Av
Nora Simonhjell

Anmeldelse. Publisert 18. juni 2001.

tilfeldigvis begjær
Anne Oterholm
Roman
Gyldendal, 2001

Av
Nora Simonhjell

Anmeldelse. Publisert 18. juni 2001.

tilfeldigvis begjær
Anne Oterholm
Roman
Gyldendal, 2001

Nora Simonhjell

Født 1970. Forfatter og universitetslektor.

1. *

Nora Simonhjell:
Å utsette blafringa

(Det følgjande er den uredigerte opninga av den artikkelen eg ikkje greidde å skrive for to år sidan, da Anne Oterholms roman Avslutningen vart ny. Det forsøket kollapsa av grunnar som er pinleg tydelege. Eg utsette avsluttinga av artikkelen så lenge at forfattaren altså greidde å skrive ein ny roman i mellomtida.)

Ein kan byrje på mange måtar.
Ein kan slutte på mange måtar.
Eller ein kan utsette slutten og byrjinga på mange måtar.

Halvpoetisk: Som eit blaffrande lauv. I vinden. Du ligg på ryggen. I graset. Ser opp i trekrona over deg. Veit det er sommar og at du ikkje kan bli eitt med dei. Lauva. Ser himmelen og solmosaikken innimellom. Eg huskar ikkje kven det var, men eg minnes ein forfattar som sa at å skrive var å gjere eit forsøk på å fange det som skjer mellom blada og solstrålane. Det er vinter medan eg skriv dette. Ute snør det sjølv om kalenderen seier vår. Blada på trea finst berre som minne. Som lovnadar om det som vil kome. Eller som ord. Til dømes som ord i Anne Otherholms siste roman Avslutningen. Og dei byrjar å blafre. Romanen blafrar, på same måten som blada på treet omslaget viser.

Fabulerande: – Tar det lang tid å tenkje?
        – Ja. Det tar lang tid å tenkje.
Det er kanskje ikkje noko som tar så lang tid som å tenkje. No tenkjer eg ikkje på dei tankane som går av seg sjølve, rundt og rundt og som ein kan bli utruleg lei av seg sjølv fordi ein tenkjer dei: kva skal eg ha til middag, kva tenkjer han eigentleg om meg, skal eg ringe, eller la det vere, ta på meg den svarte korte jakka, den halvlage, eller er dette ein dag for den fotside svarte kåpa? Nei – ikkje desse trivielle kvardagstankane, tankane som gneg og gneg og som du ikkje får ut av skallen. Desse tankane stel timar. Dei fører ikkje til noko. Skallen mel. Det verste er, når ein er i ferd med å bli merksam på at ein går slik og mel i skallen, så set dei seg fast, som dårlege poplåtar, eller gamle slagerar som mamma plar nynne. BLA BLA BLA…KLARGJER: Har dette i det heile ein funksjon??
        Nei, det er ikkje desse tankane eg tenkjer på, men dei såkalla vektige djupe tankane. Funderingane om litteraturen. Det gode. Det brutale. Meininga med livet, Gud – og kva skal eg gjere med livet mitt – tankane. Dei som kunne gi meg svara, tankane. Draumane. For, kven har ikkje erfart, gong på gong, at dei vektige tankane, glepp. Blir borte, kanskje kjem dei kanskje heller aldri i gang på ein ordentleg måte, for no må eg ta oppvasken og så kome meg på jobb, eller kanskje må eg handle litt først, rekk eg det, jo kanskje om eg spring. (STRYK DETTE?)

Presenterande: Avslutningen er Anne Oterholm sin tredje roman. Ho debutterte med ikke noe annet enn det du vil, i 1995. Dette er ein desperat, fragmentert fortalt roman om den absolutte undergangen der vi følgjer ein brors stadig meir maktesløyse forsøk på å hente inn søstera si frå det svarte. LITT OM Avbrutt selskap TENK OVER: KVIFOR HAR ALLE TITLANE HENNAR NOKO UFULLFØRT SOM ELEMENT
        Romanen er delt i fem nummererte namnlause delar. Kvar av dei fungerer som avsluttingar på fasar i hovudpersonens meir og meir miserable liv. Mona er hovudfagsstudent i litteraturvitskap. I den første delen følgjer vi henne att og fram frå hybelen til lesesalen, er med henne på dei obligatoriske vaktene på sjukeheimen. Ein pengejobb….
        Dette er romanen om kor ille det kan gå dersom du ikkje greier å gjere ferdig hovudfaget ditt i litteraturvitskap. Kanskje kunne ein reise eit krav: Avslutningen må takast inn som obligatorisk lesnad i byrjinga av tredje semester, for allereie Aristoteles understreka at verknaden av kunsten er avhengig av publikum si evne til å kjenne seg att i det dei får. Evna til å kjenne frykt og medkjensle – katharis og halleluja! Krumme ryggen. Skrive hovudoppgåva. Ta eksamen og det vil gå deg (meir eller mindre) godt og du vil leve arbeidslaus og pengelens, heilt til skuleverket, eller helsevesenet igjen omfamnar deg og ler av utdanninga di. Vi høyrer lyden av dei subbande helseskorne halvvegs i romanen og dette essayet blir skrive mellom vakter på ein annan sjukeheimen enn den fiktive (Korskirkehjemmet i Bergen).

