Av
Olaug Nilssen

Anmeldelse. Publisert 30. september 2002.

Galleri Oslo
Mikael Godø
Roman
Aschehoug, 2002

Av
Olaug Nilssen

Anmeldelse. Publisert 30. september 2002.

Galleri Oslo
Mikael Godø
Roman
Aschehoug, 2002

Olaug Nilssen

Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.

1. *

04.09.2002

Hei, Mikael Godø, eg har gjort avtale om å melde debutromanen din Galleri Oslo for Vinduet. Eg har ikkje fått boka enno, men eg kan alt no røpe at eg ikkje er særleg venleg innstilt, og at eg har lyst til å seie noko stygt om både deg og dei arrogante skitstøvlane frå hovudstaden du heilt sikkert skriv om. Eg tenkjer at det skal bli ei SANN FRYD å hevde min rett til å sable deg ned, trass i min status som både forfattarkollega, vestlending og ikkje-lesar av britiske aviser. Eg GLER MEG til å slakte deg, Mikael Godø, og lat meg legge til at Scruella deVille sine petitartiklar i Morgonbladet alltid er mykje betre enn dine, samt minne deg om at du var den som slakta 99-debutanten Synne Sun Løes på ein nådelaus og sur måte.

Grunnen til at eg hissar meg opp, er sjølvsagt oppslaget i Dagbladet i går, der du går til åtak på forfattarbokmeldarar generelt, og Knut Faldbakken spesielt. Eg tillet meg å lese deg like urettvist og gjengi deg like upresist som du les og gjengir terningkast-to-meldinga til Faldbakken, og eg byrjar med å hevde at du ikkje akkurat framstår som ein premiekritikar sjølv når du må ty til flisespikking på omgrepet «ekte kalkun» for å vise kvifor VG-meldinga ikkje held mål. Vidare er det ikkje nok å seie at «andre» ser «alvorlig samfunnskritikk» der Faldbakken ser «overflate» for å bevise at dei har rett og han har feil, og det er aldeles ikkje nok å vise til kvar Faldbakken bur og kor gammal han er for å frata han retten til å bruke omgrepa «autentisk» og «truverdig» i lesinga av ein tekst!

Mikael Godø! Ein blir nøydd til å gje deg lov til å setje spørjeteikn ved integriteten til forfattarar som kritiserer kollegaer, men dei kriteria du listar opp i Dagbladet for kva som krevst av ein god bokmeldar, er upresise og inkjeseiande. Ifølge deg, skal meldaren
- vere frå kva som helst slags miljø (noko som inkluderer både forfattarar og folk over seksti frå Hamar)
- ta bøker på rette premiss
- ha noko fornuftig å seie
- fortelle deg noko nytt
- lese britiske aviser, der anmeldelsane har eit visst nivå
og – skrive redelig kritikk

Vidare skriv du først i innlegget ditt at du «fortjener slakt», for så sidan å meine at Knut Faldbakken er for hard mot deg. Du er jo, trass lang fartstid som skribent og anmeldar, ein debutant, og debutantar skal ein ikkje slakte, debutantar skal ein vere vegvisar for; ein skal framheve det som er positvt og forsiktig gje råd om kva som kan gjerast betre ved neste forsøk.

05.09.02

Eg tar det forøvrig for gitt at det ligg djupare tankar bak kriteria dine enn kva som kjem til uttrykk i Dagbladet, og at du, etter å ha latterleggjort Knut Faldbakken si nye bok, aldri kjem til å skrive bokmeldingar meir.