«Swishboggled and sloshbunkled»[1] Kunsten å vere redaktøren til Roald Dahl

roal_dahl

Eg hugsar godt da eg fann ut at fleire av bøkene til Roald Dahl kunne ha vore heilt annleis. Kanskje ikkje eingong gode.

Eg hadde vore på eit arrangement og snakka om humor i barnebøker, om den forløysande effekten til ein god latter. Da eg kom heim, sette eg meg ned og las Heksene[1], ei av favorittbøkene mine av Dahl, om igjen. Eg hadde brukt boka som eksempel i foredraget mitt, men det var noko som skurra, merka eg, noko som hadde med slutten å gjere. For er den nå eigentleg så festleg?

Forteljaren i Heksene er ein gut på sju år som flyttar inn hos bestemor si etter at foreldra hans døyr i ei bilulykke. Bestemora er ein heller utypisk Dahl-karakter; sjølv om ho er vaksen, er ho både snill og klok. Det finst ikkje altfor mange empatiske vaksne i bøkene hans. SVK, lærarinna til Matilda, besteforeldra til Charlie, den fasanglade faren til Danny og nokre til – lista er ikkje lang.

Damene i Det Kongelige Selskap til Bekjempelse av Barnemishandling, som har lagt årsmøtet sitt til Hotel Magnificent i Bournemouth samtidig som guten og bestemor hans ferierer der, er klassiske Dahl-vaksne. Bak den prektige fasaden og under parykkane som klør er dei stygge, slemme og dustete hekser, alle saman, med skalla isse, klør i staden for negler, føter utan tær og eit glødande hat mot barn. Planen deira er å utrydde alle barn i verda ved å selje dei forheksa godteri som forvandlar dei til mus. Når barna er blitt dei skadedyra dei faktisk er, vil salet av musefeller eksplodere – og voilà, problem solved.

Våre to heltar oppdagar heldigvis kva som er på ferde, og klarer på kløktig vis å snu situasjonen på hovudet: Det er heksene sjølve som endar som mus. Berre éi heks kjem seg unna, den verste av dei alle, Hennes Høyhet Storheksa. Boka sluttar med at guten og bestemora drar til Noreg for å finne henne. Det er nemleg der hovudkvarteret hennar ligg.

Det er naturlegvis dette som er morosamt. At planen til heksene slår tilbake på dei sjølve, og at dei får si velfortente straff – inkludert Storheksa, får vi tru. Barn elskar dette motivet; dei frydar seg over rettferda, fniser av dei fæle heksene når dei hyler og skrik og krympar til mus, plutseleg er det som om du vågar det, du også, å slå tilbake mot den dritkjipe gjengen i 4B! Vaksne tenker ikkje ulikt. Det er lite som smakar like godt som ein overmoden og søt hemn.

Men slutten, tenkte eg da eg hadde lese boka om igjen. Eg sat med klumpen høgt i halsen, mistanken min viste seg å stemme. Slutten er faktisk ikkje berre festleg og forløysande.

Det ein forventar skal skje, skjer nemleg ikkje. Allereie tidleg i boka får guten i seg ein dose av Trylleformel 86 Tidsinnstilt Musemaker og blir forvandla til ei mus. Han kan rett nok snakke, og bestemor hans er ikkje typen som lèt seg vippe av pinnen, men ei mus er han, og ei mus forblir han. Det går bra, seier han til bestemor si, han har uansett ikkje lyst til å leve lenger enn henne. Men synest han verkeleg det er greitt å vere ei mus resten av livet? spør ho. «Det er det samme hvem eller hva du er», svarar han, «bare du har noen som er glad i deg.»[2]

Det er neppe berre eg som blir blank i auga av svaret. Det er noko så vemodig over det heile. Ikkje berre har denne vesle guten mista foreldra sine, han kjem heller aldri til å bli vaksen, gammal, få eigne barn og barnebarn. Han kjem til å døy om få år, han blir eit lite muselik, i beste fall gravlagd i ei fôra skoeske i hagen til bestemor si – viss ho fortsatt lever og er glad i han når det vesle hjartet hans stoppar, da, eller når han blir tatt av nabokatten. Ho er allereie 86 år og røyker sigar kvar dag.

Samtidig er det nettopp dette, at guten faktisk ikkje blir eit menneske igjen til slutt, som er grunnen til at eg liker Heksene så godt. Aksepter situasjonen, er det som Roald Dahl seier. Ikkje ver redd. Dette ordnar seg, så lenge vi har kvarandre. Ein kan innvende at guten og bestemor hans er i overkant tilpassingsdyktige, kanskje til og med resignerte, men eg ser det ikkje slik. Dei vel i staden å tenke praktisk i ein kinkig situasjon. Guten har jo ingen andre enn bestemor si, han er heilt aleine i verda utan henne. Nokre gonger er det dessutan ein fordel å vere ei lita mus. Når ein skal snike seg inn i eit heksehovudkvarter, for eksempel.

