Det må vere nokon som elskar nokon

granlund_vinduet

Denne teksten sto opprinnelig på trykk i Vinduet 4/2016, men ved en inkurie falt viktige henvisninger ut i den trykte versjonen. Vi beklager dette, og publiserer den her med fullstendig noteapparat.

«the very effort of thinking the aesthetic and political together […] is a prime occasion for ugly feelings.»

– Sianne Ngai[1]

 I ein samtale med forfatterkollega Kristine Næss på Litteraturhuset i Oslo vinteren 2016 ga Anne Oterholm uttrykk for ein politisk intensjon bak romanen Liljekonvallpiken (2015): Etter å ha opplevd kor misvisande media si framstilling var i ei sak ho sjølv kjende godt, ville ho vise kor lett vi tar historier på alvor sjølv når forteljaren heilt tydeleg er upåliteleg.

Litt seinare same kveld fortalde ho at ho aldri får heilt sving på skrivinga før ho har funne ut kven forteljaren er som person, og kva som motiverer hen til å fortelje om hovudpersonen. «Det må vere nokon som elskar nokon», sa ho.

På denne tida var eg midt i arbeidet med teksten du les no, og det slo meg at dei tilsynelatande ulike innblikka i Oterholms skriveprosess viste ein grunnleggjande samanheng mellom politikk, kjensler og litteratur. For kva er det som motiverer oss til å fortelje? Og kvifor reagerer vi så sterkt når vi er usamde om kva som sant – slik vi har sett det demonstrert i debatt om «virkelighetslitteraturen»? Det handlar om definisjonsmakt.

Eg trur det kan seiast så enkelt som at det er kjensler som gjer litteraturen politisk potent. Det følgjande er eit forsøk på å dra lange linjer og tenke vidare rundt kva fokus på kjensler kan tilføre samtalen om politiske dimensjonar i litteraturen.


  1. Den generelle samanhengen mellom affekt og politikk er openberr; politikk handlar om prioritering og fordeling av materielle og immaterielle verdiar som formar livet vårt på heilt grunnleggjande vis. Kjensler er difor både ein reaksjon på og eit uttrykk for korleis det står til med den heilt sentrale balansen mellom individ og samfunn, særinteresser og sams interesser. Mangel på emosjonelt engasjement kan vere eit samfunnsproblem for eit demokrati basert på politisk deltaking. Ein viss friksjon er også eit naudsynt grunnlag for identitetsdanning og kjensla av å høyre til i ei gruppe.[2] Men blir konfliktane for store, trugar vald og samanbrot av samfunnsordenen.

No om dagen kjennest det som verda nærmar seg slike tilstander. At mange no snakkar om «kjenslesamfunnet», er det grunn til å sjå i samanheng med den aukande økonomiske ulikskapen Thomas Piketty har påvist[3] og dei negative, samfunnsmessige konsekvensane Kate Wilkinson og Richard Pickett har vist oppstår som konsekvens av ulikskapen.[4] Den teknologiske utviklinga styrkjer tendensen: Filosofen Paul Virilio har skildra korleis oppheving av avstand i tid og rom gjennom nyhende og sosiale medium på internett forsterkar dei bølgjene av affekt som oppstår som reaksjonar på politiske handlingar. Kjensler har dermed fått større kraft til å påverke politikken.[5] Dette gjer det naudsynt å skjøne samspelet mellom intellektuelle vurderingar og kjensler betre.

«Følelser er […] desto mer i vår makt, og sjelen er desto mindre passiv i forhold til dem, jo mer kjente de er for oss», les vi hos Spinoza.[6] Eg har med åra begynt å tenkje at mykje av det vi kallar rasjonalitet, i realiteten er etterrasjonalisering, og at vi alle systematisk overvurderer vår eigen rasjonalitet og undervurderer andres. Så eg tolkar Spinoza dit at den som ikkje kjenner sine eigne kjensler, truleg blir styrt av dei i større grad enn han sjølv trur. Det er ein tanke verd å ta med seg inn i både politikken og litteraturkritikken.

Ein slik tankemåte ber preg av ein nedarva skepsis til kjensler; kjensler har tradisjonelt blitt sett som noko som forstyrrar rasjonaliteten. Det stemmer nok for sterke kjensler; når vi snakkar om å «vere i affekt». Men nyare hjerneforsking viser at kjensler er heilt sentrale i dei kognitive prosessane det er å danne minner, lære av erfaring, skjøne sosiale signal og forutsjå konsekvensar av framtidige handlingar. Alt kognitivt innhald er faktisk emosjonelt «koda».[7] Då snakkar vi ikkje lenger om sterk affekt, men like gjerne om heilt svake kjensler og intuisjon. Når til dømes eit minne det knyter seg ein emosjon til, blir aktivert av noko vi les, kan det få oss til å tenkje på hendinga som skapte minnet – eller ikkje. Det kan godt vere at vi berre opplever kjensla som er knytt til minnet[8] – og medvite forklarer det med ein (eventuelt manglande) kvalitet i verket. Dei individuelle forskjellane i kva for kjensler – og kor sterke kjensler – som er knytt til ytre sett like erfaringar, kan difor vere store.

Innsikter som dette frå nevrobiologien har skapt fornya interesse for kjensler også i humaniora. Slik forsking har skote fart spesielt i USA på 2000-talet, noko som altså utgjer den såkalla «affektive vendinga». Fleire humanioraforskarar har også interessert seg for kjensler i ein politisk kontekst. Litteraturforskar Sianne Ngai har grunngjeve at kjensler og politikk heng saman ved å vise til Hannah Arendts påstand om at det som gjer mennesket politisk, er evna til å handle, og til Spinozas definisjon av kjensler som sinnstilstander som enten aukar eller minskar handlekrafta.[9] Ho viser vidare til fenomenet «affektiv forsterking»: at kjensler styrer merksemda vår mot det som utløyste dei og motiverer mental og fysisk aktivitet. Merksemd og motivasjon er altså den sentrale koplinga mellom kjensler og politikk.

 2.

