Gyldendal logo
search-button
Av
Olaug Nilssen
Debatt.
Publisert 27. januar 2021.

Enda en lidelseshistorie?

Replikk til Carina E. Beddari.

Debatt.
Publisert 27. januar 2021.
Av
Olaug Nilssen
Vinduet 4 2020
Vinduet 4 2020

I essayet «Grip de uangripelige!» skriv Carina Beddari stort sett interessant om frykta ein kritiker kan ha for å felle estetiske dommar over bøker som handlar om menneskeleg liding, dersom forfattarane har skrive sjølvbiografisk. Det er ei forståeleg frykt, sjølv om dei færraste forfattarar fråber seg seriøse, estetiske dommar. Det innleiande eksempelet til essayet er likevel ikkje i takt med problemstillinga. Karakteren O og karakteren Sandra frå romanen Tingenes tilstand er forferda over ein kritiker som kjem med følgjande dom over ei bok: «Enda en lidelseshistorie. Ikke verdt importen».

Det er greitt at ein som kritiker kan vere redd for andres forferda reaksjonar på eigne estetiske dommar, og ønskjer å sleppe unna dette utan å gå på akkord med eigen integritet. Men denne dommen – «Enda en lidelseshistorie. Ikke verdt importen.» – handlar ikkje om ein romans manglande litterære kvalitet. Dette er ein dom som kritiserer ei bok for å tematisere lidelse, trass i at andre har gjort det same før. Og det er ein annan skål, som Beddari ikkje tar for seg i essayet.

Av
Olaug Nilssen

Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.

Fotnoter

    Olaug Nilssen

    Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.

    Meld deg på Vinduets nyhetsbrev!

    Redaktør:
    Kontakt:
    Utgiver:
    Gyldendal Norsk Forlag
    Vinduet logo
    Redaktør:
    • Priya Bains
    Kontakt:
    vinduet@vinduet.no
    Utgiver:
    Gyldendal Norsk Forlag
    Gyldendal logo
    Nyhetsbrev