search-button

KI kan ikkje føle at mamma er død

Eit dikt om sorg og magi, og byrjinga på ein poetisk dialog.

Illustrasjon: Zarina Saidova
Illustrasjon: Zarina Saidova

kunstig intelligens kan ikkje føle at Mamma er død (eit

dikt som eigentleg handlar om magi) denne sorga er

enorm og overveldande og berre mi slik sorga di

over mor di er berre di

kunstig intelligens kan ikkje uttrykke den for deg

like lite som eg kan

kunstig intelligens kan ikkje føle sorg

men det kan eg

og når du les om mi sorg

så veit du at den er ekte

at eg kan klikke på alle brannhydrantane

og kjenne igjen ein sykkel

poenget er: KI leverer resultat

men kunst er ikkje resultat resultatet er eit biprodukt av kunsten

for kunst er prosess

og prosessen er livet her, eg skal vise deg:

skriv eit dikt om at mor di er død

EIN:

stå opp prøv å hugse draumen

Mamma var der ho og du satt på stova og såg på TV

det kjentest ekte

var det eit minne eller kom ho faktisk?

er ho framleis der ute eller finst ho berre i deg?

TO:

kaffi sorga har føkka med døgnrytmen din

du søv til elleve. men dottera di har vore oppe sidan åtte

ho er eit og eit halvt og forstår ikkje at farmor er borte

ho forstår at du er lei deg fordi du gret heile tida men klarer ikkje forstå kor det gjer vondt

og no har sambuaren din hatt morgonshow i tre timar med havregraut og Mamma Mø

og ho er sliten kvar dag meir sliten

ho har laga rom for sorga di

men det får vere måte på du må på

du kan ikkje dusje no du kan ikkje skifte ut av stillongsen og T-skjorta du sov i

du må lese Mamma Mø og så Julia gjemmer seg

mens dottera di prikkar deg i auget

så sambuaren din kan rydde kjøkenet etter frukost

og puste

og mens du les høyrer du lyden frå kaffikverna

sambuaren din lagar kaffi til deg

dottera di ser på deg og seier brrrr

ja, seier du kaffikverna brrrr

TRE:

tenk på Mamma mens du les Mamma Mø gråt

FIRE:

dei skal ut og leike du har ikkje på deg klede enno du hjelper dottera di du skifter bleie

tar på varme klede vinterdress du held ho i handa så ho held balansen

mens ho trør ned i Cherrocksane sine

ho er glad i sko og har lært seg å få dei på sjølv

du dobbeltsjekkar at ho har riktig fot i riktig sko

sambuaren din tar ho med seg ut på verandaen

ho trillar barnevogna mens dottera di går ved sida av

det er laurdag og barnehagen i nabolaget er tom

så dei skal disse der og leike i bussen

så skal dei til Mormor

du står i stova og ser dei gå over graset, vekk frå deg fordi

Farmor finst ikkje meir

FEM:

gråt for at Farmor ikkje finst meir

reflekter over tid og sorg

og at sorga også er vakker tenk på Lawrence Anthony

elefantvernaren som døydde av hjarteinfarkt då han var 61

og på flokken av elefantar han jobba med som kom til huset hans og vaka der

i to dagar

tenk på elefantens stille

lytt til at du er aleine i huset eit plutseleg knepp frå traktaren betyr

kaffien var ferdig for ein halvtime sidan og at den no har slått seg av

ta ein kopp kaffi gå inn på badet

kle av deg gå inn i dusjen skru på vatnet

skru opp varmen på vatnet gråt

dusj i minst ein halvtime kaffien står ved vasken

ta ein slurk kaffi innimellom sjølv om det blir vått på golvet når du opnar dusjkabinettet

tenk på at kaffien er svart og god

at den er dyrare enn kaffien på COOP at du kjøpte den på Jacobsen &

Svart tenk at også den er globalisering at nokon plukka desse bønnene i Kenya

tenk på alt menneskehender må halde i tenk på at du ikkje hugsar siste gong

du og Mamma heldt kvarandre i handa før på sjukehuset sjølvsagt natta før ho døydde