Parallelt med denne utviklinga i det politiske klimaet og i humaniora har synet på politisk litteratur endra seg: Medan det inntil nyleg var det dominerande synet blant litteratar at eit politisk siktemål står i direkte motsetnad til kunstnarleg verdi, har vi sett fleire teikn på at pendelen er på veg attende her til lands: Sidan 2011 har forleggjar Paal Bjelke Andersen og Deichmanske bibliotek i Oslo invitert til diskusjon av politisk poesi under overskrifta Folkebiblioteket. I 2013 vart Forfatternes klimaaksjon § 112 danna for å rette merksemd mot miljøspørsmål. I fjor gjekk Kritikerprisen 2015 til Inger Elisabeth Hansen for diktsamlinga Å resirkulere lengselen, avrenning foregår, som tematiserer miljøspørsmål. Og i vår vart Jernrosa politisk litteraturfestival arrangert på Odda for første gong etter initiativ frå forfattar Lars Ove Seljestad. Eg ser også stadig fleire bøker som kjem inn på politiske tema, spesielt i poesien.[10]

Fins det ein samanheng mellom politisk polarisering, ei offentlegheit prega av kjensler og endra syn på politisk litteratur? Eit blikk på litteraturhistoria kan i alle fall tyde på at normer for kva som er passande av politisk engasjement i litteraturen, heng saman med det politiske og affektive klimaet i samtida.

Filosofen Martha Nussbaum har skrive om samanhengen mellom kjensler og politikk heilt sidan 1980-talet, og blir rekna som eit av dei sentrale namna i den affektive vendinga. Men då ho starta den akademiske karrieren sin med studiar av antikk filosofi og litteratur, skreiv ho i opposisjon til nykritikken og autonomiestetikken, altså den oppfatninga at kunsten ikkje skal tene noko politisk eller oppdragande formål og heller ikkje bli forstått i lys av forfattarbiografi eller historisk og politisk kontekst. Nussbaum argumenterer for at det elles i litteraturhistoria alltid har blitt rekna som sjølvsagt at litteraturen er viktig for daninga av den gode samfunnsborgaren, og at tolking som ikkje ser litteratur i lys av den politiske samtida, vil gå glipp av viktige dimensjonar.

Ifølgje Nussbaum har litteraturen potensial til å skape demokratisk sinnelag ved at lesaren, spesielt gjennom den greske tragedien og seinare den realistiske romanen, opplever både gjenkjenning og møte med det framande.[11] Denne vekslinga mellom identifikasjon og ikkje-identifikasjon skaper kjensler som i sin tur startar ein refleksjon om korleis livet kan vere for menneske som lever under heilt andre vilkår, og korleis vi alle er grunnleggjande forma av livserfaring.

Nussbaum har altså eit kognitivt syn på kjensler: Sjølv om kjensler har ein sterk biologisk og instinktiv komponent, er dei i stor grad sosialt lært. Ho meiner vidare at forteljingar er heilt sentrale i å lære oss om kjensler i vår kultur: Gjennom å lese eller høyre forteljingar om korleis eit anna menneske tenkjer og føler, utviklar vi ei narrativ førestellingsevne. Vi innser at andre kan vere heilt ulike oss sjølve, men at ein likevel kan førestille seg korleis det er å vere dei basert på innleving i det dei opplever. Slik får litteraturen eit affektivt potensial som også har ein viktig politisk funksjon, sjølv om litteraturen ikkje eksplisitt tar opp politiske stridsspørsmål.

Eit sentralt poeng for Nussbaum er at litteraturen viser oss og hjelper oss å akseptere at vi er sårbare; vi er grunnleggjande avhengige av menneska rundt oss, og det som rammar andre, kunne i prinsippet like gjerne ha ramma oss. Ei slik innsikt meiner Nussbaum er naudsynt for medkjensle og sosialt engasjement. Ho argumenterer ikkje politisk nøytralt, men kallar ønsket om at litteraturen skal gi individet eigenverdi, fridom og demokratisk sinnelag, for eit radikalt prosjekt.

Nussbaum skreiv hovudverka sine på 80- og 90-talet, altså ein periode i hovudsak prega av økonomisk oppgang og eit relativt påliteleg velferdssystem i den vestlege verda. I eit slikt klima er det ikkje så rart om det politiske engasjementet dabbar av, og kanskje var det difor Nussbaum såg det som eit viktig siktemål for litteraturen å styrke samfunnsengasjementet? Ein gong var det derimot eit mål for litteraturen å dempe det politiske engasjementet hos folk flest. 

  1. Tue Andersen Nexøs bok Ikke de voldsomme (2014) byggjer opp under påstanden om at litteraturens affektive potensial er politisk relevant. Samstundes viser han at perioden då norma om ein politisk desengasjert litteratur vart til, skil seg vesentleg frå den tida Nussbaum skreiv inn i.

Frå midten av 1600-talet og litt utover 1700-talet vart den offentlege litteraturen til som institusjon i Storbritannia. Det var ei valdeleg og kaotisk tid prega av svake offentlege institusjonar, borgarkrig og konfliktar mellom katolikkar og protestantar. Pamflettlitteraturen var den dominerande kommunikasjonsforma, som forløpar for aviser og bokmarknaden. Pamflettane var i praksis usensurerte og sterkt politisk agiterande samstundes som dei blanda fakta og fiksjon, informasjon og underhaldning på eit vis som var notorisk uetterretteleg. Dei var vanlegvis utgjevne anonymt eller under pseudonym, men inneheldt ofte skandaløse «avsløringar» om offentleg kjende personar.

Idealet om ein tydeleg fiktiv og apolitisk skjønnlitteratur slik det til dømes vart halde fram av Joseph Addison og Richard Steele – forfattarane bak avisforløparen The Spectator – var difor meint å skape tillit; litteraturen skulle hande om evige sanningar, ikkje konkret politikk. Den realistiske romanen vart raskt den dominerande litterære forma. Målet var å avgrense dei negative verknadane av dei farlege lidenskapane og vende merksemda mot personleg moral knytt til religion, familie og generelle, eksistensielle problemstillingar i staden for aktuelle stridsspørsmål.