Ein kan seie litt av kvart om Dahl, det var det også fleire som gjorde da han levde. Han kunne sette folk fullstendig ut med perfide formuleringar og det mange meinte var smaklaus humor. Mislikte han nokon, gjorde han sjeldan noko forsøk på å skjule det. Han var sjalu, spydig, barnsleg og sjølvopptatt. Men slutten på Heksene, tenkte eg da eg la boka frå meg. Vemodet som ligg like under overflata, trøysta, den varme skildringa av forholdet mellom guten og bestemor hans – alt dette viser at Roald Dahl var ein djupt empatisk forfattar som visste kva han gjorde.

Det er kanskje ikkje rart eg kjende eit stikk av skuffelse da eg like etter fann ut at han eigentleg avslutta Heksene på ein heilt annan måte. Og at Matilda i boka ved same namn opphavleg var ei utspekulert lita bølle som spelte på hestar.

Fæle dyr

«Eg vil ikkje vite det!» har Robert Gottlieb sagt om at Charles Dickens skal ha endra slutten på Store forventninger fordi han blei råda til det. Gottlieb er tidlegare redaktør i The New Yorker og forlaga Alfred A. Knopf og Simon & Schuster, mellom anna for Joseph Heller, Toni Morrison og John le Carré. «Som kritikar, som litteraturhistorikar, er eg sjølvsagt interessert i å vite slikt», held han fram, «men som lesar synest eg det er svært forstyrrande.»[3]

Eg er einig. Eg er også einig med han i at redaktørar gjer best i å halde ein låg profil. For vil du som lesar eigentleg vite at Jane Austen opphavleg tok livet av Mr. Darcy? Eller at det ikkje var Stieg Larsson som fekk ideen om å gjere Lisbeth Salander til eit svartkledd, asosialt datageni, men redaktøren hans?[4] Sjølv har 85 år gamle Gottlieb forsøkt å halde korta tett til brystet, men med så mange verdskjende og uttalt takknemlege forfattarar i stallen gjennom eit langt redaktørliv opplever han fortsatt at vitelystne bankar på. Kor mykje har han hatt å seie for forfattarane han har vore redaktør for, vil dei vite. Kven har hatt behov for mykje hjelp, kven trong nesten ingenting?

Også forfattarar får naturlegvis spørsmål om den myteomspunne prosessen frå idé til ferdig bok. I eit intervju i The Paris Review i 1967 blir Vladimir Nabokov spurt om han nokon gong har tatt imot råd frå ein redaktør. Nabokov er på dette tidspunktet ein aldrande, verdskjend forfattar, han bur i Sveits, dagane går med til skriving og sommarfugljakt. «Når du seier ’redaktør’», svarar han, «går eg ut frå at du meiner korrekturlesar.»[5]

Eg jobba sjølv som både redaktør og korrekturlesar før eg begynte å skrive barnebøker; eg har vore borti typen. Forfattarar som går fullstendig i vranglås når du dristar deg til å meine noko om manuset deira, om flyten, den evinnelege flyten, alt som ligg der og dveler til det sjølvdauar mellom linjene og punktuma som altfor sjeldan kjem – for ikkje kom her, får du høyre, ikkje fortel meg korleis eg skal skrive den romanen du aldri klarte å skrive sjølv!

Dei fleste forfattarar er heldigvis langt meir sjarmerande. Dei veit at jamleg kontakt med ein dyktig redaktør, ein som les, oppmuntrar og kjem med innspel i skriveprosessen, er gull verd for både forfattarpsyken og manuset. Likevel, eller nettopp derfor, er relasjonen skjør. Av og til skal det ikkje meir til enn éin dags forsinka respons frå forlaget, éi uheldig formulering på e-post, før forfattaren mistar trua på både manuset, seg sjølv og – i ytste konsekvens – dei artige meldingane sine på Twitter.

Og korleis skal ein redaktør eigentleg forhalde seg til ein forfattar som Vladimir Nabokov? Svaret hans til The Paris Review seier det meste om kva han meinte om yrkesgruppa. Å vere «redaktøren» hans må ha vore like nerveslitande som å vere ein sjeldan sommarfugl i Sveits på 60-talet. Eitt overmodig vift med vengene, og du hamna i håven til Nabokov.

*

Verkeleg kompleks og sårbar blir relasjonen når forfattaren og redaktøren utviklar ein nær vennskap. Ikkje minst når redaktøren får, eller tar, ei så stor rolle i prosessen fram mot utgiving at ein kan snakke om eit kreativt samarbeid.

Det finst fleire kjende eksempel på slike tette forfattar–redaktør-forhold. Robert Gottlieb og gullrekka hans er allereie nemnt. Her til lands er Geir Gulliksen ikkje berre kjend for å skrive sjølv, han er også redaktøren som blei følgd av ein skokk forfattarar da han gjekk frå Tiden til Oktober i mai 2001.

