Av
Simon Malkenes

Anmeldelse. Publisert 4. februar 2004.

Hotel Tropical. Nettenes fedreland
Kjartan Fløgstad
Universitetsforlaget, 2003

Av
Simon Malkenes

Anmeldelse. Publisert 4. februar 2004.

Hotel Tropical. Nettenes fedreland
Kjartan Fløgstad
Universitetsforlaget, 2003

Simon Malkenes

Født 1971. Lektor, forfatter og kritiker.

1. *

Ein klassisk definisjon av millenarisme eller endedagstenking er lansert av Norman Cohn i boka Jakten på Tusenårsriket. Ei slik tenking har fem kjenneteikn: 1. Kollektiv; den vedkjem alle rettruande. 2. Jordisk; Hendinga skal skje i denne verda og ikkje den neste. 3. Snarleg; Hendinga skal skje snart. 4. Total; Hendinga inneber ei fullstendig omvelting av tilvere. 5. Mirakuløs; Hendinga er blitt til av, eller kjem som eit resultat av det godes kamp mot det vonde. Fløgstads topos og den norske sjølvforståinga har, i Hotell Tropicana, fleire familielikskapar med ei slik tenking. Problemet har røter i Karl Poppers tenking kring Irrasjonalisme. I The Open Society and its Enemies har han påpeika at hovudproblemet med ei slik tenking er kunnskapsforståinga som vert forfekta. Fordi den djupaste sanninga om mennesket ikkje kan gripast av fornufta, vert rasjonell dialog og kritisk etterprøving forkasta som yttarste appellinnstans for påstandars sanningsgehalt. Forlet ein den rasjonalistiske posisjon til fordel for ei vektlegging av det ein oppfattar som djupare lag i menneskenaturen, vil ein ende i ei oppfatting av den rasjonelle tanke som ein overflatisk manifestasjon av det som skjuler seg i det «Irrasjonelle djup». Altså kapitalisme, imperialisme, globalisering osv. er rein vondskap som vil drive verda mot ei snarleg undergang. Det er slik fordi det er slik.

2. *

El Niño betyr rett nok Jesubarnet, men det er og namnet på eit av dei mest komplekse meterologiske fenomen vi kjenner til. Fløgstad siterer forfattaren Mike Davis: «lagnaden til dei tropiske folkeslaga blei avgjord i den historiske augneblinken då arbeidskrafta deira blei innlemma i den London-styrde verdsøkonomien, det vil seia mellom 1870 og 1914.» Davis knyter denne historiske utviklinga saman med den sykliske tilbakevendinga av det klimatiske fenomenet som blir kalla El Niño, med tilhøyrande svoltkatastrofar. Folk i tropane døydde i millionvis, ikkje fordi dei vart haldne utanfor det moderne verdssystemet, men i løpet av den prosessen som med makt pressa dei inn i imperialismens økonomiske og politiske strukturar. «Dei døydde i det gyldne tidsrommet til den liberale kapitalismen; rettare sagt dei blei myrda, som vi skal sjå, av den teologiske iverksettinga av dei heilage prinsippa til Smith, Bentham og Mill.»