og tenk på at du har gløymt å svare på ein mail frå Gabe som gjendiktar riv av seg ansiktet

tenk at han er på andre sida av jorda at lesinga av førsteutkastet hans

gjorde at du skjønte at den også var sorgarbeid at alt du har skrive

har leia fram til at du no står og grin i dusjen at det var bestemt

tenk på at diktet du skreiv om mora di i den boka

no finn seg ein heim i eit nytt språk på andre sida av jorda

tenk på kva avstand er gråt for at Mamma ikkje berre er langt borte

SEKS:

faren til mormora di kunne stoppe blødingar med hendene

det var ei evne folk ikkje skulle ha

dei kom til han når dei måttebløding når det hadde skjedd ei ulykke

det var lang veg til legehjelp kort veg til han

dei kom ikkje fordi han var vis eller fordi han skrytte på seg velsigningar frå Gud

dei kom fordi det funka når han la hendene på såret så stansa blodet

innanfor eit visst omfang, sjølvsagt

kva er det magiske i dette? ikkje det som skjer men at det skjer

og at nokon seier det til nestemann som også kjem med såret sitt

og så skjer det igjen

SJU:

Mamma tok eit bilde då ho og Mormor besøkte Sommerøya for nokre år sidan

av kyrkjegarden og ei innskrift over ein port: «Slekters gang» natta Mamma døydde

kom ho til meg «med dei gamle tantene» som ho kjende nærværet av på Sommerøya

dei synte ho korleis ho kunne komme til meg og trøyste meg

ÅTTE:

tørk av deg vatnet med handkleet som har hange over dusjkabinettet i to veker

skyl ned dei tre pillene (blodtrykk, kolesterol, D-vitamin) med resten av kaffien

Mormor har ringt deg så du ringer tilbake ho har mista dottera si

ho vil gjerne at du skal komme på besøk med dottera di og dokker avtaler søndag

tenk på eit par brødskiver du er ikkje svolten du et ein banan

og les nyheitene på NRK.no på mobilen du sjekkar mail du ser på ein pdf av gravsteinen

til mora di og sender tilbake at du vil ha eit linjeskift i minneordet

du ser for deg å besøke kyrkjegarden trille Ronja dit mens ho søv

om nokre månader er det sommar

NI:

du har fått på deg klede det er torsdag du har time hos psykologen

og du har vunne ei denimskjorte frå vintageavdelinga

i Livid Jeans sin julekalender på Instagram

klokka er eitt du har ein time før psyko du går ut og set deg i bilen til mora di

som du køyrer til byen du rekk ikkje Livid før timen så du går og kjøper ei julegåve

til dottera di enda ei julegåve dette er den tredje du har kjøpt

Gunnar ringer men du ser det ikkje du sender melding og seier du ringer tilbake i kveld

så går du til psykologen og pratar og pratar og pratar og etterpå stikk du på Livid

og finn ei fin mørkegrå Levi’s-skjorte frå kanskje tidleg på nittitalet

og den får du heilt gratis fordi du klikka på hjartet og la igjen ein kommentar

så dreg du heim

TI:

då du parkerer, skriv du på notatblokkappen på Iphonen din:

«Ronja,

kvar einaste kjensle er samansett

og i kvar einaste kjensle vil eg du skal kjenne

etter den delen som er kjærleik»

dette er diktet du skriv i dag du noterer «12. des»

ELLEVE:

dottera og sambuaren din har komme heim

sambuaren din skal lage middag du les Mamma Mø igjen

og boka om månen og Julia setter seg og ein om Gruffalo

så vil dottera di leike med skrinet men lokket er vanskeleg så du må opne ho tar ut

dei små trelokka til dei forskjellige lukene i skrinet det er eit gammalt syskrin

og det er små rom til knappar og nåler og ei nålepute og du kan ta av

det øvste laget og under er det eit stort rom til trådar og sånn

men dokker har putta dei avrivne lukene frå ulike lukebøker inn i det store rommet

når dottera di har rive ut ein busk

for å sjå hunden bak busken

har busken hamna i skrinet

og no har dottera di oppdaga skrinet

og du må halde det ope

og buskane spreier seg ut over vindaugskarmen og sofaen

TOLV:

middagen er klar det er fiskegrateng og kokte grønsaker

du begynner å bli sliten du har vore sjukemeld lenge no

og før det var du i foreldrepermisjon etter depresjonen din i sommar

har du vore utmatta du orkar ikkje før mora di døydde sa ho:

