Det sa ein om Ana María Martínez Sagi (1907‒2000), poet, journalist og fagforeiningsaktivist, mellom mykje anna.

Ana María Martínez Sagi, eller la Sagi som ho gjerne blei kalla, var etter Franco-diktaturet (1939‒1975) ukjent for folk flest fram til ein flittig skribent og forfattar, Juan Manuel de Prada, tok til å røkja etter i bibliotek og arkiv for å finna ut meir om denne eineståande dama. Arbeidet munna ut i romanen Las esquinas del aire. En busca de Ana María Martínez Sagi (på tungt norsk: «Hjørna i lufta. På leit etter Ana María Martínez Sagi»), som kom ut i 2000.1 Ikkje så rart kan henda at minnet om henne blei feia under teppet under Franco-diktaturet, då det blei lagt lokk på det meste av det dei opposisjonelle sa og gjorde.
Ana María blei fødd inn i høgborgarskapet i Barcelona, med ein far som var leiar i den viktige tekstilindustrien. Alt då ho var jente, lærte ho seg spansk og fransk, som familien såg på som høgtståande språk, i motsetnad til heimstadspråket katalansk, som dei rekna for å vera eit bondespråk og ikkje kultivert i det heile. Men den nyfikne jenta visste råd, ho lærte seg katalansk av dama som stelte henne, Soledad. Denne barnepassaren lærte òg Ana María korleis folk nedst på den sosiale rangstigen hadde det, noko som klart synte att i det la Sagi seinare gjorde og skreiv.2
At to kvinner kunne bli forelska i kvarandre, var slett ikkje akseptert på 1930-talet i Spania, heller ikkje på den politiske venstresida. Det brygga difor opp til skandale då la Sagi i 1931 innleia eit hemmeleg forhold til Elisabeth Mulder, også ho spansk skribent. I ei litterær melding om la Sagis poesi skreiv Mulder mellom anna at «her har vi ei kvinne som syng der det er så mange kvinner som skrik». Dei to damene var ei tid saman på Mallorca, og sidan utveksla dei brev og dediserte dikt til kvarandre, heilt til mora til la Sagi intervenerte og truga med ein offentleg skandale dersom det ikkje blei slutt på forholdet. Og slutt på forholdet blei det.3
Litt på slump kom ho inn i idretten. Ein lege oppmoda henne til å driva fysisk aktivitet for å få bukt med nokre hormonproblem ho hadde. Og det skulle ikkje gå lang tid før det blei klart at ho hadde eksepsjonelle evner i fleire sportsdisiplinar. Ho blei snart aktiv i fleire greiner: spydkast, tennis, ski og symjing. I spydkast blei ho spansk meister i 1931. Ho tok òg til å spela fotball i fritida, inspirert av ein bror og nokre søskenbarn. Men det ho likte aller best, var å skriva, og i byrjinga av 1930-talet kombinerte ho sport og skriving då ho fekk jobb i vekebladet La Rambla, som var skipa av Josep Sunyol.

Josep Sunyol var president i FC Barcelona då han i 1934 gav styremedlemmen Ana María Martínez Sagi i oppgåve å skipa ei kvinneleg avdeling i fotball. La Sagi var ikkje den som lét seg be to gonger, men ho levde i eit sterkt mannsdominert samfunn, også i styrerommet til FC Barcelona, og etter berre eitt år hadde ho fått nok og sa takk for seg i styret. Ho blei eit for stort trugsmål for dei fleste medlemmene i klubben, spesielt fordi ho ikkje stakk meiningane sine under stol. Ho ville føra kvinnene inn i eit moderne samfunn gjennom sporten.5 Ho blei den aller første kvinnelege medlemmen av leiinga i ein spansk fotballklubb.6 Ei sunn sjel i ein sunn lekam var eit slagord ho hadde sams med Josep Sunyol, som var politikar og parlamentsmedlem på venstresida. Sunyol fall sidan, i starten av august 1936, som eit av dei første offera for Francisco Francos opprørarar i Den spanske borgarkrigen (1936‒39).