Den mest legendariske redaktøren i nyare litteraturhistorie er likevel Maxwell Perkins, som var tilsett i det amerikanske forlaget Scribner frå 1910 og fram til han døydde i 1947. F. Scott Fitzgerald, Ernest Hemingway og Thomas Wolfe var berre nokre av forfattarane han fungerte som litterær rådgivar og personleg støttespelar for – i Fitzgeralds tilfelle også bank.

Perkins meinte at arbeidet hans skulle vere usynleg i det endelege resultatet. «Ein redaktør skal ikkje legge til noko til ei bok», hevda han. «I beste fall er han tenaren til ein forfattar. Begynn aldri å føle deg for viktig. Ein redaktør frigjer i høgda energi. Han skaper ingenting.»[6] Den nennsame redigeringa hans av Den store Gatsby av Fitzgerald er eit talande eksempel på kor mykje eit manus kan vinne på eit anna blikk enn forfattarens, viss dette blikket veit kva det ser etter, og kva som skal til for å hjelpe forfattaren med å realisere potensialet i ei forteljing fullt ut.[7]

Ikkje alle redaktørar er like audmjuke. I si bok om det amerikanske magasinet Esquire fortel Carol Polsgrove om da litteraturredaktøren, Gordon Lish, hadde redigert Raymond Carver si novelle «Neighbors», som stod på trykk i 1971: «På opptil fleire sider i det tolv sider lange manuset var over halvparten av orda til Carver kutta. På andre sider var nær halvparten skore vekk.»[8]

Mange forfattarar ville ha følt seg djupt krenka av ein slik slakteprosess. Eventuelt reagert som vår venn Vladimir Nabokov, som kom med følgande kommentar etter at Lish hadde vore bortpå manuset til Look at the Harlequins! (1974): «Kven er denne Gordon Lish-fyren og kva held han på med? … Vi får rett og slett berre sende dette tilbake og seie: ’Dette går ikkje’.»[9] Raymond Carver, derimot, heldt fram med å samarbeide med Lish, som etter kvart blei redaktøren hans i Alfred A. Knopf. Snart var Carver både kjend og hylla for sin nyskapande minimalistiske skrivestil.

Carver gav Lish mykje av æra for at han slo igjennom: «You are a wonder, a genius, and there’s no doubt of that, better than any two of Max Perkins, etc. etc. And I’m not unmindful of the fact of my immense debt to you, a debt I can simply never, never repay.»[10] Det ligg eit «men» og lurer under her. I 1980 begynte Carver å kjenne på slaktekniven. Etter å ha sett den redigerte versjonen av den nyaste novellesamlinga si, bad han Lish om å utsette utgivinga. Han var redd for kva forfattarkollegaene som hadde lese den opphavlege versjonen, ville tru; det var trass alt snakk om mange og store endringar.[11] Lish ignorerte bønna, endra tittelen på samlinga til What We Talk About When We Talk About Love og sende den til trykk. Resten er, som det heiter, historie.

Carver fekk til slutt nok av mangelen på gehør, og braut med redaktøren sin. Lish tok det ikkje som ein gentleman; han bestemte seg for å vise verda nøyaktig kor stor rolle han hadde spelt i suksessen til Carver. Forfattarvennene hans råda han imidlertid til å la vere, ein av dei var Don DeLillo:

Even if people knew, from Carver himself, that you are largely responsible for his best work, they would immediately forget it. It is too much to absorb. Too complicated. Makes reading the guy’s work an ambiguous thing at best. People wouldn’t think less of Carver for having had to lean so heavily on an editor.

Men, avslutta DeLillo brevet, «take good care of your archives».[12]

Det gjorde Gordon Lish. Dei som vil, kan lese dei redigerte versjonane hans av dei tidlege verka til Raymond Carver på The Lilly Library i Indiana og gjere seg opp si eiga meining. Det er liten tvil om kva Lish, nå 82 år gammal, meiner: «Om Carver ville ha fått den merksemda han fekk om eg ikkje hadde redigert han? Sludder!»[13]

Heller ikkje Maxwell Perkins klarte forresten å unngå at ein av forfattarane hans surna. Da det begynte å gå rykte om at Thomas Wolfe trong i overkant mykje redaksjonell hjelp – debutromanen hans var i utgangspunktet på over 1100 sider; da Perkins kom inn i bildet, forsvann halvparten – blei Wolfe redd for at folk skulle tru at han ikkje kunne skrive utan redaktøren sin. Han skifta forlag, men døydde kort tid etterpå, berre 37 år gammal.