«eg ser deg ramle saman som ein våt klut» og det skjer heilt plutseleg

men også føreseieleg etter middag er du ikkje brukande til noko

du seier hadet til dottera di og gir ho ein suss så går du inn på soverommet

der har du lenestol og ein TV og du sit i lenestolen og stirar framfor deg i 20 minutt

før du speler COD Black OPS 6 i eit par timar

så sender sambuaren din melding og seier det er kveld du kjem ut

dottera di er glad for å sjå deg dokker les Mamma Mø

så er det tannpuss sambuaren din og du syng Puss, puss så får du en suss

først ein gong normalt og så med ulike tullestemmer som du har funne på

dottera di sit på servanten med føtene i vasken ho fyller vatn i ein kopp

og heller vatnet over tærne sine ho seier «zjyzj» som betyr «skyle»

og da det skal skiftast bleie græt ho sambuaren din skiftar bleie

du står ved sida av og held handa til dottera di som du veiver fram og tilbake til rytmen

av Bleieskiftbaluba som er ein song du har funne på som gjer at ho ikkje græt like mykje

og ikkje forsøker å sette seg opp

så må sambuaren din på do før leggetid så du held dottera di

dokker går på stova og du foreslår at dokker skal sjå etter månen dottera di seier

«odæn» som betyr «månen»

så dokker går til det sørvendte vindauget og ser etter månen

og dokker går til det nordvendte vindauget og ser etter månen

og dokker går til det vestvendte vindauget og ser etter månen

men det er overskya og månen søv

så dokker seier god natt til edderkoppen

som bur i det vestvendte vindauget

så kjem sambuaren din og dokker seier god natt

alle seier god natt du får ein suss av dottera di

så går du på soverommet ditt og græt

før du ringer Gunnar tilbake klokka er berre åtte

Gunnar seier han ikkje visste at han ringde deg

det må ha vore ein feil men sidan dokker likevel er på telefonen pratar dokker

Gunnar seier han sit i redaksjonsrådet til Vinduet

og han har hatt ein idé om å få nokon til å skrive om det han kallar Okkultur

som er at okkultisme og magi har blitt trendy i mainstream-kunsten

der romanforfattarar og performancekunstnarar herjar

og han er irritert for dette er ting Gunnar (og du) kan litt om

og så mykje av det magiske arbeidet der ute er berre fetisjering av rekvisittar

symbol frå magiens idéhistorie tatt i bruk for å markere utanforliggande ting:

sjangertilknyting politisk standpunkt (båe til høgre og venstre) osv.

noko som lar seg gjere fordi magiens symbol allereie er hefta til ulike

estetiske, populærkulturelle overflatar som har blitt identitetsmarkørar signal om kven

ein ønsker å vere på same måte som ei vintage skjorte frå Levi’s er det (det er fullstendig

mogleg å forklare logoane til Levi’s Coca-Cola McDonald’s osv. som magiske symbol

ser du ein Coca-Cola-logo er det overhengande fare for at du på magisk vis

snart drikk ein cola) men fordi symbola er hefta til «magi»

er dei på ein måte av-aktiverte og formbare

glitrande små remsar av sølvpapir som tiltrekker seg kulturkråker

som vil signalisere posisjonar

som ein betre kunne signalisere på andre måtar (om du vil skildre deg sjølv som nazi

er det jo tydelegare å tatovere eit hakekors i panna enn å tatovere Odinsruna?

og om du vil seie noko poengtert om byplanlegging og bustadpolitikk

så er det vel betre å skrive kronikk enn å danse heksedans for ti andre kunststudentar?)

og sjølv om ingenting av dette er nytt

eller utprega problematisk sånn heilt eigentleg  så manglar diskursen ei stemme

som forsøker å seie noko om kva magisk arbeid faktisk er

og veit du om nokon som kan skrive eit sånt essay?

