«I staden for fleire diktantologiar om kjærleik burde dei lage antologiar med dei største løgnene vi har blitt fortalt.»
Atten halvsanningar
Omsett frå spansk av Helene Hovden Hareide.
Essayet inngår i serien «sanning», og er eit samarbeid med LitFestBergen 2025. Under festivalen kan ein høyre essayet som foredrag.
Tidlegare i denne serien:
«Spillrornas år» av Johannes Anyuru
«Forfattaren og sanningas paradoks» av Abubakar Adam Ibrahim

1.
Heime hjå meg sa vi «sanninga bak snitselen» når vi sikta til den djupaste sanninga. For alle meiner det var dei som fann opp wienersnitselen. Enten dei er frå Wien, Milano eller Buenos Aires. Kanskje er det det einaste sikre, at vi ikkje kan seie noko sikkert?
2.
Så lenge eg kan hugse har eg levd i ei slags post-sanning. Eg veit ikkje om hjernen min lurer meg eller seier det som det er, men eg har aldri trudd på den, verken på den eller andre. For meg har alle støtt vore nokre løgnarar. Nevrose kalla vi det på 1990-talet. Men kven veit, kanskje er det ei gåve. Eg bygde ei litterær karriere på såkalla brutal ærlegdom. Eg er alltid ho som tilstår. Ho som til slutt konfronterer. Det var ingen pistol retta mot hovudet mitt. Kanskje har det å kjenne seg dupert i utgangspunktet, fått meg til å slå opp teltet mitt i motsett leir.
3.
Når byrja eg å forstå løgna som nettopp det? I starten trudde eg, det er eg sikker på. Ein startar i trua sitt rike. Så byrjar alt å bli forvrengt. Rifta mellom oppfatningane heime og råskapen i gata, måtte slå meg i bakken. Det må ha vore det. Eg vaks opp midt i ein krig. Eg tenkte at familien min snakka sant. Eg trudde verda ville fare fint med meg. Der ute fekk eg servert realisme i doble porsjonar. Og då eg oppdaga at det ikkje fanst noko sikringsnett under oss, bestemte eg meg for å hoppe.
Når byrja eg å lyge? Kanskje då eg bestemte meg for å snakke sant. I det uforsiktige utbrotet, der viljen til å rope det ut kunne luktast, lik blod, spira alt fyrste frøet til den planlagde løgna. Fiksjon? Det finst ikkje noko falskare enn forfattaren som erklærer seg oppriktig, og ikkje noko ynkelegare enn forfattaren som ikkje kan vere oppriktig. Ein oppriktig forteljar lyg til seg sjølv, ein fiksjonell forteljar lyg til oss, men alle seier noko om sanninga.
4.
Ho fortalde meg ikkje sanninga, men det drygde lenge før eg endeleg innsåg at ho hadde loge. Løgna etterlet meg åleine med alle spørsmåla mine til henne, som rabiate hundar kring meg. Det finst ålmenne løgner, men også løgner berre for éi, perfekt utforma og slu, ikkje som ein konsentrasjonsleir, men som eit skot. Ei løgn til meg, laga for å knuse alle illusjonar om meining i mi magre forståing av verda, ei evigvarande løgn. I staden for fleire diktantologiar om kjærleik burde dei lage antologiar med dei største løgnene vi har blitt fortalt. Men bak løgna ventar det oss endå ei audmjuking: sanninga.
5.
Sanninga for filosofane var det som fanst bak det ytre. For kvinnene er sanninga desse rynkene. Eg veit ikkje om det finst noko sannare enn furene som så vidt har teikna seg på huda mi og gitt førestillingskrafta mi ein ny tekstur. Materien, det skjøre ved den, er politikk. Mykje meir enn alt snakk om ånda.
6.
I landet mitt hadde vi ein sanningskommisjon. Det var viktig å snakke om skadane vi hadde påført kvarandre, snakke eit felles språk. Legge krigen bak oss, i teorien. Sjølv om vi skulle slåst om tala og konklusjonane, sjølv om det skulle bli meir brensel på polariseringas bål. Forteljinga er stemma til eit sår som kjempar for å bli høyrt. Men tida gjekk og vi såg forteljinga sine avgrensingar. No har vi brukt mykje tid på denne kampen for det symbolske. Men om rettferda kjem til kort, har sanninga kome til kort.
7.
Eg hatar når nokon seier «sanninga mi». For ein byrgskap over armod.
8.
