Protesar
Det var på den tida eg laga meg protesar
kor på eg kutta
av mine eigne lekamsdelar, først veslefin
geren, så heile h
anda og etter kvart h
ovudet
– frå då av vart det berre verre og verre
og til sist hadde den kunstige intelligensen min
utstyrt meg
med verdas største dildo