det gjer du ikkje ikkje utanom Gunnar eller deg sjølv

og du kan ikkje skrive eit sånt essay du er i sorg og du er sjukemeld

og dessutan er du ikkje interessert i å polemisere

du tenker:

det er meir interessant å snakke om magisk metodikk i relasjon til kunstig

intelligens magisk metodikk er prosessorientert i første instans ei forhandling mellom

poet og dikt og deretter mellom dikt og lesar poenget er ikkje underhaldning

men å skape endring alle skal endre seg båe poet og lesar

og den beste måten du har funne å gjere det på er improvisasjon:

å skape ting ein ikkje visste at ein skulle skape men improvisasjon må planleggast

ein må finne ein måte å iscenesette seg på som gjer ein klar til å tenke overraskande

og det er i dette den magiske praksisen er nyttig for ein poet

fordi ein kan arbeide med magi innanfor den praktiske poetiske skapinga

og av og til sit ein faktisk igjen med poetisk slagg

som kan gjerast om til publiserte dikt

i dette funkar magien betre enn det meste anna betre enn å reise

betre enn å ruse seg betre enn å havarere

kunstig intelligens er ikkje basert på å skape men på å kopiere

på å omgå den delen av prosessen som er heile poenget kunstig intelligens

er kapitalismens reinaste uttrykk: produktet betyr alt det skal produserast og omsettast

så raskt og billig som mogleg og det skal likne på det vi allereie veit at sel

det skal vere innanfor rammene og det monstrøst vakre i det heile

er kor lett den kunstige intelligensens proponentar avviklar verdien av mennesket

fordi dei ikkje forstår kva det er å skape noko som ikkje var der frå før

fordi dei ikkje veit at det kreative utgangspunktet er heilag

og dermed avslører kor djupt kniven har trengt inn kor djupt såret er

men det du i augeblikket ikkje tenker på er at ingenting av dette er spesielt interessant

for det er ikkje sånn at folk ikkje veit dette alle veit dette

ingen brukar KI på grunn av kvaliteten vi brukar det fordi vi er slitne kapitalistar

trøtte av oss sjølve og dei fiktive rammene for livet vårt

det hjelpte ikkje å gjennomskode fiksjonen vi blei berre triste av det

nihilismen er kapitalismens endestasjon og den fossa vi forbi for lenge sidan

det er mørkt utanfor det opne vindauget men vindens visling vitnar om at toget

er i fritt fall vi har tulla ungane våre inn i armkroken og ventar berre på smellet

og kunstnarar sel det vi klarer å selje mens det framleis finst ein marknad for det

og utan å gidde å sette meg inn i okkulturens kanoniserte verk

så trur eg det er dette dei ikkje forstår

dei som kopierer symbol fordi dei er pene å sjå på:

om du vil bevare ein viss type kål så må du ha ein åker

og du må så og hauste den kålen år etter år til den kanskje ikkje er seg sjølv lenger

men heller handlinga det er å halde den i live

du treng meir enn tryllestav og hatt med stjerner på

for å kalle deg sjølv trollmann rekvisittane er der mest for publikum

og om det er publikum du vil ha

så er det betre å seie dumme ting på Twitter

enn å skrive romanar

på Twitter kan du sette i gang eit ritual som endrar heile verda

(eller som i det minste får det til å sjå ut som om ho endrar seg)

men om du vil bruke magi til å seie noko ekte som du ikkje visste at du visste

om så berre for deg sjølv som publikum så treng du støvlar og spade og kunnskap om kål

og det er ikkje det at det er feil å bruke magiske symbol som rekvisittar

for all del, køyr på men forstå at ved å bruke dei som utstyr til

kitsj, sjølvhjelp og rytmisk sportsgymnastikk

så utholar ein ei idéhistorie som er viktigare å forstå enn nokosinne

for berre prøv dette: les Edward Bernays bok Propaganda (1925)

sjølve læreboka for båe Goebbels og Madison Avenue på 50-talet (kva får du når du

kryssar Goebbels og Madison Avenue?) les så Magick in Theory and Practice

av Aleister Crowley og om du ikkje av denne øvinga finn eit (i det minste underhaldande)

