Om Kjærlighetens Antarktis av Sara Stridsberg.
Som skuggar frå ei gatelykt
Kjærlighetens Antarktis
Sara Stridsberg
Roman, 304 sider
Aschehoug, 2019

I ei tid kor den liberalistiske forteljinga om frie val – at vi alle er vår eigen lykkes smed – blir stadig meir normalisert, kan bøkene til Sara Stridsberg sjåast som ei motvekt til eit slik individfokusert menneskesyn. Forfattarskapen, som tok til med Happy Sally i 2004 og heldt fram med prislønte Drømmefakultetet (Aschehoug, 2009), Darling River (Aschehoug, 2012) og Beckomberga (Aschehoug, 2015), kjenneteiknast av eit særskilt skarpt blikk for dei sosialt utstøytte, menneske i ein tilstand av prekær utsettheit eller undergang. I Drømmefakultetet følgde vi radikalfeministen Valerie Solanas’ siste dagar på eit lurvete hotellrom. Beckomberga hentar namnet sitt frå det no nedlagde mentalsjukehuset i Stockholm, det stigmatiserte «Beckis». Kjærlighetens Antarktis, på norsk ved Monica Aasprong, er historia om den unge kvinna Kristina, som er drepen av ein namnlaus mann. Han plukkar henne opp på Herkulesgatan i Stockholm ei sommarnatt på åttitalet, valdtar og drep henne i skogen, parterer kroppen hennar og fordeler delane i området. Frå døden, som ikkje er nokon himmelsk eller transformativ død, men snarare ein slags spøkelsesaktig limbotilstand eller spalting, går Kristina gjennom verda og følger med på menneska ho har forlate: mora Raksha, faren Ivan og barna Solveig og Valle. Gjennom tilbakeskodande sveip og i Stridsbergs særeigne draumeaktige språk fortel Kristina om livet sitt; om oppveksten med alkoholmisbruk og fattigdom, veslebroren som døyr i ei drukningsulykke, og vegen inn i narkotikaavhengigheit og prostitusjon. Med kjærasten Shane får ho Valle, som etter kvart hamnar hjå ulike fosterfamiliar, og Solveig, som ho frivillig gir frå seg rett etter fødselen.
Livet til Kristina og familien hennar står fram i skarp kontrast til det Sverige som vi elles er vane til å sjå for oss frå denne tidsepoken: Olof Palme-Sverige, Folkhemmet-Sverige, landet kor alle skulle med i ein fellesskap. Men som Stridsberg skildrar, finst det hòl i alle sosiale nett, menneske som står utanfor velferdssamfunnet, som lever sine liv «som en flaggermus på verdens bakside». Og kven personifiserer vel utanforskap sterkare enn den prostituerte kvinna? Som løvetann dukkar ho opp alle stader, som ved ei naturlov, uansett kor mykje ein prøver å reinske henne bort. Så lenge det finst naud, fattigdom, rus og patriarkat, vil desse kvinnene alltid stå i ei gate i byen. Noko av styrken ved Stridsbergs prosjekt er ei insisterande merksemd retta mot desse skjebnane som vi som samfunn ikkje veit korleis vi skal takle, og som vi av ubehag og motvilje skyv ut i periferien, kor dei blir ståande utan vern. Blanke lerret som farlege, rovdyraktige menn kan projisere sitt kvinnehat og sine drapsfantasiar på, og som ingen vil sakne eller halde rekneskap med: «Der er alt tillatt og vi er alltid der. Vi venter oss ingenting, vi har ikke noenting, vi bare er der, man kan gjøre hva man vil med oss. Vi oppsto i regnlyset som skygger fra en gatelykt.»