Vennskapen var av det sterke slaget. I motsetnad til Raymond Carver, som aldri tilgav Gordon Lish, skreiv Wolfe eit forsonande brev til Perkins på dødsleiet og takka han djupt for alt han hadde gjort for han. Seinare i år kjem for øvrig ein biografisk film om Perkins, med Colin Firth i hovudrolla. Tittelen? Genius.

Den magiske fingeren

Ein januardag i 1982 tar 32 år gamle Stephen Roxburgh toget frå London til den vesle landsbyen Great Missenden for å ete lunsj heime hos den 34 år eldre Roald Dahl. Dei har aldri vore i same rom før; det er mykje som står på spel.

Dahl hadde året før vore gjennom eit opprivande brot med det mangeårige amerikanske forlaget sitt, Alfred A. Knopf. Gjennom heile karriera hadde han eit nærare forhold til dei amerikanske forleggarane sine enn dei engelske; nesten alle førsteutgåvene av bøkene hans kom ut i USA.[14] I 1981 hadde han imidlertid fått nok av Knopf. Dei hadde allereie krangla om kontrakten hans ei god stund da Dahl truga med å forlate forlaget – «I damn well mean it».[15] Ifølge redaktøren hans der – den omnipresente Robert Gottlieb – stod alle i forlaget på stolane sine og jubla da han forsegla brevet kor han kalla Dahl ei bølle og ein mobbar og bad han ryke og reise.[16]

Såra, uforståande og sur sende Dahl det nyaste manuset sitt til Farrar, Straus & Giroux i staden, der det hamna på skrivebordet til forlagssjef for barne- og ungdomslitteratur, Stephen Roxburgh. Dahl var ein etablert og populær barnebokforfattar på dette tidspunktet. Helsa skranta imidlertid og humøret skifta i takt, det gjekk rykte om at han var krevjande å samarbeide med. Roxburgh var nervøs da han posta eit elleve sider langt brev med detaljerte kommentarar og endringsforslag.[17]

Han hadde ikkje trengt å uroe seg. Dahl var så begeistra for den grundige tilbakemeldinga at han såg seg nødt til å ty til det underforunderlig forskrukkete språket til hovudpersonen i manuset, Store Vennlige Kjempe[18]:

 

I am absolutely swishboggled and sloshbunkled by the trouble you have taken and by the skill of your editorial work on The BFG. In nearly forty years of dealing with publishers, I have never seen a job like it. … Ninety-eight percent of your comments were thoroughly sound and a couple of them were vital. … The whole thing must have driven you round the twist. It nearly drove me the same way going through them. But it was all marvellously worthwhile.[19]

 

Det profesjonelle samarbeidet på SVK var, ikkje overraskande, svært vellykka. Da Stephen Roxburgh bankar på døra til Roald Dahl året etter, tar det ikkje lang tid før dei finn tonen også privat. Den skal halde seg god dei neste fem åra, og resultere i to av dei siste og beste barnebøkene til Roald Dahl: Heksene (1983) og Matilda (1988).

*

For all del, Roald Dahl hadde sett pris på tidlegare redaktørar også. Ein av dei var Fabio Coen i Alfred A. Knopf, som kom med det avgjerande innspelet da arbeidet med Den fantastiske Mikkel Rev[20] stod fast i 1970.

«Hemnen er søt»-motivet er ein gjengangar i bøkene til Dahl, også i dei snedig creepy novellene for vaksne.[21] Bøllene slepp aldri unna, spesielt ikkje viss dei er dumme og stygge i tillegg. Fleire av dei som kjende han – inkludert den første kona hans, Hollywood-skodespelarinna Patricia Neal, som Dahl fekk alle dei fem barna sine med – meinte at Dahl sjølv hadde klare bølletakter, og at han burde tatt lærdom av bøkene sine. Dahl var ikkje uventa ueinig; han meinte at folk var altfor hårsåre. Det var også haldninga da redaksjonen i Alfred A. Knopf var usikker på slutten på Den fantastiske Mikkel Rev.

Manuset handla om ein rev som stel så mykje frå bøndene i området at dei til slutt bestemmer seg for å knerte både reven og familien hans. Etter fleire forsøk med børse og traktor innser dei at det berre er éin ting å gjere: Dei riggar seg til ved revehiet for å svelte ut snyltarane. Den fantastiske Mikkel Rev er imidlertid ikkje fantastisk utan grunn; han grev ein underjordisk tunnel inn i ein matbutikk, der han stel mat til seg og sine. Tilbake sit dei dumme bøndene med skjegget i postkassa. The End.

Det var berre det at det amerikanske forlaget følte at slutten mangla noko. Ikkje minst moral. Faktisk var den jo nær einsbetydande med å oppfordre barn til kleptomani! Det hjelpte ikkje at Dahl innvendte at det ligg i revars natur å stele, eller at Beatrix Potter ikkje ville ha gitt ut halvparten av bøkene sine hadde ho brydd seg med slike detaljar. Forlaget nølte. Dahl freste. Korrespondansen over Atlanteren opphøyrde.

