Av
Eivind Røssaak

Essay. Del av artikkelserien «Røyksignaler fra The Badlands». Publisert 3. september 2001.

(Teksten er noe endret fra den opprinnelige versjonen: Fotnotene er omgjort fra ymse spesialtegn til tall.)

 

Av
Eivind Røssaak

Essay. Del av artikkelserien «Røyksignaler fra The Badlands». Publisert 3. september 2001.

(Teksten er noe endret fra den opprinnelige versjonen: Fotnotene er omgjort fra ymse spesialtegn til tall.)

 

Eivind Røssaak

Født 1964. Forskningsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket.

1. *

Ariosto skreiv femtiseks versjonar av opninga til Orlando Furioso (David Markson: Lesesperre, s. 59). 

2. *

Først og fremst tenkjer eg på meg sjølv som ein lesar. BORGES (epigraf i Lesesperre). 

3. *

Mary Shelley var nitten då ho gjorde ferdig Frankenstein (op.cit. 64).

4. *

Eller kanskje ikkje ein roman? (op.cit. s. 47). 

5. *

Eit år før han døydde, medan han alt var sjuk, og det nye arbeidet hans fekk dårleg omtale, viste nokon Baudelaire essays som lovpriste han, skrivne av to poetar på eit par og tjue år. Ingen av dei hadde utgitt eigne bøker, så namna deira sa han ikkje noko.
Paul Verlaine. Stéphane Mallarmé (s. 54).

6. *

Boccaccio var uekte barn. Og fekk sjølv fem uekte barn med ulike elskarinner.
Då angeren tok han seinare i livet, og han til og med ønskte han ikkje hadde skrive Dekameronen, vurderte han å la seg ordinere.
Men lét seg overtale til ikkje å gjere det av Petrarca (56). 

7. *

Henry James tok timar for å lære å sykle (56). 

8. *

Seneca, Lucian og Petronius fekk alle ordre om å ta livet av seg av Nero. Alle opna dei ei åre (65). 

9. *

Isaac Newton døydde som jomfru (64). 

10. *

Balzac skreiv åttifem romanar på tjue år (67). 

11. *

Ikkje-lineær. Diskontinuerlig. Collage-aktig. Ein montasje.

[…]
Eller ikkje av nokon bestemmeleg sjanger?
[…]
Ein semifiktiv semifiksjon? Kubistisk?
[…]
Og delvis også ein fjern slektning av A Skeleton Key to Finnegans Wake?
[…]
Uansett med trassige kryssreferansar og ein kryptisk interkonnektiv syntaks (171). 

12. *

Ein roman av intellektuelle referansar og allusjonar, så å seie uten mykje av romanen? (71). 

13. *

Ein mann endevender gjerne eit halvt bibliotek for å skrive ei bok, sa Johnson (72).

14. *

Arkimedes måtte dragast med makt til badekaret (75). 

15. *

Då Poe, tjuesju år gammal, gifte seg med kusina si, Virginia Clemm, var ho tretten. Og hadde tæring.
I Tyskland ikkje mykje før hadde Novalis vore forlova med ei jente på tolv. Men ho døydde (81) 

16. *

Hvis Hovedperson skal ha undervist, har det vore berre kort. Og/ eller deltid. Kanskje på skrivekurs (83). 

17. *

Mona Lisa har ikkje augnebryn (82).

18. *

Beckett skreiv Molly, Malone Dies, The Unnamable og Waiting for Godot på mindre enn to år seint på 40-talet.
Og levde så å seie utan anna inntekt enn dei få centimane kona tente på kjolesøm (96). 

19. *

Platon fullførte Lovene då han var seint i syttiåra, mellom anna med å tilrå dødsstraff for dei som sår tvil om statsreligionen (97). 

20. *

Det første arbeidet Schopenhauer fekk utgitt var avhandlinga Om prinsippet om den tilstrekkelege fornuftas firefaldige rot.
Mor hans, som var romanforfattar, sa at det høyrdest ut som noko for apotekarar (111).

21. *

Ein går ut frå at Randall Jarrell tok livet av seg. Det ser ut til at han ganske med vilje gjekk ut i vegbana til bilen som drap han (111). 

22. *

I The Concise Cambridge History of English Literature frå 1941 står det at ingen nokon gong vil lese Ulysses, sjølv ikkje om ein gav den bort (121). 

23. *

Becketts Murphy blei refusert av førtito forlag (123). 

24. *

Legender frå mellomalderen fortel at liket etter Aquinas blei kokt og beina tatt vare på som relikviar (132). 

25. *

Evripides blei sitert oftare av både Platon og Aristoteles enn nokon anna dramatikar. Plutark fortel at også Aleksander siterte han ofte. I eit samkome ikkje lenge før han døydde sa han fram ein heil scene (134). 

26. *

Då John Stuart Mills hushjelp i vanvare brende det einaste manuskriptet som fanst av Carlyles French Revolution, hadde Carlyle alt øydelagt notatane sine. Han sa seinare til Tennyson at å prøve å skrive det om att var som å symje utan vatn (134). 

27. *

Eg klarte ikkje å lese den. Menneskehjernen er ikkje så kompleks.
Sa Einstein då han levert tilbake ei Kafka-bok til Thomas Mann (140) 

28. *

Rilke las aldri ei avis (142). 

29. *

Sapfos dikt blei brende minst tre gonger av kyrkja. Mindre enn sju hundre liner finst att av det som sannsynlegvis var tolv tusen (143). 

30. *

Ifølge legenda drukna Li Po då han var full og fall ut av ein båt, fordi han lente seg for å kysse gjenskinet av månen (144).

31. *

Valéry sa at han aldri kunne skrive ein roman av ein uoverstigeleg grunn. Han ville bli nøydd til å ha med setningar som Greven gjekk ut klokka fem (155). 

32. *

Tennyson las i Cymbeline då han døydde. Eksemplaret hans av skodespelet blei lagt i kista med han. 

33. *

Sei til dei andre at det ikkje er vits i å vente på meg lenger no.
Sa Crazy Horse, som blei stuken i ryggen med bajonett ved Fort Robinson (163).

34. *

Héloïse og Abelard ligg gravlagd i eit einkelt gravkammer på Père Lachaise (168). 

35. *

Mikhail Bakhtin miste ein fot på grunn av ein skjelettsjukdom (180). 

36. *

Vi kan bare imitere en gest som alltid er forutgående, aldri original. Den som kommer etter maleren, plagiatoren, bærer ikke lenger i seg lidenskaper, humor, følelser og inntrykk, men snarere det enorme leksikonet han henter fra (Sherrie Levine sitert i Lars Fr. H. Svendsen: Kunst, 2000). 

37. *

De Kooning: Ein fyr kom inn i atelieret mitt i femten minutt og skreiv noko det tok seks timar å lese (195). 

38. *

Pierre Menard (216). 

39. *

Mange bøker sluttar ikkje (231).

40. *

Denne setninga er ei løgn (164).