Kor flatt språk er ein overraskande slutt verdt? Det må vere opp til lesaren av Aslak Nores nye roman Havets kirkegård å vurdere.

Det er mange velkjende forteljingar om krigen, og det er mange ukjende forteljingar om krigen. For begge delar finst det ein marknad, det siste stadig større, i takt med at tidsvitna og sigersherrane (som, som kjend, skriv fyrste versjon av historia) døyr ut. Aslak Nore – Balkan-veteran, journalist, forfattar, krimspaltist og forlagsredaktør – har skrive fleire fortelingar frå fleire krigar: Han debuterte i 2007 med sakprosaboka Gud er norsk, om norske soldatar i utlandet, og kom seinast i 2017 med spionromanen Ulvefellen, sentrert kring ein tidlegare frontkjempar.
Og no har han skrive ei ny: Havets kirkegård, ein thriller sentrert kring arvingane til ein skipsredar og krigshelt som omkom under forliset av hurtigruteskipet DS «Prinsesse Ragnhild» hausten 1940 – eit forlis som er eit historisk faktum, sjølv om årsaka til at skipet gjekk ned aldri er blitt eintydig slått fast. Den rådande hypotesen peikar på ei mine, men skal ein tru eit vitnefråsegn som ifølgje Nores forord til romanen ikkje er ålment kjend, kom eksplosjonen, som kosta meir enn 300 menneske livet, innanfrå skipet sjølv. Denne diskrepansen mellom den offisielle forteljinga («truleg ei mine») og eit tidsnært vitnemål («definitivt ein innvendig eksplosjon») gjer forfattaren til si plottmessige og tematiske overbygning. «Oslofalanksen» av den omkomne redarens etterkommarar, med patriarken Olav Falck i spissen, vert nemleg kasta ut i uroleg farvatn når Olavs mor, den tidlegare forfattaren Vera Lind, tek livet av seg utan å etterlate eit testamente. Den bankerotte bergensavdelinga av slekta augnar moglegheita til å ta tilbake ein større del av den enorme formuen Olav Falck har bygd opp i etterkrigstida, og får overraskande hjelp frå Olavs lojale dotter Sasha, som vert trekt mot løyndommane i farmoras liv: Kva var det eigentleg som skjedde under forliset der ektemannen mista livet og ho så vidt berga eige liv og den nyfødde sonen sin? Svara peikar i ei retning som går på tvers ikkje berre av den forteljinga familien i alle år har fortalt om seg sjølv, men av den offisielle forteljinga om den andre verdskrigens heltar og fiendar. Eit omfangsrikt persongalleri, som òg inkluderer ein tidlegare etterretningsagent med lang fartstid i dei mest betente områda av Midtausten, trekker trådane mellom andre verdskrigen og dagens geopolitiske situasjon, og rettar søkelykta mot dei løyndommane som framleis ikkje toler dagens lys.