Eigarskap til sanninga er fyllikane og andre altererte sitt privilegium. Å drikke det bitre blodet til ei jungelplanterot for å finne ut om den lyg for meg. Ha visjonar der det enorme omfanget av bedraget blir avslørt med monstrøs presisjon. Berre sjå det i draumar. Vakne og halde fram å tru på den. Ut frå gresk etymologi tyder sanning «utan slør», ut frå hebraisk tyder sanning «truskap».
9.
Ein dag spurte eg ChatGPT: Kva konfliktar for sanninga sine grunnpremiss oppstår av ChatGPT-bruken? Det svarte at konfliktane er mange. Eg samanfattar samanfatninga, ettersom eg framleis trur eg er godt for noko: 1. Autentisiteten og truverdet til informasjonen. 2. Ansvaret for sanninga. 3. Manipulasjon og fordommar. 4. Generering av desinformasjon. 5. Forvirring rundt forfattarskapet av sanninga. 6. Epistemologiske konsekvensar: Kva vil det seie å vite noko når ei maskin kan generere samanhengande svar utan eigentleg å forstå? KI-en genererer svar utan erfaring eller faktisk forståing av verda, noko som kjem i konflikt med dei tradisjonelle oppfatningane av sanning, ofte basert på menneskeleg erfaring, logikk og falsifiserbare bevis.
Ei verd der, som Huxley formulerte det, ei uinteressant sanning kvar dag blir overskygga av eit spennande bedrag. Og det er ikkje eingong vårt bedrag, men det til ein robot.
10.
Lat meg bruke sanninga tatt ut av samanheng. Lat meg bruke halvsanninga. Lat meg drage falske konklusjonar. Lat meg vere ein bedragar. Lat meg lage meg ei maske.
11.
Dei fyrste som kom tilbake var to av babyane eg hadde høyrt snakk om i pressa. Den bortførte babyen, steikt og servert til mora i fangenskap som om det var ein kjøtrett med poteter. Og babyen som døydde med faren, som framføre mora kasta seg ut frå fjerde etasje i eit sjukehus, mens han skreik «du har bedratt meg, no skal du få der det gjer mest vondt». Fyrst trudde vi det var ei uvanleg, global bølgje av koordinerte forlatingar av barn, for dei dukka berre opp frå ingenting, i perfekt tilstand. Eller ein viral kampanje for den nye HBO-serien. Men så vart det stadfesta at det var dei babyane, dei drepne, dei frå bombeangrepa, dei vi nokre gongar dei siste åra såg døy på direkten på YouTube. Eg hadde aldri førestilt meg dei slik, som eit kollektiv i seg sjølv, som vi alle skulle ha sørgt lenge over.
12.
Til antologien med dei verste løgnene i menneskets historie: masseøydeleggingsvåpena i Irak og du.
13.
Her om dagen, eg sver det er sant, på eit fly frå Brussel til Madrid, etter å ha sett meg til rette i setet, såg eg Vox-leiaren, Santiago Abascal, stige inn, på veg tilbake frå eit møte i Europaparlamentet. Han er mannen som kjem med flest fake news i minuttet i heile Spania om innvandrarane: «Kom ulovleg til Spania, så skal Sánchez betale losjiet, Sánchez skal betale livsopphaldet, han skal betale losjiet og han skal betale for reisa, med pengar frå alle spanjolane.»
Eg burde ha dedikert nokre av mine mest forbanna artiklar til den fyren. Ei tung bør av ansvar la seg på sjela mi. Eg fantaserte om moglege opprør i lufta. Passasjerane som reiste seg i indignasjon, at vi organiserte oss og nekta å flyge saman med ytre høgre-leiaren. Då vi letta, hadde eg berre éin tanke i hovudet: Du må ofre deg, du må få flyet til å krasje og som ei kvinne-bombe ta med deg den daudingen, før det er for seint og daudingen tek med seg oss alle. Men den flyturen er for kort for eit komplott. Då eg innsåg det, var vi allereie på bakken. Så eg byrja å lese opp eit gammalt dikt om innvandring, eit eg ikkje synest er så bra, for eg skreiv det på eit heilt anna tidspunkt, men eg tenkte at det ville vere det tydelegaste, eg las det høgt for å vere sikker på at han høyrde.
Ein dystopisk dag
skal kvar innvandrar
som bur
på denne jorda
forsvinne
Når ein minst
ventar det
Den dagen
skal den svarte fotballspelaren
håna av dei kvite
forsvinne frå bana
akkurat i det
han skulle til
å skåre.