Det var da Fabio Coen serverte løysinga som nå verkar så logisk, så naturleg, at det er vanskeleg å fatte at slutten ikkje var slik heile vegen. Kvifor ikkje la Mikkel Rev grave seg inn i spiskammerset til bøndene i staden? foreslo han. Så kan han fortsette å stele frå dei, mens dei sit ved revehiet og ventar? På den måten blir hemnen verkeleg søt. Og moralsk forsvarleg også, sidan bøndene trass alt forsøker å drepe både reven og ungane hans.[22]

Dahl var i fyr og flamme:

 

You have come up with suggestions so good that I feel almost as though I am committing plagiarism in accepting them. So I won’t accept them. I’ll grab them with both hands. … No editor with whom I have dealt has ever before produced such a constructive and acceptable idea. I thank you.[23]

*

Tolv år seinare blir Coen altså overgått av Stephen Roxburgh, som kjem med forslag Dahl grip med enda større iver. «Dear Max Perkins», skriv han i eit brev til Roxburgh da redigeringa av Heksene er i gang. Han har svært høge tankar om den nye redaktøren sin. Om seg sjølv også, forresten; han signerer brevet «Ernest, Scott and Tom».[24]

Dahl er rett nok ikkje begeistra da Roxburgh fjernar to lange kapittel i starten som handlar om den trøblete skulekvardagen til forteljaren. Han godtar imidlertid kuttet til slutt, og stoffet finn seinare vegen inn i dei to sjølvbiografiane hans for barn[25], initiert av nettopp Roxburgh.

Men den viktigaste endringa Roxburgh gjer i manuset til Heksene, har med slutten å gjere. For det er naturlegvis hans idé at den vesle guten forblir ei mus. Det er på mange måtar hans forteneste at slutten på boka er så fin og vemodig, at den ikkje berre er vill og gal og festleg. I versjonen til Roald Dahl blir forteljaren forvandla tilbake til ein gut igjen. Slik er det.[26]

Det skal imidlertid seiast at Dahl hadde vore inne på tanken sjølv, men slått den frå seg fordi han var redd barn ville forvente ein oppfølgar han ikkje hadde planar om å skrive. Da Roxburgh foreslo å endre slutten, var Dahl raskt med på planen. Var det noko han trass alt elska, var det å sjokkere. Ikkje berre lesarane sine, men foreldra deira og kritikarkorpset også. Da Roxburgh sa at vaksne ville kunne reagere på at kvinnene i Heksene var i overkant negativt framstilt, var Dahl ikkje til å rokke. For det første, innvendte han, var bestemora godheita sjølv, og for det andre: «I must keep reminding you that this is a book for children and I don’t give a bugger what grown-ups think about it.»[27]

Roxburgh fekk rett; boka blei møtt med kritikk da den kom ut – det blei forresten alle bøkene hans. Ei rekke (kvinnelege) bibliotekarar og kritikarar syntest den var politisk ukorrekt og direkte kvinnefiendtleg – for kva anna kunne Dahl vere når han fekk seg til å skrive dette:

Alle hekser er kvinner. Jeg vil ikke si noe stygt om kvinner. De fleste kvinner er nydelige. Men det er ikke til å komme forbi at alle hekser er kvinner. Det finnes ikke noe sånt som manne-heks.[28]

At alle spøkelseshundar er menn, for ikkje å snakke om dei nitriste vesena som jafsar i seg lik – vel, det nemnde bibliotekarane ingenting om.

*

Matilda i boka ved same namn[29] bur saman med storebror sin og to foreldre som verken ser henne som menneske eller forstår kor spesiell ho er. Dei er som heksene, og dustane, og bestemor til Georg med den magiske medisinen, og tante Flesk og tante Slesk[30]: stygge, slemme og fæle – og fullstendig inkompetente som omsorgspersonar. Tatt i betraktning at det myldrar av foreldrelause barn i bøkene til Roald Dahl, har Matilda hatt rein og skjer uflaks.

Det vil seie, i den opphavlege versjonen av Matilda, den Stephen Roxburgh fekk tilsendt, er ho slett ikkje noko utskot. Ho er som snytt ut av nasen på slekta, faktisk set ho dei fullstendig i skuggen. Ho er «born wicked», gamblar på hestar og bruker den telekinetiske evna si til å jukse på veddeløpsbanen. Det einaste forsonande trekket er at ho gjer det for å redde favorittlærarinna som har hamna i pengetrøbbel.

Noko av det første ein dyktig redaktør ser etter i eit manus, er om personane er godt teikna. Står dei tydeleg fram for lesaren? Ser vi dei for oss? Er ein person uklar, blir også handlingane hennar, og grunnane til å handle, raskt uklare. Og bryr vi oss eigentleg om kva som skjer med henne da?

