men det er jo bra, at eit menneske i vår tid blir spurt om å seie noko om fantasi.» Bror skriv også bøker, den siste boka hans handlar om oljenasjonen Noreg som har gått tom for olje og prøver i staden å utvinne insulin frå Afrika, det er ein vennskapsroman der ein diabetikar flyg på sterk føling til Noreg sin Disney-paviljong i Zimbabwe og prøver å få jobb der. Så går min ekte bror, som også er diabetikar, inn på kjøkkenet, og eg er åleine med mitt eige samanbrot midt i den knirkete trappa vi brukte nesten å ramle i som barn, men som vi merkeleg nok aldri fall ned, det var det berre diverse gjestar som gjorde. I vår tid. Eit menneske. Eg er altså eit menneske i vår tid som er spurt om å seie noko om det verkelege og det uverkelege i litteratur, om litteratur som glir mellom desse tilstandane, og det er difor eg står her.
6.
Men lat oss spole denne situasjonen tilbake nokre tiår, til der bror min akkurat har vore på badet oppe på loftet og gått ut av det, og eg går inn, på det same badet, i same ærend; å gå på do. På golvet på badet ligg det ca. tretti papirark, med skrift på. Eg plukkar dei opp: Det er ei utskrift av engelske omsetjingar av ein forfattar som heiter Daniil Kharms. Do-lektyren til bror viser seg å vere noko av det mest fantastiske eg har lese, det liknar ingenting eg har sett før. Seinare fann vi også den norske omsetjinga av Thorvald Steen og Ulla Backlund, Knakk, som kom ut i 1997. Her er hans «Blå skrivebok nummer 10».7
Det var en gang en rødhåret mann som ikke hadde øyne eller ører. Hår hadde han heller ikke, så rødhåret var en sannhet med modifikasjoner.
Snakke kunne han ikke, fordi han ikke hadde munn. Nese hadde han heller ikke.
Han hadde ikke engang armer eller bein. Noen mage hadde han heller ikke, ingen rygg hadde han, og ingen ryggrad, og ikke noen slags innvoller heller. Han hadde ingenting! Så, det er umulig å skjønne hvem det var.
Det er vel best at vi ikke snakker mer om ham.
Det var elles ikkje ei ny hending at bror min heilt tilfeldig laga ein korsveg i mi eiga tankeverd om kva litteratur kunne gjere eller vere. Femten år tidlegare hadde han også kome leande med Jan Erik Volds Entusiastiske essays8 i hendene og bede meg lese «17 mai 1970» x 8.
Det er slik:
Finnes det steiner I himmelen? Ja, det fins én (den er flat) og på den
Sitter Tarjei Og smiler, han lytter. Vi må Skrive gode dikt.
Diktet blir repetert sju gonger, på sju språk: nynorsk, dansk, svensk, engelsk, tysk, fransk og japansk.
Kva var det med dette diktet? For det første opnar det dimensjonane, finst det steinar i himmelen er eit innkasta, uventa spørsmål, som ein skulle tru ikkje hadde eit svar, men det har det, «ja, det fins én»,det avgrensa ved denne mengda er også det fantastiske, og at det på den sit nokon, ein heilt bestemt person, «på den sitter Tarjei»: Det absurde var tiltalande, naturlegvis, den absurde mangedoblinga av den same bodskapen på fleire språk, og tittelen, «17. mai 1970», som verka ha ingenting med diktet å gjere.
7.
Og vips har vi i føredraget nådd fram til noko som ser ut til å vere eit slags kjerneomgrep, nemleg ingenting. INGENTING ser ut til å vere kjernen i denne søkinga mi etter det fantastiske i litteratur, i det retorisk stilte tittelspørsmålet, At noko finst, er det fantastiske, spørsmålsteikn, - eg ser altså ut til å vere på søk etter eit ingenting, ein slags nærleik til eller ei skaping av det. Hos Kharms: Han hadde ingenting! Gravlagd i Colorado heilt åleine: Han finst, Philip K. Dick, i dette ingentinget. Kva er att av soldatane sine draumar: ingenting. Eller rettare sagt: vide, grønkande enger.