Andersen Nexø viser at desse litterære normene ikkje var politisk nøytrale. Men målsetjinga var prega av ein situasjon der problemet var valdsame kjensler knytt til aktuelle, politiske konfliktar og ein stadig trugsel om at samfunnet skulle bryte saman i valdeleg kaos. Den ønskte effekten av ein avpolitisert litteratur var difor avleiing som skulle gjere det mogeleg å samle folket under éin herskar – nærmare bestemt den tronarvingen det konservative whig-partiet støtta – slik at han skulle få høve til å skape politisk ro og stabilitet i samfunnet.

4.

Norma om ein apolitisk litteratur var altså opprinneleg sterkt kopla til oppdragartanken, som igjen var knytt til det kristne verdsbiletet kor den politiske og moralske autoriteten hadde Gud som garantist – eit sterkt affektivt verkemiddel: Du skal frykte og elske Gud, som kan døme deg til evig glede eller evig pine.

Martha Nussbaum viser i lesinga si av Emily Brontës seinromantiske roman Wuthering Heights (1847) korleis romantikkens oppvurdering av kjenslelivet hadde eit politisk potensial som viste seg som kristendomskritikk: Ved å setje Heathcliffs «demoniske», erotiske og kompromisslause kjærleik opp mot den himmelvende moralen med sine grunnleggjande hierarkiske haldningar og ofte grusomme handlingar, idealiserte Brontë motet til å kjempe for den individuelle livsopplevinga som først og fremst er representert i det sterke, subjektive kjenslelivet: motet til å elske det sårbare og forgjengelege.

Også Henning Hagerup hevdar at utviklinga i romantikken gjekk mot ei ny politisering og myndiggjering av individet, spesielt gjennom lyrikkens mangefasetterte eg-konstruksjonar. Konservative kritikarar oppfatta dette eg-fokuset som sjølvoppteke svermeri, men, som Hagerup skriv med referanse til filosofen Jacques Rancière, ein kan òg lese fokuset på individuelle kjensler politisk: «Med romantikken radikaliseres jegets forhold til samfunnet, slik at lyrikken som initieres, ikke først og fremst bør forstås som en jeg-erfaring eller oppdagelse av naturen eller følsomheten, men som en ny politisk opplevelse av det sansede eller en sanseopplevelse av det politiske.»[12]

Men vi veit at samstundes som fokuset på individuelle kjensler i romantikken hadde ei politisk side, vart tanken om at litteratur skulle verke oppdragande, problematisert av den litteraturen frå midten av 1800-talet og framover som seinare vart kalla modernistisk. Dette heng saman med den same sekulariseringsprosessen som religionskritikken i romantikken var ein del av. For modernistane skulle litteraturen sprengje kategoriane, kaste om på verdiane, opne ein mental fristad – noko ein også må sjå i samanheng med industrialiseringa, den eksplosive veksten i folketal, urbaniseringa, sekulariseringa og framandgjeringa som tok til med den industrielle revolusjonen. Det nye med denne motstanden mot det politiske var altså at det vart vanleg å sjå ei motsetning mellom litterær verdi og oppdragande siktemål.

Slik motstanden mot politisk litteratur har blitt formulert i vår samtid, mellom anna av Jon Fosse,[13] er det nettopp mistru til oppdragande siktemål som er kjernen. Men fins det verdinøytrale og dermed politisk nøytrale normer for litteratur?


  1. Hagerup påstår at dei ortodokst kristne, konservative nykritikarane som avviste romantisk lyrikk (gjennom nærsynte nærlesingar der alt vart tolka som biografisk basert sentrallyrikk utan samfunnsrelevans), medvite framstilte ideologisk baserte verdidommar som forankra i estetiske prinsipp. Det gjorde dei med slik suksess at romantikken vart diskreditert heilt fram til vårt tid.

Dette er ein påstand som har svært mykje sams med Ebba Witt-Brattströms påpeiking av korleis kretsen rundt det svenske tidsskriftet Kris ved hjelp av estetiske argument diskrediterte den svenske kvinnelitteraturen frå 70-talet så grundig at det har prega synet på politisk litteratur heilt fram til no.

Kvinnelitteraturen på 70-talet gjorde flittig bruk av det sjølvbiografiske under slagordet «det private er politisk», som var retta mot det utbreidde synet at det private (kvinne)livet ikkje høyrde heime i den litterære offentlegheita. Witt-Brattström skildrar i boka Stå i bredd. 70-talets kvinnor, män och litteratur (2015) korleis den marxistisk og feministisk inspirerte 70-talslitteraturen i Sverige vidareførte politiseringa av litteraturen som starta i romantikken og heldt fram gjennom den tidlege kvinnelitteraturen og arbeidarlitteraturen på 30-talet. Denne sterke, men også utfordrande litterære rørsla revitaliserte både formspråket og det litterære engasjementet i samtida – men fekk eit kraftig tilbakeslag då motreaksjonen kom frå dei unge mennene i redaksjonen til tidsskriftet Kris, kor Stig Larsson, Horace Engdahl og Anders Olsson stod sentralt.

Den poststrukturalistiske estetiske vendinga, som var utgangspunktet for nedvurderinga av kvinnelitteraturen, gjorde det nærmast til dogme at litterær kvalitet er knytt til det å vere apolitisk, fleirtydig og undergravande. Samstundes påstår Witt-Brattström at Kris-kretsens avvising av den politiske litteraturen var eit emosjonelt motivert «modermord» etter at det feministiske og marxistiske perspektivet hadde vore svært dominerande i svensk litteratur det føregåande tiåret. Uansett kva motivasjonen og intensjonen var, fungerte angrepet på den politiske litteraturen i praksis strategisk; den angripande part danna snart det nye hegemoniet. Det er heller ikkje apolitisk å hevde at all litteratur med ein bestemt politisk tendens per definisjon er estetisk dårleg. Og litteratur som gjer opprør mot det politisk korrekte, er ikkje automatisk politisk «nøytral». Det er difor nærliggjande å sjå den poststrukturalistiske, estetiske vendinga og nedvurderinga av kvinnelitteraturen i samanheng med den stadig sterkare økonomiske liberalismen og tilbakeslaget for feminismen som fann stad på same tid.