Da Roxburgh las førsteutkastet til Matilda, brydde han seg verken om hovudpersonen, familien hennar, lærarinna som seinare blei til Miss Honey, eller den sadistiske rektoren, Miss Trunchbull. Dei var vage, mangla retning og likna dessutan altfor mykje på kvarandre; alle var variantar av den slemme, fæle typen som Dahl er så glad i. Ei naturleg løysing, meinte han, var å gjere kontrastane større. Det er alltid fint å ha heltar å heie på i ei verd befolka av bøller, ikkje minst for barn. For Roxburgh var det klart at Matilda og Miss Honey burde vere dei heltane.

Som vanleg greip Roald Dahl forslaga til redaktøren sin med begge hender. Historia endra fullstendig karakter, det gjorde personane i den også. Borte var scenene der Matilda torturerer foreldra sine, det same var spelegalskapen til lærarinna. Det var framleis ein del som gjenstod, melde Roxburgh tilbake – for eksempel tok foreldra til Matilda og Miss Trunchbull for stor plass i denne versjonen – men det kunne Dahl fikse i neste versjon.

Den kom aldri. Dahl hadde fått nok. Roxburgh var ikkje lenger den audmjuke redaktøren han ein gong var, meinte han. Ikkje like grundig heller. For ein forfattar er slikt irriterande, for ein redaktør vil beskjeden frå Roxburgh lyde meir enn kjend: «Eg hadde håpa å lese manuset enda ein gong før eg sende det frå meg, men bokmessa i Frankfurt trugar.»[31]

Påpasseleg nok var redaktøren hans heller ikkje, noko Dahl til slutt vende til sin fordel. Roxburgh hadde gløymt å få kontrakten på plass; Dahl kunne i realiteten sende Matilda til eit anna forlag. Sjølv om Roxburgh auka royaltyen, var det for seint. Den fem år lange tonen var blitt sur. Dahl og Roxburgh avslutta samarbeidet, og Matilda blei utgitt på forlaget Harcourt Brace Jovanovich.[32]

Roald Dahl døydde to år seinare, 74 år gammal. Stephen Roxburgh heldt fram som forleggar for barne- og ungdomslitteratur. Han har alltid snakka varmt om tida med Dahl.

Rim & røre[33]

Det er på tide med ein innrømmelse.

Eg snakka ikkje om Heksene i det foredraget om humor i barnebøker, det eg fortalde om i starten. Eg las heller ikkje boka om igjen da eg kom heim. Eg heldt rett nok foredraget, og eg fekk klump i halsen på slutten av boka, men dei to episodane hadde ingenting med kvarandre å gjere.

Eg las først boka om igjen etter at eg oppdaga kor stor rolle Stephen Roxburgh spelte i den redaksjonelle prosessen. Dét fann eg ut fordi eg skulle skrive eit essay om Roald Dahl. Kven sette meg på den ideen? Redaktøren i herverande tidsskrift. Han endra forresten på ei setning litt lenger opp, noko eg gryntande gjekk med på. Han var dessutan ueinig med meg i mi tolking av slutten på Heksene, noko eg i stor grad ignorerte. Eg har ein gnagande mistanke om at eg, utan samanlikning for øvrig, er like irriterande som Vladimir Nabokov.

Alt anna eg har skrive i dette essayet, er imidlertid sant. Ned til minste detalj. Eg gjer berre av og til som Roald Dahl; ser eg at ei kvit løgn eller tre kan sprite opp historia, køyrer eg på. Sjølv var han notorisk. At flyet hans styrta i den nordafrikanske ørkenen i 1940 fordi han ikkje fann vegen til basen og til slutt gjekk tom for bensin, blei for eksempel med tida til ei dramatisk historie om at han blei skoten ned i kamp. Mine kvite løgner er på langt nær så spektakulære. Eg vil ikkje bli avslørt heller.

Eg pyntar på sanninga når eg reiser rundt og les høgt frå bøkene mine også, når eg fortel barn korleis eg sjølv var som barn, kva eg gjorde med alle freknene mine, korleis eg oppførte meg på skulen. Eg piffar opp minna, legg til ein gigantisk mage her og ein dundrefis der. Kanskje det er derfor eg valde å bli nettopp barnebokforfattar. Eg har ein tendens til å overdrive. Høgst sannsynleg er det derfor eg liker bøkene til Roald Dahl så godt også.

For det gjer eg. Sjølv om han kunne vere ein furten faen, sjølv om mange meiner at han var i overkant styrt av lesarane sine, meir enn av ein kunstnarleg indre driv. Sjølv om eg nå veit at han trong mykje redaksjonell bearbeiding på plottnivå, og sjeldan var takknemleg i etterkant.[34] For instinktet for kva barn liker å lese om – spøk og moro, gåter, spenning, action, spøkelse, skattar, sjokolade, leiker, pengar, magi, fæle skurkar, og heltar som vinn til slutt[35] – er hans. Fantasien er hans. Den ustyrtefantastiristiske språktalen til SVK og konsonantane til den affskyelige Storrrheksa er hans. Alle dei andre rare, grusomme og elskelege karakterane er hans. Og eg har ikkje eingong vore innom Willy Wonka og umpa-lumpaene!