Det må naturleg nok ha å gjere med at det såkalla uverkelege ER eit slags ingenting. Eit forbløffande sterkt blikk frå ein lysande planet langt vekke. Eller frå eit slags buldrande kontinuum i det som blir til, men som alltid skal forsvinne.
Tor Ulven:
«Oppfordringen Glem at jeg noensinne har eksistert kan ikke unngå å bli fulgt. Men av hvem?»9
Det kan dessutan sjå ut til at eg har gløymt kvar eg er, i føredraget, sist vi såg meg stod eg jo i ei knirkete trapp i barndomsheimen min, bror min hadde akkurat gått forbi meg full av sympati, men også med ei slags glede, trur eg, for at han kunne gå ned og eg måtte gå opp att, til dette føredraget her som stod og kviskra til meg der oppe, at eg ikkje ante kva eg snakka om, og at eg burde gjere dette klart for tilhøyrarane, min eigen skepsis til kva eg faktisk kunne få sagt om emnet, at eg burde nemne noko om Baudelaire og dette skiljet mellom kunstnarar som berre hermar verda og dei som vil skape den, ettersom dette var utgangspunktet for oppdraget, og kva tid hadde eg tenkt å kome fram til Dag Solstad, eigentleg? Eg har ikkje skildra korleis trappa ser ut heller, det er ei vindeltrapp, i tre, og på venstre side når ein går ned, er der ei høg og smal bokhylle felt inn i veggen, og på veggen midt imot er der ein plansje med teikningar av ulike småfuglar. Ofte, når ein skal opp eller ned denne trappa, tenker ein såleis på anten fuglar eller bøker.
8.
Plassert liksom midt imot meg der i trappa der eg stod og ærleg talt nølte med å gå opp att til PC-en min, landa auga mine som vanleg på denne tittelen: A Room of Ones Own, av Virginia Woolf. Kan hende visste universet kva eg dreiv på med, slik at dei plasserte ut denne epokegjerande boka framfor meg der eg stod, idet eg herma hennar eige grep: for større enn revolusjonane både Kharms og Vold førte til, for hjernen min når det gjaldt spørsmålet om forholdet mellom det verkelege og det uverkelege i skrift, var nettopp dette essayet. Som de veit, hadde ho i utgangspunktet blitt gitt i oppgåve å halde eit føredrag om temaet «women and fiction», men seier i opninga at dette temaet kan ho umogeleg uttøme, for kva er ei kvinne, og kva er fiksjon, ho vil ikkje, med føredraget, kome fram til ei kjernesanning om desse fenomena som ein etter enda føredrag kan skrive ned i notatbøkene sine og halde der for alltid. Bortsett, kanskje, frå konklusjonen hennar: Ei kvinne treng eit eige rom og pengar for å skrive. Sitat: «man kan bare vise hvordan man selv kom til å danne seg den oppfatning man har. Man kan bare gi sine tilhørere sjansen til å trekke sine egne konklusjoner etterhvert som de fester seg ved foreleserens begrensninger, fordommer og idiosynkrasier. På dette området vil diktningen sannsynligvis inneholde mer sannhet enn fakta gjør. Derfor har jeg til hensikt å fortelle dere historien om de to siste dagene før jeg kom hit – og kommer da til å gjøre bruk av all mulig dikterisk frihet. Jeg vil fortelle hvordan jeg følte meg tynget av de vektige emne dere hadde lagt på mine skuldre, hvordan jeg funderte over det og fikk det til å fungere innenfor og utenfor mitt daglige liv. Det er vel unødvendig å si at det sted jeg nå skal beskrive (OG HER KJEM DEN UNDERSTREKINGA VI TRENG; I HØVE DET FANTASTISKE) eksisterer ikke. Oxbridge er oppdiktet; det samme er Fernham. ‘Jegʼ er bare et hensiktsmessig uttrykk for en person som ikke eksisterer i virkeligheten. (UNDERSTREKA HER ER OGSÅ: IKKE EKSISTERER I VIRKELIGHETEN.) Løgner vil strømme fra mine lepper, men kanskje vil de også inneholde en viss sannhet.»10. (UNDERSTREKA HER: LØGNER, men også: SANNHET.)