OMFATTANDE ENGASJEMENT
La Sagi la for dagen eit stort sosialt engasjement. Som journalist intervjua ho alt frå tiggarar og prostituerte til politikarar høgt på strå. Og ho var ikkje den som gav seg med lettvinte, inkjeseiande svar. I det ho skreiv, var det lett å merka ei permanent uro for kvinner og deira situasjon. Spesielt kjent blei ho som forkjempar for kvinners røysterett, i avisartiklar og i offentleg debatt, i ei tid då dette var svært lite akseptert i Spania. Som feminist og sosial aktivist danna ho den første foreininga for kvinnelege arbeidarar. Målet var i første omgang å læra kvinnene å lesa og skriva, slik at dei kunne vera betre skikka til å ta del i samfunnslivet og spesielt bli klar over sin eigen situasjon.
Politisk var det ikkje lett å setja la Sagi i nokon partibås, jamvel om ho hadde stor sympati for journalist- og klubbkollega Josep Sunyol, som var parlamentsmedlem både regionalt i Catalonia og i det spanske parlamentet i Madrid. Sunyol var representant for ERC (Esquerra Republicana de Catalunya, «Catalonias republikanske venstre»), som var blitt til i 1931 og definerte seg som eit parti på venstresida som kjempa for katalansk suverenitet. La Sagi helte så definitivt mot anarkismen. Ho hadde sett og kjent nok døme på at makt korrumperer.
Som erklært antinazist tok la Sagi aktiv del i førebuingane til den såkalla folkeolympiaden i Barcelona, som var tenkt som eit alternativ til nazi-olympiaden i Berlin i 1936. Som journalist skreiv ho om ideane bak arrangementet, og som frivillig var ho med i diskusjonane om programmet og kvinnene si deltaking. No ville lagnaden det slik at borgarkrigen braut ut 18. juli 1936, dagen før folkeolympiaden skulle ha tatt til. Då det såleis ikkje kunne bli noko av olympiaden, slutta la Sagi seg som journalist og fotograf til den vidgjetne anarkisten Buenaventura Durrutis kolonne mot generalísimo Francos troppar. Ho rapporterte frå Aragon-fronten vest for Catalonia.7 Eit par månadar før Franco fekk full kontroll over Spania i starten på 1939, for la Sagi i eksil til Frankrike, etter ein strabasiøs flukt til fots over Pyreneane, til dels i drivande snøstorm.
I Frankrike slutta ho seg til motstandsrørsla mot dei tyske nazistane, også no som journalist. «Heile livet har eg slåst mot manglande rettferd, mot diktatur og mot undertrykking, så eg bestemte meg for å slutta meg til motstandsrørsla. Eg redda livet til mange jødar og franskmenn som flykta frå nazistane etter som dei rykte fram», sa ho til Juan Manuel de Prada i eit intervju på slutten av 1990-talet.8 Ho var sjølv på nippet til å bli tatt i 1942, då det frykta nazipolitiet Gestapo spora henne opp. Ho sleppte mirakuløst unna ved å hoppa ut eit vindauge.
Det blei mange vonbrot og nederlag for la Sagi, men ho gav aldri opp. Livet hennar vitnar om kva det kan kosta å vera feministisk pioner. I Frankrike måtte ho livnæra seg som best ho kunne. Ei stund levde ho på gata eller jobba som fiskar, og i Paris fann ein henne att som gatemålar og som dekoratør. Som gatemålar trefte ho på kona til den åndelege sjiamuslimske leiaren Aga Khan. Den fornemme dama inviterte la Sagi til å dekorera leilegheita hennar, noko ho òg gjorde. Medan ho var i Frankrike, hadde ho eit forhold til ein ingeniør, Claude, som ho fekk dottera Patricia med. Men motgangen ville ingen ende ta for la Sagi, og dottera døydde frå henne berre åtte år gamal. Sidan heldt tilværet i eksil fram i Chicago i USA, der ho frå 1950-talet av livnærte seg ved å undervisa i fransk språk og litteratur ved University of Illinois. I perioden 1929‒69 kom det ni diktbøker frå la Sagis hand, alle av høg kvalitet. Der produksjonen hennar blei omtala, hausta ho gode, til dels svært gode kritikkar.