Til liks med Andersen Nexø, Hagerup og Witt-Brattström slår også Nussbaum fast at dei som hevdar å vere apolitiske, ikkje treng å vere det i praksis; nærmare bestemt hevdar ho at «nykritikernes avgjørelse om ikke å beskjeftige seg med litteraturens samfunnsmessige og historiske dimensjoner, i seg selv var en politisk handling, en handling av kvietistisk art».[14] Ein grunn til dette er at dei litterære verka vi veljer ut, vil fungere som svar på, og vidareutvikling av, oppfatninga av kven vi er og kven vi kunne vere. Og litteraturen kan jo aldri vise fram alt, berre utvalde delar av røynda. Det vi les om, tar merksemda vår og formar både intellekt og kjensler. Det kan endre kva vi ser når vi ser på verda – og kva som blir liggjande i skuggen. Det har difor vore eit mål for mange forfattarar som Nussbaum drar fram, å synleggjere menneske som tidlegare ikkje har blitt rekna som viktige.

Ei følgje av denne måten å sjå litteratur på er at litterær kanon får preg av ein sosial institusjon, ikkje «en selvinnlysende sublim størrelse hevet over menneskelige interesser».[15] Nussbaum set altså spørsmål ved førestillinga om at vurderingar av estetisk kvalitet skjer uavhengig av det emosjonelle, det sosiale og det politiske. I lys av det eg har gått gjennom her, vil eg seie at spesielt synet på kva som er privat, og kva som har samfunnsrelevans, har vore eit viktig, men langt frå verdinøytralt moment bak normer om kva som gjer litteratur estetisk høgverdig. Det blir spesielt tydeleg i vurderinga av sjølvbiografisk litteratur.


  1. Sidan politisk og oppdragande litteratur har blitt rekna som estetisk mindreverdig frå 1980-talet og framover, vil verknadshistoria til litteraturen i endå større grad kvile på meir indirekte samanhengar mellom det affektive og det politiske. Som vi har sett, har blandinga av fakta og fiksjon tidlegare i historia vist seg spesielt engasjerande, til og med i farleg grad i politisk turbulente tider. I nyare tid har dette kome sterkast fram gjennom autofiksjonen, kor påstandar om biografisk sanning har fungert som affektiv forsterking. Det ser ein både på lesarresponsen og debatten rundt bøker som Karl Ove Knausgårds Min kamp 1–6 (2009–2011), Yahya Hassans sjølvtitulerte diktsamling (2013) og Edouard Louis’ Farvel til Eddy Bellegueule (2014). I haustens debatt rundt Vigdis Hjorths Arv og miljø har vi merka same effekt når påstaden om biografisk sanning ikkje kjem frå forfattaren, men faktisk frå kritikken.[16]

Når vi no ser at nemninga «politisk» om litteratur parallelt med autofiksjonstrenden har gått frå å vere eit skjellsord til ofte å bli oppfatta positivt, meiner eg at ein i tilbakeblikk kan sjå den sjølvbiografiske vendinga som eit tidleg teikn på repolitisering av litteraturen. Å sjå «virkelighetshungeren», det sjølvbiografiske, det affektive og det politiske som del av éi rørsle kan forklare kvifor autofiksjonen traff tidsånda så hardt i ein periode med aukande politisk uro. Også denne moderne varianten av fokus på eg-konstruksjonar og individuelle livsopplevingar kan ein med Hagerup seie fungerer som «en ny politisk opplevelse av det sansede eller en sanseopplevelse av det politiske».

Den politiske dimensjonen blir synleg når autofiksjonen i ei litterær skildring blir oppfatta som partsinnlegg i ei konflikt: Andersen Nexø har påpeikt at det er når forfattaren skildrar relasjonen til sine samtidige, at det tar fyr i teksten og debatten.[17] Men det er ikkje berre usemje om framstilling av fakta som er politisk potent i ei sjølvbiografisk skildring; også andre affektive dimensjonar spelar inn.

I Ugly feelings brukar Sianne Ngai «små», negative eller ambivalente kjensler som irritasjon, misunning, nervøsitet/angst og paranoia for å sjå estetikk og politikk i samanheng. Ho hevdar at denne typen kjensler er politisk ladde fordi dei oppstår når ein er hindra frå å handle i ein sosial kontekst, og at dei blir brukt i litteratur og film for å utforske kunstens frustrasjon i ein positivitetsfiksert marknadskultur der kunst blir tolerert mest fordi den ikkje trugar den rådande kapitalistiske ideologien.

Ein grunnleggjande premiss er henta frå Theodor Adornos Ästhetische Theorie (1970): At litteraturen er makteslaus, gjer han i stand til å teoretisere sosial maktesløyse. Samstundes gjer dette at litteraturen kan tillate seg å utforske også stygge og upassande kjensler. Slik kan bruken av negative kjensler formidle mellom det estetiske og det politiske på ein måte som er kritisk produktiv.

Ngais litterære analyser tydeleggjer at korleis vi oppfattar og vurderer ulike kjensler, er sosialt styrt. Til dømes blir misunning oppfatta som ein negativ eigenskap hos individet – og då spesielt hos kvinner – i staden for ein rimeleg reaksjon på reell ulikskap. Det tener ein kapitalistisk, patriarkalsk ideologi der sosiale forskjellar blir forklarte med individuell innsats snarare enn strukturelle føringar: «Moralized and uglified to such an extent that it becomes shameful to the subject that experiences it, envy also becomes stripped of its potential critical agency – as an ability to recognize, and antagonistically respond to, potentially real and institutionalized forms of inequality.»[18] I det heile tatt understrekar Ngai at sidan så mykje ideologisk kommunikasjon er basert på kjensler, er det i «cultural politics» studiet av kjensler betyr mest. Det er nemleg affektiv investering som gjer at ideologi blir internalisert og verkeleggjort.[19]

I eit slikt perspektiv kan ein sjå eit samfunnskritisk potensial i litteratur prega av negative og ambivalente kjensler, og det blir interessant å sjå kva reaksjonar slike skildringar skaper. Eg skal prøve ut eit slikt perspektiv ved å sjå nærmare på resepsjonen av den mørke og handlingslamma emosjonaliteten i Merethe Lindstrøms sjølvbiografiske roman Fra vinterarkivene.