Det fantastiske som skjer i essayet til Woolf, er at ho deretter lagar ein fiktiv situasjon, der dette «eg-et» sit ved ei elv, i vakkert oktober-vêr, nedsøkkt i tankar. Essayet held på denne måten fram, med å tenke på temaet sitt, men det er dramatisert gjennom ein karakter – essayisten. Ho får ein idé mens ho sit der, som gjer henne brått ivrig, så ivrig at ho reiser seg og går over ein grasplen svært fort. «Øyeblikkelig dukket en mannsskikkelse opp for å stanse meg. Først forstod jeg heller ikke at det var meg den merkelige fremtoningen i sjakett og stiveskjorte gestikulerte til. Ansiktet hans uttrykte forferdelse og indignasjon. Det var instinkt, mer enn fornuft, som hjalp meg: Han var universitetspedell, jeg var kvinne. Dette var en gressplen, der var stien. Det er bare dosenter og stipendiater som tillates å gå på gresset, jeg må holde meg til grusveien.»
Kva handlar dette om, kvifor er dette «fantastisk»? Det er fantastisk fordi ho destabiliserer den plattforma ho har etablert i starten, der ho står framfor eit publikum og snakkar som seg sjølv, med eit «eg» som er hennar, og no har flytta dette med veldig tydelege hender over i eit anna «eg» som ho kan flytte ikring som ein avatar, mens ho framleis er i utgangspunktet sitt, eit essay, ein tankestraum. Det er den same destabiliseringa i alle døma eg har nemnt: Ruefle som let diktskrivinga vere vitne til månen, Williams som plasserer anamnesen i ei brå rørsle ned i det finitte og endelege, Basho som let draumane gro som gras inn i eit ingenting, Kharms som fjernar karakterbygging som mål for ein narrativ tekst, Vold som stiller eit umogeleg spørsmål og gir det eit konkret svar, og deretter gangar det med åtte. Og årsaka til at eg vel desse tekstane som utgangspunkt for å seie noko om forfattarar som let det verkelege gli over i noko uverkeleg og omvendt, og ikkje (heilt enno) har plukka tekstar der nokon til dømes ramlar gjennom golvet til ei parallell verkelegheit, er at det ikkje er poenget, at verkelegheita er parallell. Poenget er destabiliseringa, skapinga av dette rykket.
9.
At det handlar om eit visst rykk, i det fantastiske, ser også ut til å gjelde for måten Dag Solstad karakteriserer det på i essayet «Det trivielle / det fantastiske – Flukt/ Akseptasjon»,11 som eg endeleg skal sjå på. Han kallar det dessutan ikkje berre «fantastisk» litteratur, han kallar det «esoterisk-fantastisk litteratur», som for verkeleg å påpeike kor lite verkelegheitsknytt denne litteraturen er. Essayet er eit opprop om at norsk litteratur må finne opp bilen, på 60-talet – her siterer han ein kritikar – essayet er ein kritikk av det han meiner er verds- og samtidsfjern litteratur, at dersom ein i møte med norsk samtidslitteratur lurer på korleis det er å leve i Noreg på sekstitalet, «får man i beste fall et allegorisk eller symbolsk svar, som regel får man vite noe annet, som for eksempel hvor vondt det var å være trønder i dansketida, eller at kjærlighetens veier fortsatt er uransakelige i våre isolerte bygder». Kanskje er det litt underleg at som motsats til denne litteraturen som han leitar etter, ser han ikkje på den litteraturen som han nettopp har skildra, den med dei stakkars trønderane i dansketida, men han går derimot sporenstreks til Kafka, som jo verken var norsk eller skreiv på sekstitalet, og han nemner heller ikkje nokon norske forfattarar av det som han kallar fantastisk-esoterisk litteratur. Kvifor han gjer dette, kan eg ikkje svare på. Og kvifor han går til Kafka; er det kan hende fordi det faktisk ikkje fanst ein så enorm tradisjon, på norsk, av den såkalla esoterisk-fantastiske litteraturen?
