Av
Maria Horvei

Anmeldelse.
Publisert 20. september 2021.

Krafta i forteljinga

Hanna Dahls fyrste roman stiller vanskelege spørsmål. Er dei vanskelege nok?

Kraft
Hanna Dahl
Roman, 152 sider
Gyldendal, 2021

Av
Maria Horvei

Anmeldelse.
Publisert 20. september 2021.

Kraft
Hanna Dahl
Roman, 152 sider
Gyldendal, 2021

Det er ein eg-forteljar med eit klart prosjekt som møter lesaren i prologen til Hanna Dahls fyrste roman, etter den strålande novelledebuten Rønneimperiet i 2015. Føre han ligg ein stabel papir: «Øverst ligger mappen min, lenger nede finner jeg bunker med notater fra det jeg har lest og det jeg har opplevd.» Som tidlegare NS-medlem, SS-veteran og frontkjempar har han no sett seg føre å «gjenoppvekke minnene. Forsøke å løfte frem de riktige ordene, formidle opplevelsene. Jeg vil gi dem fremstillingens form».

Det er eit anslag som peikar mot ein veletablert litterær tradisjon: Fyrstepersonsforteljarens forsøk på å forsone seg med feilstega i eige liv. Minnets feilaktige natur, kombinert med det sjølvoppretthaldande instinktet for å tolke eigne handlingar i beste meining. Ettertidas moralske dom, sett opp mot individets stundom heltemodige, stundom patetiske forsøk på å halde fast på sine private, idiosynkratiske handlingsgrunnar. Den evige impulsen til å gje det heile ei form, til å setje livets uunngåelege kaos av tilfeldige hendingar og sjølvmotseiande val inn i ei forklarande ramme, til å skape ei forteljing det er mogleg å leve med. «We tell each other stories in order to live», skriv Joan Didion i ein mykje sitert passasje frå The White Album (1979) – for så å fortsette med det mindre siterte: «Or at least we do for a while.» Det er i brytningspunktet mellom desse to setningane – mellom historieforteljing som overlevingsmekanisme og historieforteljing som sjølvbedrag – ein finn verk som Nabokovs Lolita (1955) og fleire av nobelprisvinnar Kazuo Ishiguros romanar, ikkje minst Resten av dagen (1989).

Eit godt stykke på veg er det også her ein finn Kraft. Det som følgjer etter prologen, er stila dels som ein konvensjonell roman, der eg-forteljaren legg fram forteljinga om sitt siste oppdrag for den tyske okkupasjonsmakta. Under den såkalla Operation Schneehund var han patruljeførar for ei gruppe på seks soldatar som i april 1945 vart sigla med ubåt til Seglodden, vest for Vardø, for der å speide etter teikn på russisk invasjon på Varangerhalvøya. Installerte i ei hole, medan kalenderen kryp i retning frigjeringsdagen, strever Hitlers sølvrevar med å utføre eit stadig mindre meiningsfullt oppdrag i praksis, med å oppretthalde moral og med kummerlege forhold. Forteljarens språk er nøkternt med ein anakronistisk tvist, men heller ikkje fritt for slåande formgrep – som når forteljaren på eit tidspunkt ser for seg forsøket på å vekkje fortida til live som eit djupdykk ned det same farvatnet som ubåten navigerte i: «Langt der nede finner hendelser, forløp og konsekvenser en avklart ro.» Men så, når han må lade batteria, tvingar han seg ut i verdsrommet, for derfrå å sigle ned igjen til «klodens overflate»:

Til Seglodden som stikker ut fra land i en av Barentshavets fjorder, jeg senker meg ned til huleåpningen. Derfra ser jeg de merkeligste steinformasjoner rundt oss, sorte knortete spyd løftet mot himmelen, fjellsiden kneiser over stranden.

Den litterære konstruksjonen denne framstillinga er, der samtalar vert attgjevne som ordrette sitat og einskilde dagar vert skildra i detalj, vert broten opp av forteljarens konferering med arkivmaterialet, av hans personlege refleksjonar og sjølvransaking. «Jeg ser at denne framstillingen blir stadig mer oppstykket, at den så å si bryter ut av sitt eget rammeverk», skriv han ein stad:

Det har vel å gjøre med at det jo ikke er en fortelling. Det er slik det blir når man setter seg fore å vekke minner til live. Minnene brytes mot tidslinjen og alle hendelsenes forløp, og så blander ettertidens minner seg uvilkårlig inn, og nåtidens refleksjoner.

