Ny redaktør i Vinduet

MH

Vinduet har frå januar 2018 ny redaktør. Maria Horvei (f. 1988) er kritikar og kunsthistorikar, og tek over redaktørstolen etter Preben Jordal.

Nytt redaksjonsråd består av Jon Refsdal Moe, Gunhild Øyehaug, Nikolai Kleivan, Jan Kjærstad og Mona Høvring.

Karoline Henanger er ny redaksjonssekretær i Vinduet, medan grafisk designer Erland G. Banggren vil formgje dei komande årgangane.

Vinduet 1/2018 vil vere i butikk i april.