PERSONLEGE DIKT ‒ OG DIKT FRÅ BORGARKRIGEN
I somme kretsar var la Sagi på 1930-talet kjent som dama som gjennom artiklar dekte den spanske borgarkrigen. I tillegg skreiv ho poesi, der ho ofte var personleg og intim. Dei til dels strålande kritikkane for diktbøkene hennar var nærmast unisone i samtida, og fleire av dei store spanske forfattarane, som Miguel de Unamuno (1864‒1936), sette henne svært høgt. I Spania blei dikta til la Sagi ofte jamførte med stilen og motiva til Rosalía de Castro (1837‒85), ei av dei verkeleg store i spansk litteratur på 1800-talet. Rosalía skreiv dikt så vel som romanar og var sentral i den spanske seinromantikken.
Som la Sagi var Rosalía de Castro ein ihuga representant for den gryande feminismen og heldt flammande talar for kvinner sine rettar i samfunnet. Ho spelte ei stor rolle for utviklinga av den kulturelle identiteten i Galicia nordvest i Spania. Men medan Rosalía nytta seg av både galisisk og spansk i litteraturen sin, var det berre unntaksvis at la Sagi skreiv på katalansk i dikta sine.9 Derimot kom svært mange av artiklane hennar i katalansk språkdrakt, i ei tid då katalansk stod sterkt både i eliten og mellom folk flest i den katalanske regionen nordaust i Spania.
Det verkar ikkje som la Sagi var overvettes interessert i kva som var moderne poesi i hennar eigen epoke. Når ho skriv om det personlege og det intime, er ho sterkt til stades i dikta sine, ho uttrykker seg enkelt og rett fram om kjærleik og liding, meir som tradisjonen frå den spanske romantikken og seinromantikken på 1800-talet.10 Litteraturmeldarar jamførte henne og stilen hennar også med dei store latinamerikanske forfattarane frå hennar eiga tid, som chilenske Gabriela Mistral, ho som i 1945 blei første latinamerikanar ‒ både mellom menn og kvinner ‒ til å få nobelprisen i litteratur. Som det engasjerte samfunnsmennesket ho var, sneia la Sagi likevel innom moderniteten i nokre dikt. Ho såg på denne, med sine skyskraparar og tendensar til overdriving, som ei dehumanisert tid.11
I dei skriftene ho gav frå seg, slutta la Sagi aldri å irritera og sjokkera, anten det gjaldt aktivisme for kvinner i sport, det sosiale engasjementet eller den seksuelle legninga, som ho aldri la skjul på.12 Her er ein smakebit i mi gjendikting:
Hald deg unna, då, mann.
Du er laga av kjøt og begjær.
Pusten frå munnen din
svir,
Eg kjenner avsky når du kjærteiknar meg,
Kyssa dine
lèt etter seg ein flekk på leppene mine.
I den spanske originalen:
No te acerques, pues, hombre
Tú estás hecho de carne y de deseo
El aliento que sale de tu boca
abrasa,
Me asquean tus caricias
Cuando besas,
me dejas en los labios una mancha.
