I Det kinesiske rommet skriv Jan Grue klisjéfylt om menneske som blir robotar. Dårleg er denne boka likevel ikkje, ho er heilt grei.

Medan eg las Det kinesiske rommet, kom eg til å tenka på ein annan sci-fi-roman, nemleg Fiasco (1986) av Stanislaw Lem. I Fiasco vekker dei til live ein romskipspilot som blei frosen ned for over 100 år sia , og tek han med på ein ekspedisjon til ein planet langt borte, der ein har oppdaga intelligent liv. Ekspedisjonen prøver å kommunisera med desse vesena, problemet er: Dei får aldri svar.
Den nyaste romanen til Jan Grue er ganske annleis enn Fiasco. Me er i 2027 i ei verd som liknar vår med ganske små endringar: Kamala Harris har vunne presidentvalet (han angrar nok på denne), kong Haakon har erstatta kong Harald av di sistnemnde har døydd eller gjeve frå seg trona si, og det er krig mellom Kina og Taiwan og mellom Georgia og Moldova. Inkje nytt under sola for å nytta ein klisjé, noko Grue diverre au har gjort ein del gongar i denne romanen.

Romanen har fleire forteljarrøyster, og me hoppar mellom Kina, Russland, Noreg, USA og Israel. Alle forteljarar møter karakterar som brått har endra personlegdom. Somme har blitt særs rasjonelle og mista empatikjensle, robotiske kan ein vel seia dei har blitt. I tillegg til dette opplever verda ei sjølvmordsbylgje, noko «robotane» ser ut til å oppmuntra til for menneske dei ikkje tykker har ein nytteverdi i samfunnet. Det heile spissar seg med sjølvmordssarkofagar i California og ein liten trupp sett saman av dei av forteljarane som ikkje har blitt robotzombiar, og som skal redda menneskeheita frå å bli til maskinar av kjøt, skjelett og blod. Det skal dei gjera ved å spora opp ein mystisk litteraturvitar med namn Ecco, i håp om at han har ei løysning på problemet.
Noko av det eg tidleg stussa over i lesinga mi, er stereotypiane i boka. Det er hjå kinesarar det er ei sterk matlukt i leilegheita, det er ein av russarane som er alkoholisert, sjølvsagt er den ikkje-binære ung, på venstresida og tidlegare aktivist. Problemet med desse stereotypiane er at dei forsterkar kjensla av at karakterane ikkje er menneske, men kulisser som er der som sjablong for forteljinga til hovudpersonen, Philip Vinge. I denne romanen er det berre ein karakter som kjennest som eit menneske, og det er Philip, noko som får meg til å lura på om det hadde vore smartare med berre forteljarrøyst.
Født 1984. Forfatter og oversetter. Seneste bok: Det er lenge til skumring (Samlaget, 2018).