Don DeLillo hadde rett da han snakka om forfattarar som tek imot mykje hjelp frå redaktøren sin. Eg tenker ikkje dårlegare om Roald Dahl nå som eg veit det eg veit. Eg tenker at han var som alle oss andre som skriv. Uansett kor erfarne, sjølvbevisste, fantasifulle og narsissistiske vi er, treng vi alle ein dyktig og kunnskapsrik redaktør som kan gi råd på vegen. Ikkje ein som går til åtak på manuset med eit invaderande «skriv det slik, det ville eg ha gjort» à la Gordon Lish, men ein som kjem med eit vennleg rettleiande «dette er det eg trur du prøver å seie».[36] Er ein så heldig å ha ein slik redaktør, gjer ein klokt i å lytte.

Roald Dahl hadde ein slik redaktør i Stephen Roxburgh. Resultatet av samarbeidet er tre av dei finaste, varmaste og beste barnebøkene eg veit om: SVK, Heksene og Matilda. Korleis dei hadde blitt om Dahl og Roxburgh ikkje hadde møttest, er umogleg å svare på. Eg for min del er begledeleg, frydogammenlig swishboggled og sloshbunkled over at dei fann tonen den januardagen i Great Missenden for snart 35 år sidan.

Noter

[1] Heksene, omsett av Tor Edvin Dahl, 1985, Gyldendal. Originalutgåve: The Witches, 1983, Jonathan Cape, Storbritannia og Farrar, Straus & Giroux, USA.

[2] Heksene, 1987, Bokklubbens barn, s. 187.

[3] Intervju med Robert Gottlieb i The Paris Review nr. 132, 1994: «The Art of Editing No. 1». Mi omsetting.

[4] Ta det berre heilt med ro; eksempla er fiktive!

[5] Intervju med Vladimir Nabokov i The Paris Review nr. 41, 1967: «The Art of Fiction No. 40». Mi omsetting.

[6] Maxwell Perkins til ein gjeng redaktørspirer mot slutten av forlagskarriera si. Sitert i A. Scott Berg: Max Perkins: Editor of Genius, 1978, E.P. Dutton, s. 6. Mi omsetting.

[7] Sjå m.a. A. Scott Berg: Max Perkins: Editor of Genius, 1978, E.P. Dutton. Utdrag frå brevvekslinga mellom Perkins og Fitzgerald mens dei arbeidde på Den store Gatsby, er tilgjengeleg på nett: www.lettersofnote.com/2012/07/the-novel-is-wonder.html

[8] Carol Polsgrove: It Wasn’t Pretty, Folks, But Didn’t We Have Fun? Esquire in the Sixties, 1995, W.W. Norton & Co., s. 241. Mi omsetting.

[9] Vladimir Nabokov sitert i Carol Sklenicka: Raymond Carver: A Writer’s Life, 2009, Scribner, s. 284. Mi omsetting.

[10] Raymond Carver i brev til Gordon Lish 08.07.1980, sitert i Giles Harvey: «The Two Raymond Carvers», The New York Review of Books, 27.05.2010.

[11] D.T. Max: «The Carver Chronicles», The New York Times, 09.08.1998.

[12]Don DeLillo i brev til Gordon Lish, sitert i D.T. Max: «The Carver Chronicles», The New York Times, 09.08.1998.

[13] Intervju med Gordon Lish i The Paris Review nr. 215, 2015: «The Art of Editing No. 2». Mi omsetting. Sjå også David Winters: «Gordon Lish: Famous for All the Wrong Reasons», The Guardian, 29.08.2013.

[14] Dahl budde i USA i lengre periodar, gav ut dei første bøkene sine der, og var dessutan gift med ei amerikansk kvinne i tretti år.

[15] Roald Dahl i brev til Robert Gottlieb, sitert i Donald Sturrock: Storyteller. The Authorized Biography of Roald Dahl, 2010, Simon & Schuster, s. 507.

[16] Robert Gottlieb i brev til Roald Dahl samt intervju, sitert i Jeremy Treglown: Roald Dahl. A Biography, 1994, Farrar, Straus & Giroux, s. 216, og Donald Sturrock: Storyteller. The Authorized Biography of Roald Dahl, 2010, Simon & Schuster, s. 507–508.

[17] Stephen Roxburgh: «Gobsmacked! Memories of Editing ’The Witches’», Publishers Weekly, 15.07.2013.