Slik skreiv la Sagi alt i dette utdraget frå debutboka, «Caminos» («Vegar») frå 1929. Ein legg merke til at diktet er rett fram, utan rim og med frie, ofte særs frie verselinjer. Slik heldt ho fram med å skriva, også under vanskelege forhold i eksil. I vårt utdrag er det lidinga som dominerer. Temaet i diktet er ei fysisk tilnærming som vekker avsky på alle måtar: Eg kjenner avsky når du kjærteiknar meg. Det verkar som ein ikkje nærmare spesifisert person prøver å forgripa seg på henne. I det neste diktet dreier det seg også om liding, men av ein litt annan type.13
Tortur
Å Gud; kor det smertar i sjela mi
det infame piskeslaget,
og ho bryt saman, panna som skjuler
det nedrige avtrykket!
Og eg veit ikkje… Eg veit ikkje… Eg er redd
for ikkje å kunna fjerna det,
å bli ført med i ei svimlande flukt
at eg vil bli overvunnen og knust,
og gjort til slave
som ikkje kan frigjera seg!
Forstand! Forstand!
Du orkan som varslar forrykande uvêr.
Du brennande, nifse flamme som brenn meg opp.
Du flodbølgje som fører meg fram og attende.
Får du ikkje medkjensle av mine reine augo?
Eller i originalen:
Tortura
¡Oh Dios; cómo duele a mi alma
su zarpazo infame,
y se hunde la frente que oculta
la huella humillante!
Y no sé… Y no sé… Tengo miedo
de no poder arrancarle,
de que me arrastre en su vértigo
de que me venza y me aplaste,
¡y me convierta en esclava
que no puede liberrase!
¡Pensamiento! ¡Pensamiento!
Huracán que levantas tempestades.
Llama ardiente y pavorosa que me quemas.
Marea alta que me llevas y me traes.
¿No te dan compasión mis ojos limpios?
Her er det òg det negative som dominerer og som blir slått an alt i overskrifta (Tortur, frå samlinga «Noche sobre el grito», «Natt over skriket», redigert 1955‒70). I starten er det vanskeleg å veta kva «torturen» gjeld, men litt etter litt, og spesielt på slutten, går det fram at det dreier seg om lidenskapeleg kjærleik som ho er redd, kan henda fordi han ikkje lèt seg leva ut. Marta Gómez Garrido skriv at diktet er tileigna Elisabeth Mulder, som vi alt har nemnd at la Sagi hadde eit forhold til, og som mora truga henne til å gi avkall på etter trugsmål om offentleg skandale.14
Men la Sagi var i høg grad også opptatt av det sosiale og politiske livet i samfunnet. Deltakinga hennar på republikansk side i den spanske borgarkrigen blir reflektert i mange dikt, som i dette utdraget15 frå «De Laberinto de Presencias» («Om labyrint av nærvær», 1969):
Krigen
Vinden frå hatet
bind seg til tårna,
Ein livlaus måne
gyngar sømnlaust
over dei jævla
hòlene til menneska
høgdedraga spyr ut
tunge kanonar
bekmørke redslar
avskyeleg snakk
mørke eldkuler
blod og eksplosjonar.
Eller i originalen:
La guerra
El viento del odio
se anuda a las torres.
Una luna inerte
se columpia insomne
sobre las madrigueras
malditas de los hombres
los cerros vomitan
pesados cañones
tinieblas de espanto
pérfidos rumores
alumbradas negras
sangre y explosiones.
I ti linjer utan teiknsetting (linje 3‒12) spyr la Sagi ut sin avsky for krigen, slik «høgdedraga spyr ut tunge kanonar …». La Sagi hadde så visst eigne røynsler frå borgarkrigen. Som journalist og fotograf blei ho omtala som ein av dei modigaste av sitt slag. Tre gonger blei ho såra, den tredje gongen, i mars 1938, svært alvorleg. Ho låg i koma i tre dagar og mista synet for fleire månader.16 Ho la ingen ting imellom i jakta på dei gode reportasjane.