Truleg er det i dette medvitet om prosjektets håplause karakter at Kraft mest tydeleg skil seg frå romanane nemnd over – romanar som i stor grad er prega av forteljaranes sjølvbedrag. Ishiguros butlar feiar arbeidsgjevarens synder under teppet. Humbert Humbert lukkast eit stykke på veg i å gjere lesaren til ein medskuldig i brotsverka sine, gjennom den erotiske krafta i det han formidlar. Men til sjuande og sist kjem han ikkje spesielt godt ut av sitt eige forsvarsskrift.

Difor var det kanskje noko så enkelt som sjangerforventing som gjorde at eg i lesinga av Kraft venta på at brestane i forteljinga til eg-personen skulle kome til syne: at han gradvis skulle bli trekt i retning av den delen av si eiga forteljing han eigentleg ikkje ynskte å nærme seg. Det naturlege objektet for ein slik berøringsangst ville her vore forteljarens forhold til sjølve den nazistiske ideologien og dei antisemittiske og rasehygieniske tankane denne krinsar kring. Men legg eigentleg Kraft opp til ein tydeleg avstand mellom det forteljaren seier og det lesaren forstår?

I si melding av boka, skriv Morgenbladets kritikar Bernhard Ellefsen at det ikkje kan vere nokon tvil om at me har med ein såkalla upåliteleg forteljar å gjere. Sjølv er eg faktisk sterkt i tvil. For at forteljaren skal stå fram som upåliteleg, må det finnast noko i romanen som heilskap som forteljarens framstilling kan dissonere med. Det finn eg ikkje i Kraft. Tvert imot kling forteljaren truverdig når han minimerer rolla det ideologiske spelte i feilsteget hans: «Og så denne ideologien, hva kan jeg si om den, det mentalteoretiske fundamentet? Jeg nøyer meg foreløpig med å si at den ble ledsaget av noe så enfoldig som en utstudert trang til å bli beundret, et parallelt og ynkelig ønske om å sitre.» Det vesle hintet om vidare utbrodering vert følgt opp seinare i romanen:

Det vektlegges tidvis at det fordret eller fostret noe helt særskilt hos den enkelte å stå i tysk tjeneste under krigen, hva enten det var av raseideologisk overbevisning, råskap eller antisemittisme. Det er nok sant i mange tilfeller, men jeg frykter at det likevel er en avsporing. Jeg tror vi må leve med at motivasjonen var usammenhengende og utilstrekkelig for flere av oss, at den var av dårlig kvalitet, som virkeligheten kan være det.

I motsetnad til andre SS-veteranar han har vore i lag med i tiåra etter krigen, kjenner forteljaren heller ikkje at han har rett til å motsetje seg å bli stempla som nazist. «Jeg får stå ved at jeg var nazist, tenker jeg. Som frivillig for det tredje riket er det vanskelig å unnslippe den vanæren.» Han var ingen raseideolog eller antisemitt, skriv han, men han avla frivillig ein eid til Hitler. Det han spør seg, og som Kraft forsøker å nærme seg svaret på, er korleis han kan leve både med historias realitetar og med seg sjølv.

*

Etter at NRK i vår sende dokumentarserien «Frontkjempere», oppstod det ein debatt om filmskaparanes framstilling av kva som fekk frontkjemparane til å gå inn i kampen på tysk side, av omgangen deira med den nazistiske raseideologien og av deltakinga deira i grove krigsbrotsverk. Historikarar som hadde medverka til serien, retta i etterkant skarp kritikk mot det dei såg på som ei villeiande framstilling av kva motiv frontkjemparane hadde for å gå inn i krigen. Dokumentarseriens bodskap, skreiv historikarane Sigurd Sørlie, Terje Emberland, Lars Borgersrud og Arnfinn Moland i eit lesarinnlegg i VG 6. april, «er at det store flertallet av de krigsfrivillige, foruten eventyrlyst, var drevet av ønsker om å gjenvinne Norges frihet, gjenreise en norsk hær, bekjempe kommunismen og/eller bistå Finland». Serien fungerte såleis som eit ekko av den forteljinga norske SS-veteranar sjølve har kjempa for: Ei etablering av avstand mellom seg sjølv og det nazistiske prosjektet, og ei framstilling av si eiga krigsdeltaking som like patriotisk som krigsdeltakinga til norske allierte: Dei hadde kjempa for Noreg, ikkje for Tyskland. Men dette er ei sanning med store modifikasjonar, skreiv historikarane:

I virkeligheten er det umulig å forstå hvorfor nordmenn gikk i tysk tjeneste uten å ta i betraktning at det store flertallet sympatiserte med NS og partiets nazistiske ideologi. Kildene levner ingen tvil om at langt de fleste ble rekruttert fra partiets rekker, og at budskapet om verving hadde minimal appell utenfor bevegelsen. Selvsagt varierte den ideologiske bevisstheten sterkt, og andre motiver var utvilsomt ofte utslagsgivende, men identifikasjonen med den nazistiske bevegelsen utgjorde normalt en nødvendig forutsetning for å gå i tysk tjeneste.

No er det faktisk eit ganske stort samanfall mellom det desse fagpersonane omtalar som «SS-veteranenes mytologi» og den forteljinga eg-personen i Kraft legg fram, om enn med monaleg større vilje til sjølvkritikk enn det som kom fram blant dei intervjua veteranane i «Frontkjempere»: Han frykta bolsjevismen, han sympatiserte med finnane, og han var driven av ein sterk, ungdommeleg trong etter å bidra, etter å utrette noko.

Men så er det også grunnleggjande skilnad mellom krava som kan stillast til ein dokumentarfilmskapar og ein skjønnlitterær forfattar. Einskildmennesket som står i sentrum av Kraft, er ikkje plikta til å fungere som representativ figur for tidlegare frontkjemparar og heller ikkje til å personifisere spenninga mellom den forteljinga majoriteten desse har ynskt å overlevere til ettertida, og den meir grumsete verkelegheita historikarane over viser til.

Det er heller ikkje slik at den forteljaren Dahl presenterer i Kraft, er historisk umogleg; «den ideologiske bevisstheten varierte sterkt», og sjølvsagt var motivasjonen, slik Dahls forteljar skriv, i mange tilfelle svakt fundert. Tidleg i romanen viser forteljaren til Hannah Arendts omgrep «ondskapens banalitet». Arendt stod i si tid for eit avgjerande vendepunkt i den ålmenne forståinga av nazismens grusomheit, og ikkje minst av kva som skulle til for å gjennomføre nazismens prosjekt: ikkje kaldblodige, strategiske ideologar, men alminnelege menneske som ikkje evna å tenkje forbi sin eigen smålåtne plass i systemet. Som Krafts forteljar skriv lenger ut i romanen: «De færreste av oss var hardkokte masseutryddere av sinn. Det å bli hardkokt av utøvelsen, er en annen sak. Det er ikke bedre, men det er noe annet.» I slike små nyanseringar er Kraft god. Eit anna døme, som på mange måtar summerer opp forteljarens prosjekt: «Det er vanskeleg å angre på handlinger du ikke kjente rekkevidden av, men angeren har reist seg som et uoverstigelig fjell i ettertid.»

At heller ingen andre delar av romanens persongalleri vert brukt til å gje eit omriss av den ideologien dei unge soldatane på eitt eller anna vis vart konfronterte med, skurrar noko meir – i alle fall for denne ikkje-historikaren, med «Frontkjempere»-debatten friskt i minne.

Det fremste spørsmålet som melder seg etter å ha lese Kraft, er likevel kva litterær kostnad forteljarens avstand til dei vanskelegaste sidene ved den tyske okkupasjonsmakta kjem med. Utover det faktiske handlingsforløpet er det lite som vert avdekt i romanens siste del som ikkje avteikna seg allereie i prologen. Forteljarens reflekterte sjølvinnsikt erstattar den indre spenninga teksten elles kunne hatt, om han hadde nærma seg det som er eit endå meir tornefullt moralsk dilemma: Korleis forsone seg med handlingar som ikkje berre har ein vond konsekvens, men som også spring ut av vonde motiv? At «motivasjonen var usammenhengende og uttilstrekkeleg» for fleire av dei unge mennene som valde tysk side, utfordrar ikkje nødvendigvis den kapasiteten for menneskeleg forståingsevne dei fleste av oss er utstyrte med. Kraft syner, slik Rønneimperiet også gjorde, at Hanna Dahl er ein forfattar med ein stor kontroll over eit ambisiøst stofftilfang. Difor tillet eg meg også å spørje: Skulle ho ha gjort det endå vanskelegare for seg sjølv?

Maria Horvei

Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.