omgrepsapparat eigna til å forklare det globale politiske teateret i 2025 så kan du ikkje lese

men uansett – om du skulle skrive essay for Vinduet så ville du ikkje skrive om dette

det heile er for deprimerande og du er allereie deprimert

og du kan ikkje eigentleg ein drit om KI

og eigentleg ikkje så mykje om magiens idéhistorie heller

du berre hermer kva enn Alan Moore seier så folk kan like gjerne berre lese Promethea

og The Moon and Serpent Bumper Book of Magic og ta det derifrå

nei, om du skulle skrive essay så ville du heller skrive om heimelaga magisk praksis

om kva det betyr å bruke magisk metodikk i skrivinga og du ville tatt utgangspunkt

i kva du lærte av gjendiktinga Gunnar og du gjorde av CAConrads Og vi står i kø for å dø

som blant anna kan lesast som ei lærebok i kvit magi

magi som heilar

og du ville skrive noko om din eigen magiske praksis og da du forklarer dette til Gunnar

kjem du av ein eller annan grunn tilbake til korleis ein kaffikopp kan vere eit ritual

at det berre handlar om perspektiv og iscenesetting og du veit ikkje heilt kvifor

du er så opptatt av den der kaffikoppen men du nemner han fleire gonger mens du pratar

men du skal uansett ikkje skrive det der essayet du kan ikkje gjere det ikkje no

du græt heile tida du prøver å vere Pappa innimellom så

Gunnar og du takkar for praten og legg på

så speler du COD Black OPS 6 til klokka fire om natta

denne natta rundar du Prestige 4

og før du legg deg for å sove skriv du dette:

«Gunnar,

det første som skjer når ein tar denne samtalen

ut av telefonen og sett den på ei bokside

er at den blir magi fordi den får eit publikum

om ikkje anna må ein forstå det

ikkje kraftig magi ikkje på linje med Trump

sin twitterkonto men likevel potent nok

til å endre båe avsendar og verda rundt han

det er derfor eg ikkje snakkar så jævla høgt

om min eigen magiske praksis

det er derfor mine ritual er små

og utan publikum

og det er derfor eg blir nervøs

av å sjå folk erklære seg magiske

i kunstnarisk ærend

«okkulturen», som du kalla det

er ikkje av det vonde men den er ikkje av det gode heller

tarotkort er ikkje sjølvhjelp

men først og fremst fordi «sjølvhjelp» er enda eit ord

som har blitt øydelagt av pengar

då eg var kanskje 16

blei en venn føkka over av eit ouija-brett

ei ånd tok kroppen hennar

tok ho med seg langt inn i skogen

synte ho ting ho ikkje ville sjå

og tvinga ho til å gløyme ting ho ikkje ville gløyme fordi:

ouija er ein måte å snakke med dei døde på

men når ein strekker seg bakanfor forhenget

så stiller ein seg også sårbar for øydeleggjande og mørke demoniske krefter fordi:

ouija fungerer sånn at ei gruppe venner

beveger eit glas over eit bord utan å vite

at det er dei sjølve som gjer det

glaset glir over teikna bokstavar

som stavar ut beskjedar dei gir til seg sjølve ingen andre krefter brukast

enn dei som ligg i vennenes hender det som skjer er ei førestilling

ei iscenesetting ei forteljing ein lever seg inn i

og ein må forstå: ritualets kraft

målast på konsekvensane

glaset tar ikkje imot beskjedane

hendene gjer det

via kollektivets umedvitne lytting

til seg sjølv

til det ein sjølv trur om det ein spør om

og om det som blir sagt er ærleg nok

så kan det vere livsfarleg

plutseleg er ein midt i ei forteljing ein ikkje visste føregjekk

plutseleg er ein i skogen

ingenting er farlegare enn ei forteljing ein ikkje visste at ein skulle fortelje seg sjølv

fordi ingenting er meir frigjerande

eg har sagt til elevane mine

av og til ser skrivinga ut som å gå ein tur

eg har ikkje sagt: når du går ein tur

fordi du skal skrive

så lever du ut ei forteljing om deg sjølv

som forfattar

du fyller deg sjølv med forteljinga om turen

og aktiverer forfattaren

eit anna ord for turen er: ritual»