  1. Kjensler både oppstår i og konstituerer den flytande grensa mellom biologi og ånd, individ og fellesskap, sant og usant. Kanskje er det difor vurderinga av uttrykk for kjensler i litteraturen er så nådelaus: Ein tekst som ikkje appellerer til kjenslene, er keisam. Ein tekst som appellerer til kjenslene på den rette måten, og då særleg til vår humoristiske sans, kan oppnå enorm popularitet. Ein tekst som spelar for mykje på kjensler, er i beste fall sentimental, i verste fall latterleg. Aller dårlegast rykte har dei tekstane som brukar kjensler i eit forsøk på pedagogisk eller politisk manipulasjon. Men kanskje representerer litteratur som skaper vanskelege eller ambivalente kjensler, den største utfordringa for kritikken? I alle fall er det interessant å sjå spekteret av reaksjonar og vurderingar som Lindstrøms Fra vinterarkivene utløyste.

Lindstrøms bok består av korte tekstar som vart skrive gjennom ein vinter då ektemann Mats, som har bipolar liding, var så deprimert at han vurderte sjølvmord, noko som sjølvsagt var svært vanskeleg for forfattaren. I tillegg til å skildre episodar mellom ektefellene og kva ho sjølv tenkjer og føler, fortel Lindstrøm om sin eigen og ektemannens barndom samt eigne foreldre og svigerforeldre. Det er familiar prega av kunstnarlege evner, men òg angst, depresjon, rusmisbruk og delvis omsorgssvikt. Framstillinga er ikkje kronologisk; innanfor ramma av den vinteren tekstane blir skrivne, er teksten vevd saman av minner sett saman på eit vis som gjer det mogeleg å sjå emosjonelle samanhengar mellom barndomen og vaksenlivet.

Ein tematisk tråd med spesiell politisk relevans akkurat no er dei uvanleg tydelege skildringane av korleis fattigdom påverkar dei som opplever det emosjonelt:

[…] det [var] bare vi fra Møhlenpris, det området preget av slitasje, mindre penger den gangen, som var samlet i ekstraklassen. Kanskje det var tilfeldig, men det kjennes aldri tilfeldig, det er det trekket ved fattigdommen, ingenting kjennes tilfeldig, det og ydmykheten. Og når det ikke er ydmykheten, når det er ferdig med å være ydmykhet, er det krenkelsen, sinnet. Det er synlig, det forsvinner ikke.[20]

Økonomisk ulikskap er som kjent kjelde til mange sosiale problem, og skam kan vere ei forklaring på den samanhengen. Lindstrøm konkretiserer dette, ikkje minst vitnar historia om kor tungt det er å leve med eit negativt sjølvbilete og skam som er skapt i barndommen.

Ikkje alle klarer å leve vidare med ei slik psykisk smerte. Nokre tar livet sitt, andre rettar kjenslene utover: Martha Nussbaum skriv at spesielt den som lærer at det å vere sårbar og avhengig av andre er skamfullt og risikabelt, umedvite kan projisere alt som er avskyeleg og skamfullt, over på utgrupper som ein så rettar frykta og sinnet mot. I tillegg kan den som føler seg svikta og har mist tilliten til samfunnet, også oppleve at aggresjon og kamp er den einaste måten ein kan oppnå ei form for rettferd på. Evna og viljen til solidaritet og medkjensle forsvinn.

Den politiske relevansen i Lindstrøms roman ligg difor ikkje berre i at ho skildrar samanhengen mellom fattigdom og skam, men også i at ho gjer det reelt for lesaren korleis fattigdom kan og har påverka, ikkje berre utgrupper på botnen av det sosiale hierarkiet, men òg menneske ein ser opp til; ein prisløna forfattar. Dermed kan teksten verke slik Nussbaum fortel at den greske tragedien var meint: Når tilskodaren ser at ulukka kan ramme også den etisk og sosialt høgverdige, skaper det forståing for at det same kunne ha ramma ein sjølv, og dermed større kapasitet for medkjensle.

Men det er ingen automatikk i at litterære skildringar skaper empati og innleving, slik effekt er avhengig av ein viss grad av identifikasjon.[21] Dermed kan det bli avgjerande om teksten har affektiv appell eller ikkje. Og der har Lindstrøm ikkje gjort det enkelt for seg sjølv. At ho insisterer på å skildre vonde kjensler utan eit plot som går mot ei «løysing», kan vere frustrerande. Ho innbyr ikkje til refleksjonar rundt moralske dilemma som lar seg konkludere eller kan gi utgangspunkt for handling. I staden tilbyr ho emosjonell innsikt; ikkje berre i kjensler, men i korleis sterke kjensler skaper eit kaos ord ikkje utan vidare kan rydde opp i, noko det litterære uttrykket speglar. Kjensler som håpløyse, mismot og sorg kan spreie seg frå Mats og Merethe til lesaren.

Samstundes er romanen ikkje berre sjølvbiografisk, men grunnleggjande prega av identifikasjon og solidaritet mellom forfattaren og familiemedlemmene ho skriv om; det er nærmast ein kollektiv sjølvbiografisk roman. Spesielt er dei emosjonelle banda mellom forfattaren og ektemannen så sterke at ho ikkje eigentleg har eit val; etter mange års samliv er identiteten hennar så tett voven saman med hans at ho knapt veit kor grensene går: «Angsten når vi legger oss sammen og du sovner mens jeg fremdeles er våken, jeg kan ikke bare være meg, jeg tror ikke lenger jeg bare er en person, jeg er halvferdige historier, fragmenter og brokker uten narrativ, uten hekter. Jeg er historiene mine, men dine også.»[22]

Denne samlinga av historiefragment skaper dermed ein sjølvbiografisk forankra fellesskap, eit «vi» som gjennom skrifta også er ope for andre med – eller utan – tilsvarande erfaringar. Ved å setje sin eigen høge sosiale status på spel gjer forfattaren det også enklare for lesaren å leve seg inn i erfaringar ein ikkje deler, slike som i utgangspunktet er sosialt stigmatiserande: fattigdom, hjelpeløyse, psykisk sjukdom.