Essayet er likevel interessant fordi det openberrar ei haldning til den fantastiske litteraturen som eg innimellom oppfattar som noko på ein eller annan måte allment utbreidd, ei haldning som ikkje er heilt klart uttalt, ei oppfatning som eg berre anar at finst, men som eg ikkje alltid kan sette fingeren på og seie her er det, her er problemet. Men det er tydeleg uttalt i Solstad sin tekst. Eg sa altså at det er eit visst rykk som kjenneteiknar det fantastiske for min del, og at dette også viser att i måten Solstad ser det på. Han seier dette: «I begrepet det fantastiske ligger noe uvant, noe som bryter med den vanlige oppfatningen av tingene. Slik framstår det fantastiske i den esoteriske litteratur som et brudd med den ytre virkelighetssannsynlighet, og det fantastiske fremstår slik at i og med at bruddet skjer, blir vår erfaring utvidet.»
Han seier at all litteratur er ein måte å halde seg til verkelegheita på, og at ein av måtane representerer den fantastiske litteraturen. Han analyserer Kafka og den tradisjonen, som han skriv, som tilknyter seg hans diktning, slik: «Dens teknikk består i å spille ut sinnets indre landskaper på den ytre verden slik at et hus for eksempel ikke blir et konkret hus i den og den bestemte gate, men sinnets hus. Og det som skjer med og i huset er ikke avhengig av den ytre verdens ramme, men av sinnets topografi. Slik vil husets funksjon ofte bli fantastisk, det oppfører seg nemleg ikke slik vi venter at et hus skal oppføre seg. Alt kan skje med dette huset, nettopp fordi det er i sinnets kraftfelt og ikke i naturlovenes. I en slik dikting kan alt skje.» Han rosar den esoterisk-fantastiske litteraturen fordi den har opna opp måten ein ser mennesket på, «som en uendelig rekke av jeg-muligheter», og at ein i staden for det deterministiske synet frå t.d. naturalismen kan sjå livet og mennesket som eit «materiale for eksperimenter, for selvvalgte planer. Litteraturens temaer blir da forandringer, forvandlinger, plutselige bevegelser, avkastelse, nedriving, oppbygning, fødsel, død, og oppstandelse, for å bare nevne noen. Alt dette er ting jeg finner igjen i den hverdagen man har valgt å kalle triviell, men som er det sted hvor våre fantastiske temaer utspiller seg». Og så kjem det problematiske, han skriv: «Men den esoterisk-fantastiske litteratur kan forlede oss til å tro at dette foregår i et tenkt univers og ikke i vår hverdag. Da den er sinnsprojiserende, misbruker den verden ved ikke å la den komme til syne. Ved å fjerne det fantastiske fra hverdagen, er den – likeså meget som enhver romantisk litteratur, enhver litteratur som tror på noe annet enn det som er, enn det som kommer til syne – et uttrykk for mistillit til verden.» Og vidare: «For meg er tillit til verden nødvendig: Jeg tror ikke lenger på utopier eller en verden utenfor, bortenfor den verden jeg hensleper mitt daglige liv i. Skal jeg kunne se verden – leve i den- utforske den – oppleve den så sterkt og meningsfullt som mulig, er den esoterisk-fantastiske litteraturen en hindring for meg.»