[18] Store Vennlige Kjempe er hovudpersonen i SVK, omsett av Tor Edvin Dahl, 1984, Gyldendal. Originalutgåve: The BFG, 1982, Jonathan Cape, Storbritannia og Farrar, Straus & Giroux, USA. «Underforunderlig» og «forskrukkete» er henta frå den norske omsettinga. Å gjengi språket til SVK må ha gitt Roald Dahls norske omsettar og namnebror Tor Edvin både grå hår og latterkrampe.

[19] Roald Dahl i brev til Stephen Roxburgh, sitert i Donald Sturrock: Storyteller. The Authorized Biography of Roald Dahl, 2010, Simon & Schuster, s. 523. Mine uthevingar.

[20] Den fantastiske Mikkel Rev, omsett av Tor Edvin Dahl, 1978, Gyldendal. Originalutgåve: Fantastic Mr Fox, 1970, George Allen & Unwin, Storbritannia og Alfred A. Knopf, USA.

[21] Les f.eks. praktfulle «William og Mary» og «Veien til himmels», begge med kvinnelege hemnarar, i novellesamlinga Kiss Kiss, omsett av Daisy Schjelderup, 1970, Gyldendal. Originalutgåver: «William and Mary» og «The Way Up to Heaven», Kiss Kiss, 1960, Michael Joseph, Storbritannia og Alfred A. Knopf, USA.

[22] Jeremy Treglown: Roald Dahl. A Biography, 1994, Farrar, Straus & Giroux, s. 181.

[23] Roald Dahl i brev til Fabio Coen, sitert i Donald Sturrock: Storyteller. The Authorized Biography of Roald Dahl, 2010, Simon & Schuster, s. 446.

[24] Roald Dahl i brev til Stephen Roxburgh 22.04.1982, sitert i Stephen Roxburgh: «Gobsmacked! Memories of Editing ’The Witches’», Publishers Weekly, 15.07.2013.

[25] Gutt. Fortellinger fra barndommen, 1986, og På egne vinger, 1987, begge omsett av Tor Edvin Dahl, Gyldendal. Originalutgåver: Boy. Tales of Childhood, 1984, og Going Solo, 1986, Jonathan Cape, Storbritannia og Farrar, Straus & Giroux, USA.

[26] Stephen Roxburgh: «Gobsmacked! Memories of Editing ’The Witches’», Publishers Weekly, 15.07.2013, og Jeremy Treglown: Roald Dahl. A Biography, 1994, Farrar, Straus & Giroux, s. 223–225.

[27] Roald Dahl i brev til Stephen Roxburgh, sitert i Donald Sturrock: Storyteller. The Authorized Biography of Roald Dahl, 2010, Simon & Schuster, s. 535.

[28] Heksene, 1987, Bokklubbens barn, s. 9.

[29] Matilda, omsett av Tor Edvin Dahl, 1989, Gyldendal. Originalutgåve: Matilda, 1988, Jonathan Cape, Storbritannia og Harcourt Brace Jovanovich, USA.

[30] Tante Flesk og Tante Slesk er tantene til James i Verdens største fersken, omsett av Axel Segelcke Seeberg, 1982, Gyldendal. Originalutgåve: James and the Giant Peach, 1961, Alfred A. Knopf, USA.

[31] Stephen Roxburgh i notat til Roald Dahl, sitert i Jeremy Treglown: Roald Dahl. A Biography, 1994, Farrar, Straus & Giroux, s. 244.

[32] Jeremy Treglown: Roald Dahl. A Biography, 1994, Farrar, Straus & Giroux, s. 242–245.

[33] I tilfelle du lurte: Alle kapitteloverskriftene er Roald Dahl-titlar: Fæle dyr, omsett av Arne Ruste, 1986, Gyldendal. Originalutgåve: Dirty Beasts, 1983, Jonathan Cape, Storbritannia og Farrar, Straus & Giroux, USA; Den magiske fingeren, omsett av Tor Edvin Dahl, 1990, Gyldendal. Originalutgåve: The Magic Finger, 1966, Harper & Row, USA; Rim & røre, omsett av Arne Ruste, 2001, Gyldendal. Originalutgåve: Rhyme Stew, 1989, Jonathan Cape, Storbritannia.

[34] Viss du vil lese eit verkeleg surmaga syn på Roald Dahl, sjå: Alex Carnevale: «Angry Man», thisrecording.com, 01.06.2011.

[35] Roald Dahl i eit intervju med Helen Edwards for Bedtime Stories, juli 1970, sitert i Donald Sturrock: Storyteller. The Authorized Biography of Roald Dahl, 2010, Simon & Schuster, s. 547–548.

[36] Meir om forfattar–redaktør-forholdet finst i f.eks. Alex Clark: «The Lost Art of Editing», The Guardian, 11.02.2011, og James Thurber: «The Theory and Practice of Criticizing the Criticism of the Editing of New Yorker Articles» (18.05.1959), The New York Times Book Review, 04.12.1988.