  1. Sjølv om fleirtalet av kritikarane stilte seg positive (men ofte litt nølande) til Lindstrøms første forsøk på autofiksjon,[23] var andre svært negative,[24] og fleire hadde innvendingar mot uklare setningar og den ikkje-kronologiske, fragmentariske forma.[25] Skal ein døme etter overskrifta, var Silje Stavrum Norevik den som hadde den sterkast negative responsen på både form og innhald: «Kaotisk skildring av livets grums og gørr.»[26] I ingressen ber ho forlaget gi lesarane pengane tilbake på grunn av villeiande marknadsføring; det sjølvbiografiske er ikkje nok til at teksten framstår som personleg og nær også for lesaren, meiner ho.

Den mest oppsiktsvekkjande innvendinga mot Lindstrøms roman kom likevel frå Bernhard Ellefsen. Han opplever det som problematisk at romanen «ser […] ut til å stå nesten helt stille i et mørke, der ethvert glimt av håp og trøst feies vekk før de overhodet rekker å få feste i teksten». Argumentasjonen gir inntrykk av at Stavrum Norevik og Ellefsen gjer det Ngai kallar å projisere sin eigen emosjonelle respons over på teksten,[27] altså at deira negative kjensler blir oppfatta som teikn på manglande litterær kvalitet.

Spesielt interessant i denne samanhengen er det at Ellefsen seier eksplisitt at det sjølvbiografiske er ein del av problemet fordi teksten skildrar vanskelege kjensler: «[Det] kan bli lite luft igjen til den som leser og tenker med i fortellingen.»[28] Han viser til Susanne Christensens mykje omtala påstand om at ei negativ melding av ein sjølvbiografisk roman om vanskelege erfaringar nærmast gjer kritikaren til overgripar.[29] Autofiksjonen gjer altså kritikargjerninga problematisk fordi det er sosialt vanskeleg at empatien og smaken kjem på kollisjonskurs. Dette er eit døme på at koplingar til verkelege hendingar og levande menneske fungerer som affektiv forsterking; kjensla av at meir står på spel. At kritikaren legg sitt eige yrkesdilemma fram som eit slags argument er likevel retorisk defensivt; kva er det eigentleg meininga at lesarar skal gjere med den informasjonen? Tenkje at sjølvbiografisk litteratur får meir positive vurderingar enn fortent? Og kva med forfattaraen: Bør dei slutte å skrive sjølvbiografisk, eller berre utelate dei verste opplevingane?

Bokmeldinga av Christensen som Ellefsen siterer, inneheld også ein påstand om at Beate Grimsruds sjølvbiografiske roman En dåre fri (2010) ikkje lever opp til sitt rykte som «politisk» fordi han ikkje inneheld skildringar av samfunn og institusjonsliv. Dermed avviser Christensen – og seinare Stavrum Norevik og Ellefsen – at sjølvbiografiske skildringar av emosjonelle traume har politisk relevans når dei ikkje inneheld eksplisitt formulert kritikk. Det kan ein sjå som ei underkjenning av det kritiske potensialet i uttrykk for negative kjensler, noko som ifølgje Sianne Ngai historisk oftare har ramma kvinner enn menn.[30] Men sjølv om det er grunn til å tru at tekstar av og om kvinner blir vurdert som mindre politisk relevante enn tilsvarande tekstar skrivne av og om menn, vil eg her heller fokusere på det provoserande i å dvele ved negative emosjonelle erfaringar.

  1. Autofiksjonen gjer at det framleis er høgst relevant å snakke om at «det private er politisk»: Å skildre private, vonde opplevingar er ikkje berre å seie noko om individet, enten det byggjer opp myten om forfattaren som eit spesielt kjenslevart og kreativt individ eller fungerer som ei skrekkhistorie om individuelle veikskapar og dårlege livsval. Det kan også vere å insistere på at privat smerte har oppstått i ein sosial kontekst og bør inngå i debatten om korleis den politiske organiseringa av samfunnet vårt fungerer. Eit døme er Linnéa Myhres blogg «Alt du vet er feil» og seinare romanar[31], som sjølvsagt til ein viss grad romantiserer henne som ei vakker og lidande unge kvinne, men samstundes seier mykje om det psykiske presset opplevde krav om å vere vakker, flink og «spesiell» skaper for unge jenter. Men samspelet med kommersielle krefter er komplekst, og Myhre har også tilpassa seg rådande ideologi som seier at vi skal «selje oss sjølv som merkevare» og ta ansvar for eiga lukke ved å jobbe oss opp og fram.

Positivitets-paradigmet som pregar marknads- og karrierekulturen ser vi i slagord som «Fake it ’till you make it!» og «In order to be successful, you must project an image of success at all times!» Dermed bør også skildring av personlege vanskar resultere i eit produkt med affektiv og estetisk appell; angsten og depresjonen bør vere følgt av oppdrift, kreativitet, eit vakkert ytre eller ein vittig replikk. Helst skal historia ha ein heroisk dimensjon og ei løysing. I somme tilfelle vil sjølve bokutgjevinga markere ein siger over problema. Det må ein kunne seie både om Myhres overgang frå bloggmediet til romanen, og om Liv Køltzows roman Melding til alle reisende (2015), kor hovudpersonen i likskap med Køltzow sjølv er ein forfattar som lid av Parkinsons, noko som gjer skriveprosessen svært vanskeleg.

Å skildre tvil, håpløyse, tilstander som ikkje blir betre, problem utan løysing eller motstridande kjensler, kan ein i ein slik kontekst sjå som passiv motstand mot den kommersielle forbruks- og prestasjonskulturen og ideologikritikk. Ngai framhevar spesielt at dei «små og stygge» kjenslene i litteraturen ikkje tilbyr katarsis gjennom ein fiksjon om handlekraft slik store kjensler som kjærleik og raseri gjer. Dei kan derimot vere politisk fleirtydige: Eit ambivalent og fleirtydig uttrykk kan vere både uttrykk for depresjon og politisk motivert, passiv motstand. Ein tekst dominert av ikkje-katarsiske kjensler vil ofte verke uforløyst eller passiv-aggressiv og utfordrar med det lesaren på eit emosjonelt plan – nettopp fordi ein slik emosjonalitet går på tvers av dei normative føringane i den kommersielle ideologien.

