Korleis kan ein eigentleg skrive noko som helst om Todd Rundgren? Eg har ironisk distanse til så mykje anna her i verda, at eg kan tillate meg å ha eit dødsseriøst og inderleg forhold til Todd Rundgren. Eg er ein ikkje-truande, med eit religiøst syn på Todd Rundgren. Takk vere han kan eg veldig lett setje meg inn i og forstå aggresjonen som oppstod etter Muhammedkarikaturane. Ein treng faktisk ikkje tulle med alt. Hadde nokon prøvd å teikn... nei, eg vil ikkje fullføre den tanken.

Todd Rundgren er ein person som skriv så fine songar at kristenfolket sjølv trur det er songar til Gud. «Love is the answer» har blitt covra av tallause kristenfolk, dei nektar å ta innover seg at det faktisk ikkje er ein song til Herren, og at Todd Rundgren ikkje er predikant i ei karismatisk kyrkje. Ein må nesten forstå dei, han forvirrar dei litt med vilje når han tar i bruk såpass mykje kristen terminologi («Communion With The Sun», «When I Pray»), kristen etikk («Compassion», «Bag Lady», «Hurting for You») og kristen oppførsel (like kunstnarisk kompromisslaus som den gammaltestamentlege Gud, og dessutan ein slags profet: han oppdaga internett før alle andre).

Men det er lenge sidan eg slutta å misjonere for Todd Rundgren. Hedningane forstår det ikkje uansett. Dei kan til ei viss grad akseptere «We Gotta Get You A Woman», «Love In Action», «Couldn't I Just Tell You», men der går grensa. Eg har slått meg til ro med det, og tenkjer på Wesley Snipes' kjølige svar til Woody Harrelson i «White Men Can't Jump»: You white people can't hear Jimi. You listen.

Her er mine Topp 10 Todd Rundgren-salmar; songar som er så vakre at ein skulle tru dei var sunge av Jesus på krossen sjølv:

1. Compassion
2. Lucky Guy
3. Wailing Wall
4. Torch Song
5. Kindness
6. Cliché
7. Weakness
8. Mated
9. Love Is The Answer
10. Just One Victory