TILBAKE TIL SPANIA: VONBROT OG GLØYMSLE
Etter at diktatoren Francisco Franco døydde i november 1975, starta ein overgang til parlamentarisk demokrati i Spania. Nokre år seinare avslutta la Sagi eksilet sitt og slo seg atter ned i Catalonia. Men ho som hadde vore eit oppkomme av sportsleg aktivitet, feministisk aktivisme og uavhengig tanke, blei no ei inneslutta og mutt dame. Frå slutten av 1970-talet budde ho i landsbyen Moià 50 kilometer utanfor byen Barcelona. Her budde ho resten av livet, aleine, ukjent for naboane og gløymd av omverda.
La Sagi hadde det sams med mange andre på republikansk side at det ikkje blei snakka om dei under Franco-diktaturet, i alle fall ikkje i offentlege samanhengar. Også lagnaden til Barҫas martyrpresident Josep Sunyol ‒ han som hadde fått la Sagi inn i styret i klubben ‒ blei feia under teppet. Først rundt hundreårsskiftet fekk eg sjølv høyra om Barҫa-presidenten som blei skoten av frankistane. Og det skulle gå nesten 20 år til før eg fekk nyss i historia til la Sagi.
Grunnane til at la Sagi var blitt så inneslutta og bitter, delte ho med mange som hadde levd i eksil. Dei var alle særs vonbrotne over utviklinga i det spanske samfunnet etter at Franco døydde og diktaturet var ein saga blott ‒ eller var det slik heilt og fullt? Det skulle visa seg at mykje blei verande ved det same. Folk i rettsvesenet og politikarar på høgresida hadde, som så mange andre, utdanning og mentalitet frå diktaturet si tid. Og tura mykje godt fram som før.
«Korfor vil du gjenoppliva ei daud dame?» var noko av det første la Sagi sa til Juan Manuel de Prada då han omsider, etter mange fåfengde forsøk, klarte å få henne i tale. Då var ho 90 år gamal og hadde vent seg til å leva heilt anonymt i Moià. Historia om ein av dei skarpaste pennane mellom journalistar i 1930-åra, ho som hadde vore «pioner i nesten alt», var i ferd med å gå tapt. Den vidfemnande bakgrunnen til den gamle, bitre dama skulle først bli allment kjent etter at ho var død.
La Sagi døydde same året, ja, same dagen som Juan Manuel de Pradas bok om henne kom ut, 2. januar 2000.
Født 1949. Førsteamanuensis emeritus i spansk ved Norges handelshøyskole.
Fotnoter
- 1.
Prada. Juan Manuel de (2000), Las esquinas del aire. En busca de Ana María Martínez Sagi. Barcelona: Planeta.
- 2.
Beltran, Marcel (2021), https://www.publico.es/sociedad/periodista-frente-guerra-poeta-atleta.html.
- 3.
Fernández Fuks, Anuka (2021), https://latfem.org/la-sagi-entre-las-canchas-los-fusiles-y-los-versos/.
- 4.
Sjå fotnote 1.
- 5.
- 6.
Sanz Villanueva, Santos (2019), https://www.elespanol.com/el-cultural/letras/20190708/martinez-sagi-voz-sola/412210359_0.html/.
- 7.
Sjå fotnote 1.
- 8.
Sparre, Knut Enger (2024), https://snl.no/Rosalía_de_Castro.
- 9.
Carmena, Jesús (2023), https://jesuscarmena.wordpress.com/2023/06/20/ana-maria-martinez-sagi-poesia/.
- 10.
Poetryalquimia (2020), https://poetryalquimia.org/2020/02/16/7-poemas-de-ana-maria-martinez-sagi/.
- 11.
Sjå fotnote 3.
- 12.
Sjå fotnote 10.
- 13.
Gómez Garido, Marta (2014: 255), https://www.google.com/search?q=de+que+libro+es+el+poema+tortura+de+sagi.
- 14.
Di Verso, Laura (2022), https://www.zendalibros.com/poetas-espanolas-y-la-guerra-civil/.
- 15.