I det litterære klimaet kor sjølvbiografisk skrift no nærmast er normalen, viser resepsjonen av Fra vinterarkivene at det lille som framleis kan provosere i bruken av private erfaringar, først og fremst er knytt til negative kjensler som ikkje blir gitt eit katarsisk utløp. Dette vart aller tydelegast i vurderinga av den fragmentariske forma, kor negativiteten viste seg i brot med den ordenen språket og litteraturen vanlegvis hjelper oss å oppretthalde.


  1. Martha Nussbaum legg stor vekt på at den skjønnlitterære forma har potensial til å vise sentrale, emosjonelle sider ved den menneskelege livsopplevinga og dermed kan utløyse eksistensiell refleksjon på ein måte som teoretiske tekstar ikkje kan. Ho hevdar også at litteratur som utfordrar og vekkjer vanskelege kjensler, gir lesaren det største potensialet for refleksjon, innsikt og utvikling. Resepsjonen av Fra vinterarkivene oversåg fullstendig at den litterære forma Lindstrøm har brukt, formidlar tematikken på ein måte som har ein både affektiv, eksistensiell og politisk dimensjon.

I forsøket på å forklare sin eigen negative, eller manglande positive, respons på Lindstrøms roman ryggar Ellefsen nærmast inn i det faktum at det han ser som ein mangel ved teksten, nemleg bruken av «ulne» ord og kretsinga om eit sentrum av noko språklaust, gir form til det i både fysisk, psykisk og overført tyding negative ved den typen kjensler Lindstrøm skriv om. Depresjon og sorg er tilstander som seinkar den kognitive aktiviteten, tankane har ein tendens til å gå i ring, og i ekstreme tilfelle kan traume også fortrengje minne eller hindre at dei vert danna.[32] Opplevinga av psykisk smerte er kjenneteikna av fråvær av energi, glede og overtyding – og eit dekkjande språk. Ellefsens påstand om at teksten «ikke er nysgjerrig eller åpen nok» ter seg i ein slik samanheng søkt, gitt at ein person som slit med kjensler knytt til at ektemannen er suicidal, neppe har overskot til å vere nysgjerrig og open.

Sjå til dømes dette sitatet frå kapittelet som skildrar situasjonen der ektemannen for første gong snakkar om sjølvmord:

Det kan også ha vært sol, var det sol, var det en sånn dag, med sol og klarhet, eller en av høstdagene som glipper og brått er det natt. Jeg husker ikke, jeg blander sammen. Vår, kanskje, eller fortsatt vinter. Bare at det var en setning med et åpent felt i. Som et spørsmål, nei, ikke som et spørsmål, men noe som forlangte en tilhører, noe uavklart.

Gjentakingane får teksten til å verke surrete og uklar, samstundes som forteljaren seier heilt eksplisitt både at ho sjølv «blander sammen», og at språket til ektemannen signaliserer ein mangeltilstand: «det var en setning med et åpent felt i», «noe uavklart». Dei ubestemte pronomena «noe» og «noen» går igjen i heile boka som små hol i forteljinga.

Dermed kan ein også argumentere for at Lindstrøms tekst nettopp er open: I deler av fransk filosofisk og litteraturvitskapeleg tradisjon kor Emmanuel Lévinas og Maurice Blanchot står sentralt, blir ei fragmentarisk form lese som «avverking»; synleggjering av det litterære verket som konstruksjon av fiktiv, heilskapleg meining. Det fragmentariske, det paradoksale samt tomme referansar som «det er» – eller i Lindstrøms tilfelle: «noe» og «noen» – blir her sett som opningar mot den trugande sanninga all meiningsskapande aktivitet i filosofi og litteratur søkjer å verje seg mot; den eksistensielle kjensla av sorg og meiningsløyse i møte med døden.[33] Dette er ein tradisjon som står sterkare i dei litterære miljøa i resten av Norden, og som det ikkje er urimeleg å tru at Lindstrøm kjenner til.[34]

At ei litterær form speglar vanskelege kjensler på ein måte som kan utfordre oppfatninga vår av kva som er godt og dårleg, burde det ikkje vere naudsynt å påpeike. Men den fragmentariske forma som så mange av kritikarane hadde innvendingar mot, kan ein altså sjå som eit nærmast organisk forankra uttrykk for depresjonen som er så tematisk sentral i Fra vinterarkivene. Å drive litteraturkritikk ved å telje kor mange «gode setningar» ei bok inneheld, er etter mitt syn alltid feilslått, men spesielt i møte med ein så formmedviten forfattar som Lindstrøm er det gode grunnar til å gå ei ekstra runde for å sjå nærmare på korleis den litterære forma spelar saman med motiv og tematikk.


  1. Lindstrøm er kanskje den forfattaren i Noreg som i størst grad har vigd forfattarskapen sin til å skildre sosial maktesløyse. I denne artikkelen har eg argumentert for at denne dimensjonen blir endå meir konkret og politisk potent i kombinasjon med autofiksjonen. Når bruken av det sjølvbiografiske blir framheva som eit problem for estetikken, føyer det seg inn i ein lang tradisjon der estetiske omsyn har blitt brukt til å hevde at visse typar private opplevingar og kjensler ikkje egnar seg eller er relevante for den offentlege samtalen. Det gjer det påtrengjande naudsynt å reflektere over korleis smak er påverka av kjensler og formidlar sosialt forankra verdiar; kva vi vil at litterær, estetisk verdi skal vere. Det vil vere eit tap for fleire enn forfattaren om litteratur som formidlar «stygge» kjensler, blir avfeia på estetisk grunnlag før vi har utforska kva både form og innhald seier om den emosjonelle og politiske røynda vi lever i – akkurat no.