Og her skil vi lag, i oppfatning av kva det fantastiske er, og kva det gjer. Men på vegen har han vist den haldninga eg har opplevd som diffus og vanskeleg å sette fingeren på, når han seier at den esoteriske-fantastiske litteraturen kan FORLEDE OSS til å tenke, altså at det er ein litteratur som med vilje driv og triksar og prøver å lure oss til noko, driv med noko som ikkje er verkeleg, noko uverkeleg, med eit digert ingenting, med andre ord, og forlede oss til å tru, altså, at desse tinga han ramsa opp, alt det menneskelege, fødsel, død, transformasjon etc., går føre seg i eit TENKT univers, og ikkje eit verkeleg. (Og fordi det altså er eit tenkt univers, ein sinnsprojeksjon, går den VERKELEGE verda tapt.) Men denne konklusjonen kjem han nok fram til fordi han har bestemt seg for at eit hus i den esoterisk-fantastiske litteraturen er ein SINNSPROJEKSJON, det er ikkje eit hus, men kort sagt eit symbol for noko anna.
Målet hans kan eg sympatisere med; å kome fram til ein litteratur som prøver å sjå verda, leve i den, så sterkt og meiningsfullt som mogleg, og det er ikkje vanskeleg å sjå poenget med ønsket om ein litteratur som i hans ord «går inn der (altså i samfunnet) med en kjølig nøkternhet og forsøker å finne ut kva som egentlig foregår der. Man forsøker å avdekke strukturer som til daglig omgir oss og som også forfatterne er avhengig av, preger og blir preget av. Når man skriver om verden, glemmer man ikke at man selv er en del av verden. Oppgaven er da å skrive distansert uten å distansere seg fra seg selv». Konklusjonen hans er heller ikkje vanskeleg å like, den er slik: «Forslag: Stirr på en svart telefon i fem minutter og uten noen annen tanke enn at jeg stirrer på en svart telefon. Når det er gjort, vil man vite: At noe er, er det fantastiske.»
Essayet til Solstad er nesten seksti år gamalt. Og at eg brukar det som diskusjonspartnar i eit fordrag i 2026 om det fantastiske i litteraturen, hermar på sett og vis hans eigen bruk av Kafka, i hans eige essay. Solstad og hans ønske om å ikkje gi kaffikjelen vengar, hans program om å skildre det trivielle nøkternt og så inngåande at ein ser det trivielle som for første gong, for det det såkalla ER, er likevel attkjenneleg som ei sterk linje i norsk, moderne litteratur. Så dermed er det alltid litt skuffande å lese at han meiner at den fantastiske litteraturen «misbruker verden ved å ikke la den komme til syne». Og at verda går tapt fordi ho er tenkt. For det er jo feil. Og det er irriterande i seg sjølv, at eit tolkingsrom som kunne ha blitt verande ope, blir lukka – og ikkje minst at det han sjølv kallar ulike måtar å sjå verda på, blir plassert i eit verdi-system der verda anten kan kome til syne «som den er», eller «misbrukes», og det blir bestemt at den «esoterisk-fantastiske litteraturen» ikkje har tillit til verda, eller «kjølig» kan betrakte tinga som finst i henne.
Ein annan ting er at å lese essayet som kvinneleg forfattar kjennest litt som å trakke inn på graset i Woolfs Oxbridge, kvinnene er fullstendig fråverande, anna enn som eit drag av konas nylonstrømpebukser som heng til tørk, over ansiktet, når ein går inn på badet. Eg nemner det som ein parentes, det er lenge sidan eg slutta å tenke at ein kan gå til Solstad for å få analysert kvinnesinn, det er ikkje difor eg les han. Eg les jo Solstad fordi eg synest han er fantastisk.
Med unntak av, altså, dette perspektivet på kva det fantastiske i litteraturen er og kan gjere.
10.