Innlevande: Hovudpersonen Mona, sit heime på hybelen sin og prøvar å konsentrere seg om studiane sine. Ho skal skrive hovudoppgåve i litteraturvitskap om Caligula, men ho får det ikkje til. Det er vanskeleg å konsentrere seg og nett den boka som ho treng nett no, ligg sjølvsagt på lesesalen. Dessutan ringer telefonen heile tida, og veslesøstera Jone, som Mona tykkjer er overflatisk og dum, snakkar og snakkar, broderer ned dei finaste detaljane om kva ho og venninna hennar, Nina, til ei kvar tid gjer.
         Mona skal skrive om hatet. Mona er fascinert av hatet og flørtar med tanken om at ho eigentleg hatar, i alle fall kanskje litt, søstera si, Jone. Det er lov det, eller?, nei kanskje ikkje hatar henne, men… for kvifor kan ho ikkje skjønne at eg må lese, at eg må tenkje, at studiane mine, tankane mine, er viktige. Ho respekterer meg ikkje. Ho studerer ikkje. Ho kan ikkje skjønne at mine tankar og mi tid, er viktigare enn det ho gjer. Ho som berre spring ute, er med venninnene, arbeidar i butikk, og som berre slarvar om venninnas kjærleiksforhold. Venninna som forresten er saman med han kjekke forelesaren på sosialantropologi, stakkars han, ho er ikkje tru mot han, han kan sikkert ikkje snakke med henne i det heile. Ho er inga dame for han…. Ganske trivielt og klamt altså. Enkelt plott. Trekanten opplagd og forteljinga triviell.
        Det er kanskje ikkje spesielt interessant, men eg kjende meg kanskje litt for mykje att i Monas situasjon. For meg var det andre semesteret verst. Eg klarte aldri å stå opp i fredagane. Desillusjonert. Lamma av mine manglande akademiske evner og produserte sider låg eg stiv i senga og tenkte. Men det tar lang tid å tenkje, har eg tenkt i ettertid og ei avslutting er alltid også ei form for byrjing. Ei opning: klisjear! Dette er ei innsikt KK har rappa frå filosofien og som er så inne i tida. Vår eiga. Hu hei!
UTDJUP: korleis romanen fungerer som tidsbilete JF. MILJØ

Mona er ingen sympatisk hovudperson. Ho har ei svært sterk tru på seg sjølv og det ho held på med. Ho ser ned på søstera si og venninna som ho tykkjer lever overflatiske og tomme liv. Dei er ikkje på hennar nivå. Tenkjer ikkje. Studerer ikkje. Tar ikkje livet alvorleg på same måte som ho. Mona er i det heile ein svært usympatisk karakter. Ein får litt vondt av henne, kjenner seg kanskje litt att i henne, eller i det miste har ein sitte ved sida av henne på lesesalen. Den flittige, alvorlege hardtjobbande, litt naive studina: Hurpe!
UTDJUP: KARAKTERANE SOM TYPAR det sjablonaktige OG slutten: kva er det som skjer med denne romanen på slutten, jf. tittelen og slutten på den første romanen: Samanheng?? TENK!

Familien: Ein bør ikkje leike med dragar i vindstille ver, sa bestefar, men likevel er det rart, tykkjer eg, at Tom Egil Hverven, familie-teoretikar-mannen, ikkje seier noko om Oterholm sine romanar, der han leitar og les etter familien. Bror og søster, søster og søster er jo også familie og sjeldan har eg lese råare og meir kraftfulle tekstar om relasjonar mellom søsken enn det ein finn i Oterholms tre små romanar. I den første romanen hennar møter vi broren som spionerer på søstera si medan ho er i ferd med å drikke seg i hel. Han er ikkje i stand til å hjelpe henne, og han er ikkje i stand til å hjelpe seg sjølv. Ikkje i stand til å leve, å elske, å vere til, så lenge ho, søstera, finst. Romanen bare fordi du vil det er sår. Så uendelege sår. Og vond. Det handlingslamma skrik seg ut frå sidene, som i seg sjølve – gjennom Oterholms så sobre og så utruleg gjennomarbeidde stilistisk gjennomførte språk – er nedtona og avkjølte. Distanserte. I den motsetnaden dette etablerer skjer det noko. I språket. I lesaren. I tanken.
ER HVERVEN RELEVANT? DRA LINE TIL HØ OG TM. Korleis kan det ha seg at ein får tre så like romanar same året?

SPRÅKET SIMON! SPRÅKET! Kva skjer i språket jf. også narrasjon og struktur ….