Lindstrøm utfordrar lesaren ved å skildre tunge kjensler, likevel har Fra vinterarkivene også løftande rørsler i seg. Ikkje minst den nemnde solidariteten og at heile boka kan lesast som ei kjærleikserklæring til ektemannen. Den omtala «negativiteten» har også eit konstruktivt, kritisk potensial: Ein skal ikkje undervurdere opprøret og kampviljen som ligg i å insistere på å vise fram fortvilinga, håpløysa og tvilen, utan ein overgripande fiksjon om ei større og forsonande meining, i ei form som heilt konkret viser det umogelege i å sjå meining, samanheng og heilskap når livet er prega av fråvær og tap. At nokon er motivert – og i stand – til å formidle dette i eit litterært språk, er viktig både for dei som treng å forstå, og dei som treng å bli forstått. Det må vere nokon som elskar nokon.

Litteratur

Ahmed, Sara. The Cultural Politics of Emotion, Routledge, New York, 2004.

Blanchot, Maurice. The Writing of the Disaster, University of Nebraska Press, Lincoln, 1995.

Critchley, Simon. Very Little … Almost Nothing. Death, Philosophy, Literature, Routledge, London og New York, 1997.

Damasio, Antonio. På leting etter Spinoza. Glede, sorg og den følende hjernen, Pax, Oslo, 2004 [2003].

Granlund, Merete Røsvik. «Under ordene. En presentasjon av Merethe Lindstrøms forfatterskap», i Forfatterhefte Merethe Lindstrøm, Biblioteksentralen, Oslo, 2013.

Hagerup, Henning. Metafysisk skrapjern. Essays, Kolon forlag, Oslo, 2015.

Hogan, Patrick Colm. Affective Narratology. The Emotional Structure of Stories, University of  Nebraska Press, Lincoln og London, 2011.

Lindstrøm, Merethe. Fra vinterarkivene, Oktober, Oslo, 2015.

Myklebust, Ragnar Braastad (red.). Agora 2–3/2003, Aschehoug forlag, Oslo, 2003.

Nexø, Tue Andersen. Ikke de voldsomme. Politisk offentlighed og offentlig skønlitteratur, England 1640-1750, Museum Tusculanums forlag, Københavns Universitet, 2014.

Ngai, Sianne. Ugly Feelings, Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts og London, 2005.

Nussbaum, Martha C. Litteraturens etikk. Følelser og forestillingsevne, Pax forlag, Oslo, 2016.

Oterholm, Anne. Liljekonvallpiken, Oktober, Oslo, 2015.

Piketty, Thomas. Kapitalen i det 21. århundre. Cappelen Damm, Oslo, 2014 [2013].

Skjeldal, Eskil. Mysteriet i trua. Jon Fosse i samtale med Eskil Skjeldal, Samlaget, Oslo, 2015.

Virilio, Paul. The Administration of Fear, Semiotext(e) Intervention Series, Los Angeles, 2012.

Wilkinson, Richard og Pickett, Kate. Ulikhetens pris. Hvorfor likere fordeling er bedre for alle, Res Publica, Oslo, 2011 [2009].

Witt-Brattström, Ebba. Stå i bredd. 70-talets kvinnor, män och litteratur, Norstedts, Stockholm, 2014.

[1] Ngai 2005, s. 3

[2] Ahmed 2004.

[3] Piketty 2014

[4] Wilkinson og Pickett 2011.

[5] Virilio 2012.

[6] Baruch de Spinoza, Etikken del III, definisjon 3, her sitert frå Myklebust 2003, s. 4.

[7] Damasio 2004, t.d. s. 66 og 234.

[8] Colm Hogan 2011.

[9] Ngai op.cit., s. 2.

[10] Til dømes: Anne Bøe, Nils Chr. Moe-Repstad, Kaisa Aglen, Agnar Lirhus, Lars Ove Seljestad, Jan Kristoffer Dale, Anne Helene Guddal, Aasne Linnestå, Kjersti Wøien Håland, Øyvind Rimbereid.

[11] All framstilling av Nussbaums synspunkt er frå utvalet av omsette tekstar i Nussbaum 2016.

[12] Hagerup 2015, s. 118, frå essayet «Mellom Tu Fu og Wordsworth».

[13] Skjeldal 2015, s. 120: «Kunst som meiner, religiøst, politisk, same kva, er ikkje lenger kunst.»

[14] Nussbaum op.cit., s. 51.

[15] Ibid.

[16] Ingunn Økland, «Hjorths litterære metode», i Aftenposten 29.09.2016.

[17] I samtale med Ebba Witt-Brattström og underteikna på Kritikerseminaret på Lillehammer 28.05.2015.

[18] Ngai op.cit., s. 129.

[19] Ibid., s. 46–47.

[20] Lindstrøm op.cit., s. 61. Sjå også framhaldet s. 62–63 og fleire av novellene i Arkitekt (2013).

[21] Nussbaum op.cit. og Colm Hogan op.cit.

[22] Lindstrøm op.cit., s. 184.

[23] Anne Cathrine Straume i NRK, Astrid Fosvold i Vårt Land, Ole Jacob Hoel i Adresseavisen, Susanne Hedemann Hiorth i Dagens Næringsliv, Rune Hallheim i Aftenposten og underteikna i Dag og Tid.

[24] Silje S. Norevik i Bergens Tidende og Kathleen Hagen i Fædrelandsvennen.

[25] Til dømes Bjørn Ivar Fyksen i Klassekampen, Maya Troberg Djuve i Dagbladet og Bernhard Ellefsen i Morgenbladet.

[26] Silje S. Norevik, Bergens Tidende 18.09.2015.

[27] Ngai op. cit., s. 257.

[28] Bernhard Ellefsen, «Lyset er bare fravær av mørke», i Morgenbladet 18.09.2015.

[29] Susanne Christensen, «Splittet selvbiografi», i Klassekampen 06.11.2010.

[30] Ngai op.cit., s. 130.

[31] Evig søndag (2012), Kjære (2014) og Hver gang du forlater meg (2016).

[32] Damasio op.cit., s. 122–23.

[33] Critchley 1997 og Blanchot 1995.

[34] Sjå til dømes Alexander Carnera, «Sensibilitet for det usynlige», i Le Monde Diplomatique 4/2016: «Tvetydighed i litteraturen handler om i sproget at skabe ikke en ‘rå’ klarhed, men en klarhed forbundet med det ikke-helt-synlige, det vanskeligt tilgængelige, det obskure.»