«For anstendighets skyld trakk Ivan Jakovlevitsj sin kjole utenpå nattskjorten og satte seg til bords. Han tok en klype salt, fant seg to løk, grep kniven, satte opp en viktig min og gav seg til å skjære i brødet. Da han hadde skåret det over, fikk han til sin forbauselse øye på noe hvitaktig inne i brødmassen. Ivan Jakovlevitsj pirket forsiktig med kniven og følte seg frem med fingeren. 'Det er noe hardt!' sa han for seg selv, 'hva i all verden kan det være?'. Han stakk fingrene i brødet og trakk frem – en nese! … Ivan Jakovlevitsj ble ille til mote, han gned seg i øynene og kjente etter igjen: en nese, en virkelig nese! Det forekom ham til og med å være noe kjent ved den.»12
Endeleg: Eit tekst-døme der det hender noko uvanleg i sjølve tekstflata. Men flaks for meg at dette er eit typisk døme på ein fantastisk tekst der forfattaren, Gogol, ikkje misbrukar verda ved å ikkje late den kome til syne, ved å putte ei nase i eit brød. Tvert om: Verda berre kjem og kjem til syne. Dei konkrete tinga er svært konkrete og kunne like gjerne ha vore svarte telefonar: Ei klype salt, to løk, grepet om kniven, og like verkelege er dei menneskelege måtane: den viktige mina han set opp, barberaren, då han skal skjære i brødet, slik – dersom ein har møtt slike menneske, som tek det dei sjølve gjer uendeleg høgtidleg, viser kor viktig han kjenner at det han no gjer er. Det er ei daglegdags handling, men då han gjer den, blir den noko større.
Men som de kan merke, eg kjem ikkje til å bruke veldig mykje tid på å motbevise Solstad sitt poeng om at den fantastiske litteraturen misbrukar verda ved å ikkje late den kome til syne, det litt meir viktige poenget er kan hende dette med å sjå den fantastiske litteraturen som ein sinnsprojeksjon, der det altså er tenkt å finnast eit slags realistisk-symbolsk nivå UNDER det som går føre seg i teksten som kan seiast å vere det verkelege i teksten, og som dei underlege hendingane eller transformasjonane i teksten er eit bilete på, eller som dei peikar på. Det er ein problematisk påstand. Det er som å seie at det finst berre éin svart telefon som det går an å stirre på.
Det er naturlegvis ikkje noko i vegen for å lese novella NESEN av Gogol som eit sarkastisk blikk på menneskeleg hovmod, men problematisk ville det vere dersom ein sa at dette hadde vore gjort betre dersom det ikkje var slik at nasar vart kutta av, at nasar kunne spankulere rundt på eiga hand i uniform, og med bart og augnebryn som den kunne heve fornærma når nokon utan nase når ein att inne i ei kyrkje og hevdar at nasen i uniform er eins eigen nase, at alt dette er ein sinnsprojeksjon for noko anna, som hadde vore betre og mindre misbrukt om ein berre såg på offiserar og maktstrukturar dei imellom, slik dei var, menneske, i uniform, og i ulike rangsystem i høve kvarandre, og alle med nasen sin intakt, om ein sette seg til å stirre på ein offiser i eit par timar. Ein går på ein måte glipp av det konkrete i det fantastiske. Ein går på ein måte glipp av heile det fantastiske.
11.
I dagboka si i 1937 skreiv Kharms, eg siterer Matvei Yankelevich si omsetjing: «I am interested only in nonsense; only in that which has no practical meaning. Life interests me only in its most absurd manifestations.»13 Yankelevich forklarer at orda nonsense på russisk peikar på det mest kvardagslege, som rot, rusk, tull, noko som hender tilfeldig, noko som verkar tilnærma lik meiningslaust. Ordet for absurd peikar på pinleg, malplassert, latterleg. Yankelevich påpeikar at denne interessa ikkje gav seg, sjølv i dei mest forferdelege omstenda – dette dagboksnotatet stammar frå høgda av Stalins utreinskingar, ein periode der Kharms var lutfattig og leid av svolt.
Det er også her eg gjerne vil sitere Carline Tromp sitt brev til Joanna Rzadkowska i brevvekslinga deira om SF-litteratur i Vinduet: «Det andre jeg sitter igjen med, er at SF er vanskelig å forholde seg til for litteraturkritikken. For høyt, for lavt, for rart, for underholdende – noe som ikke passer inn, som er, for å bruke SF-kritikeren Mark Fishers begrep, ‘weirdʼ. Mange liker ikke det som er weird, det er noe som forstyrrer, som vekker et ubehag. Kritikere pleier for så vidt ikke å sky unna ubehag; vi elsker romaner som oppsøker etiske grenser og mørke eksistenser. Men weird er … rart.»