Innvandrarkvinna
som plukkar jordbær
Valdteken og utnytta av sjefane sine
skal ho forlate åkeren
brenne grøda.
Han som gav deg menyen
skal late deg vente
til det blir kveld
På ein rett full av
spyttklyser.
Bygningsarbeidaren
skal lette som ein fugl
frå øvst i byggearbeidet.
Og bygningane skal falle
som skjelvande jentebarn frå brystet ditt.
Rosettar frå brysta.
Barnepassaren
skal forlate ungen din i parken
og den skal trille åleine
rullestolen til far din.
Eg merka ubehag rundt meg, litt mumling, men ingen sa noko, ingen støtta meg. Då eg kom ut, hadde eit europaparlamentsmedlem frå Podemos sendt meg melding på Instagram om at ho nett hadde høyrt meg på flyet og ho gratulerte meg med diktet. Ho sa Abascal hadde hatt verdas verste ansiktsuttrykk. Kva har vi att anna enn einsemda og performancen.
14.
Eg er så usikker at eg alltid, i kvar stund, forventar du skal seie at eg er som ein hest som kjem for å leite etter deg.
15.
Kjære, kva er det verste med meg?
[16:49, 18/5/2016] Jaime: Det same som alltid
[16:50, 18/5/2016] Jaime: Det der med at du ikkje kan tole samanlikning
[16:50, 18/5/2016] Jaime: Nektar deg å bli kjend med nye ting eller folk
[16:50, 18/5/2016] Jaime: Å lese
[16:50, 18/5/2016] Jaime: Alt, for at du ikkje skal bli konfrontert med verda
Kan det vere dette som er sanninga mi?
16.
Eg veit ikkje korleis etterforskarane gjorde det, eg trur dei samanlikna avtrykka av fotsolane deira, og så vart verda lamslått: babyane hadde vakna til live igjen, i nokre tilfelle på same stadane dei døydde, i andre tilfelle tusenvis av kilometer unna, trygge, omplasserte, åleine eller saman med nokon. Ein palestinsk baby, for eksempel, dukka opp i senga til faren mens han sov, han var ikkje ung lenger; så mange år seinare såg han ut som bestefaren, raseriet hans hadde overlevd folkemordet og freden. Men babyen som blei valdteken, filma og drepen av eit pederast-nettverk så ein gjeng pedofile, inkludert fleire prestar, fekk masturbere, dukka opp på andre sida av jordkloden, mot det nakne brystet til ei shipiba-jente som aldri hadde forlate elvane og som smilte til barnet med eit fjes fullt av orkidear og lianar og ville fuglar mens ho vifta vekk myggen. Det var uklart om eit høgare vesen hadde bestemt seg for å gje seg til kjenne og løne oss for uvitande å ha gjort noko verkeleg bra. Eller om tilbakekomsten til alle desse jentene og gutane var ei åtvaring, ei påminning til menneskeheita, eit forgifta drops eller ein ny sjanse på jorda, ikkje berre for spedbarna, men også for oss.
17.
Å sjå noko frå begge sider, er det å sjå sanninga? Om eg må tilstå noko, om eg må gjere noko som forventast av meg, vil eg seie at eg ingen stad har funne meir sikkerheit enn i sjølvmotseiinga. Nei, dei to versjonane er ikkje «å seie kva som skjer», som avisene seier. Å nærme seg sanninga verkar meir komplisert enn som så. Som å bli forvandla til stein. Eller plutseleg bli blind.
18.
På ein og same dag dukka dei opp, dei 49 kvelte og brente babyane frå den meksikanske ABC-barnehagen, dei hundretals barna diktatura stal og dei tjue små drapsofra for ein ung skytar på barneskulen Sandy Hook. Alle saman vende dei tilbake djupt inn i skogen kjend som verdas vakraste, Brocéliande, 30 km frå Rennes, i hjartet av Bretagne. Det seiest at ein av menhirane som har stått der sidan steinalderen er gravstaden til trollmannen Merlin. Babyane hadde ikkje skotsikre skulesekkar. Dei hadde ikkje ei einaste skramme. Den siste dagen kom alle babyane som hadde drukna i Middelhavet tilbake, heilt tørre, dei lukta som tusen timar med leik på stranda.
Født 1975. Peruansk forfatter og journalist. Seneste bok: Huaco-portrett (Camino Forlag, 2024).