dagen etter ringer du Gunnar og seier at du ikkje vil skrive essay

men kanskje noko anna

TRETTEN:

og fordi du ikkje har klart å gløyme kaffikoppen du snakka med Gunnar om

og fordi du eigentleg med det same visste akkurat kva for kaffikopp det var du tenkte på

drar du til Mammas tomme leilegheit på Othilienborg

du låser deg inn slår på lyset ser haugen med uferdige strikkeprosjekt

eska du har lagt fotoalbum og barneteikningar i

du går på kjøkkenet

og tar bartekoppen mamma elska

ut av kjøkkenskapet hennar

du pakkar den inn i avispapir og legg den i veska di

så drar du heim

neste dag tar du bartekoppen med til kontoret ditt

du gjer dette fordi du er poet

og fordi du saknar mammaen din

fordi du er ein liten gut som drikk kakao av den koppen

fordi du skriv om Mamma

og at Mamma er død no

og du er aleine

men i minnet om koppen

er du med Mamma

og du tar med det minnet til eit no kor du er poet

for der du er poet kan du vide ut språkets augeblikk

til å omfatte deg sjølv der du sit på kontoret

og til å omfatte deg sjølv der du er ein liten gut

som har fått kakao i den spesielle bartekoppen

som du berre fekk låne av og til fordi Mamma var redd for den

den magiske verdien av bartekoppen

kjem til syne når den omsettast gjennom rituell praksis

og det er mange ritual som kan tenkast:

koppen kan knusast

slik ein øydelegg bilde og klede etter avbrotne romansar

den kan plasserast

ein kunne plassert den i skogen

og bygge ei kyrkje rundt den

og så sette seg ned og vente på at resten av byen skal manifestere seg

og i ein sekundær transformasjon så kunne ein bli poet i bartekoppbyen

skrive ein ny Æneide om korleis alle bartekoppfolka kom frå Troja

men det mest nærliggandeer å drikke kakao av den

nærare bestemt kakaoen Mamma etterlét på spisestovebordet:

ein Rett-i-koppen boks med pulverposar

du set vatn på kok

du heller pulveret i koppen

og når det knepp frå vasskokaren heller du vatnet i koppen

du lagar augeblikket der Mamma er i nærleiken

dette er ritualet i dette finn du hjartet og døra i dette definerer du det som er heilagt

loven rissar du inn i huda di med tida som nål loven dannar kartet

kartet visar vegen der brua kryssar Nidelva Mamma sin gamle skuleveg

då ho budde på Nardo, men gjekk på Sverresborg skule då ho var lita

før noko av dette hadde skjedd berre ei lita jente over Stavne bru

lenge før Stavne bru blei gjort om til eit drap

lenge før Torunn og du flytta til huset ved Thaulowbakken og fekk Ronja

lenge før dokker flytta frå det huset lenge før den vesle jenta døydde på sjukehuset

nesten 60 år før faktisk før ho fekk eit barnebarn som ho elska

som ikkje kjem til å hugse og ein son som hugsar så altfor godt

som skriv dikt som plagast over alt det dei ikkje rommar

som er ein slags trollmann som drikk kakao og kallar det magi

og er den einaste i verda som verkeleg føler det tragiske

i at den kakaoen hadde ho kjøpt til deg sjølv som drikker den og tenker:

«den skulle du kose deg med

aleine på kvelden telefonsamtalane våre varte i gjennomsnitt i to-og-eit-halvt minutt

eg hugsar nesten ikkje kva vi brukte å snakke om lenger ingenting stort:

korleis har du det korleis er forma kva skal du gjere i morgon osv.

greitt død ingenting seier Mamma

trist levande ingenting seier eg

det er som det er

det er ingenting

det er alt»

FJORTEN:

drikk kakao av bartekoppen

skriv eit dikt om at mor di er død

Født 1984. Poet. Kommer med ny diktsamling høsten 2025 på Samlaget.

Fotnoter

    Meld deg på Vinduets nyhetsbrev!