Når eg no ikkje har brukt litteratur som går inn under kategorien SF, eller fantasy, eller endåtil den litt meir opne termen spekulativ fiksjon, som døme, er det fordi dei døma eg har valt, også har strekt dimensjonane, også har auka avstanden mellom utgangspunktet – verda – og dit teksten rykker oss. Eg vil nesten påstå at dei på ulikt vis representerer ei forstørring av strategiar som finst i all litteratur, men som, når den blir forstørra, for somme ser like forskrekkeleg ut som ei loppe gjorde første gong den blei forstørra i eit mikroskop. «Blå skrivebok nummer 10» forstørrar til dømes ideen om at ein litterær karakter skal kjennast verkeleg, noko han ikkje ER. Han ER ikkje verkeleg. Med den forstørringa Kharms gjer, gjenkjenner ein forventinga om at ein litterær karakter skal vere verkeleg, ha auge, hår og mage, ein ser den som det den er: som ei grotesk kjempeloppe. Nokon vil kunne kalle ein slik strategi realisme.
12.
Då Helga Mork i romanen Her kjem sola går gjennom murgolvet i det leigde kontoret sitt og hamnar i kjellaren i det same huset, står det naturlegvis eit skilt på veggen som forklarer kvar ho er. I nokre bleike, lysande bokstavar står ordet VERKELEGHEITA skrive, i gangen ho går i for å kome ut. Alle inversjonar med respekt for seg sjølv veit at skal det vere nokon vits i å drive med invertering, bør til dømes det som har vore natt vere dag, og det er det også, då ho opnar døra – det som for nokre sekund sidan var dag, har no vorte natt. Elles er alt nokså likt. I denne romanen spelar teksten «Et keiserlig budskap» av Kafka ei middels stor rolle, dette er ein tekst som handlar om ein keisar som ligg for døden, og som vil gi ein beskjed til nokon frå dødsleiet sitt, så han tilkallar ein trugen tenar som han kviskrar beskjeden i øyret til. Tenaren skal så bringe vidare beskjeden, men det som viser seg, er at palasset er bortimot uendeleg, og tenaren, som er utstyrt med eit merke av ei sol på brystet, som skal gjere at alle dører skal opne seg for han, kjem seg aldri fram, han kjem seg gjennom alle dører, men det er uendeleg med dører. Det er litt slik eg kjenner meg no, etter å ha prøvd å tenke på forholdet mellom det verkelege og det uverkelege i litteratur, og trass i at det kjennest passande å slutte eit føredrag som byrja med månen, med sola og alt det lyset som burde ha skine inn på det fantastiske, og på korleis det uverkelege sitt ingenting kan romme ei slags uendeleg potent meiningsfylde like uuttømmeleg som Sareptas krukke, er det som om det ringer og ringer ein telefon ute i gangen.
Dette føredraget vart opphavleg halde på kritikarseminaret «Ad astra / Ad undas» under Norsk Litteraturfestival 2026.
Framande dikt frå fire tusen år
7.
Daniil Kharms, Knakk, omsett av Thorvald Steen og Ulla Backlund, Tiden Norsk Forlag, 1997.
8.
Jan Erik Vold, Entusiastiske essays, Gyldendal Norsk Forlag, 1976.
9.
Tor Ulven, Søppelsolen, Gyldendal, 1989.
10.
Virginia Woolf, Et eget rom, omsett av Daisy Schjelderup, Gyldendal, 1976.
11.
Dag Solstad, Artikler om litteratur 1966 –1981, Oktober, 2000. Essayet stod på trykk første gong i Vinduet, 1967.
12.
Nikolai Gogol, Petersburgnoveller, omsett av Marit Bjerkeng, Cappelen, 1993.
13.
Daniil Kharms, Today I Wrote Nothing, omsett av Matvei Yankelevich, The Overlook Press, 2009.
Av Joanna Rzadkowska
En fremmed i et fremmed land
Første brev i en korrespondanse om science fiction og litteraturkritikk.